Den store varden på  på Asbjørnnosi og andre fjelltoppar, er sette opp av det offentlege som solide markeringar av trigonometriske punkt. Statens Kartverk har historiske opplysningar om mange av vardane.

Skogavarden - bygd i 1896

Den noverande varden på Asbjørnnosi blei sett opp på to dagar, 9. og 10. september 1896. Mannen som bygde han var sersjant D. Følsvik.

Følsvik kom til Marifjøra med dampskip frå Lærdal om kvelden 8. september. Han overnatta på Rønneid, tok til fjells klokka 5 morgonen etter, nådde toppen klokka 11 og dreiv på med vardesettinga til langt på kveld. Han gjekk ned til Fodnastølen og overnatta der, la så i veg grytidleg neste dag og var ferdig med arbeidet sitt klokka 3 om ettermiddagen.

Det stod ein eldre varde på Asbjørnnosi i 1896. Følsvik bygde den nye varden på nøyaktig same staden. Kor gammal gamlevarden var, er det uråd å seia noko sikkert om. Det einaste me veit med visse, er at det er referert til Asbjørnnosi som målepunkt i 1865.

Frå toppen av Asbjørnnosi

Fotografi skapt av   1904

Skogavarden - Noteringar og historie

"Fin tur, 7 timar frå Marifjøra. Strålende ver, kafferast på høgste top." Det skreiv ein fjelltravar i ei lita notisbok sommaren 1935. Han var på Asbjørnnosi, eit fjell på 1613 (1610) moh. mellom Jostedal og Veitastrondi. Seinare skreiv andre i same boka, og i nye bøker etter kvart som gamle vart utskrivne.

Turbøkene frå Skogavarden på Asbjørnnosi er eit eige arkiv, trygt oppbevart i Fylkesarkivet.

Skogafjellet - Asbjørnnosi - Skogavarden.

Vegen til Asbjørnnosi tek av frå Skarpamo eit par km opp frå Gaupne. Me kjem først til stølen Folabrekka, derifrå går stien vidare til fjellstølen Fodnastølen på nær 800 moh. Frå Fodnastølen er det råd å ta seg opp frå Kyrkja framme i Fjellstølsbotn. Høgaste punktet på Asbjørnnosi er 1613 moh. og her står Skogavarden. Skogafjellet er namnet på heile fjellpartiet rundt Asbjørnnosi.

Besøket i 1935 - første innførsla i eit vardearkiv

Det var tre ungdommar som tok seg opp "på høgste top" på Asbjørnnosi i 1935: Hans Bugge Næss, Lukris Joranger og Olav Joranger. Det må ha vore dei som hadde notisboka med seg. Innførsla deira 1. september 1935 er den første. Skogavarde-arkivet startar med denne vesle notisboka. Deretter følgjer tre andre. Noteringar på lause lappar, jamvel på nokre små trestykke, høyrer og med. Alt saman låg oppbevart i ein boks til 1994.

Då kom to arkivarar frå Fylkesarkivet opp "på høgste top".

Vardearkivet erstatta med avskrifter

Arkivarane fann boksen og blei opp i under over innhaldet. Vardehistorie og skriftlege spor etter folk til fjells i fleire mannsaldrar! Men, dei såg òg at innhaldet til dels var ille medfare, av vêr og vind, råme og rust og tærande mikroorganismer. "Samla dykk ikkje skattar -- der moll og rust øyder --.", står det i Skriften. Nokre av noteringane var alt uleselege og fleire ville gå tapt om det ikkje straks blei sett i verk eit bergingstiltak.

Men, så stod det notert ein klar beskjed i den første boka:

"Tak ikkje med dykk boka og blyant." - og ein annan stad: "Kast ikkje bort denne bok!". Ei litt vidare tolking av det siste pålegget, gjorde utslaget. Arkivarane "beslagla" heile arkivet, tok det med på Fylkesarkivet, melde frå til Luster kommune, la alt utover til tørking, ordna i kronologisk rekkefølgje, og skreiv av alle noteringane. Eit par veker seinare var dei på ny oppe på Asbjørnnosi. Dei hadde med seg kopi av noteringane og plasserte dei i boksen saman med den siste turboka.

Positiv respons

Det kom straks to positive tilbakemeldingar på det noko spesielle arkivbeslaget. Kultursjef Bjørnethun melde frå om at han støtta opp fullt ut og meinte dette var arkivvern av beste sort. Seinare på sommaren var det ei dame som noterte følgjande i boka på Asbjørnnosi:

"12.7 [1995] "Takk for den fine oversiktsboka. Den fortalte oss at pappa/bestefar hadde vært her 26.7.1936. Han er nå snart 88 år. Dette blir artig å fortelle når vi kommer hjem. Anders Rønneid Fehn 10 år, Judith Rønneid Fehn, Porsgrunn."

Døme på innførsle Det er mest namn og datoar i innførslene, men og eitkvart anna, - om vêr og vind og vidt utsyn, og ein og annan gongen nokre liner på rim, til dømes 13. august 1945:

"Frå Nystølen opp på fjellets topp speglande solskin Men litt kalde vind Vi sit uppå rondi og ser fram mot strondi

(..) Kl er 12. Ragna Fåberg. Johanna Fåberg fortida Budeior."

Asbjørnnosi – man må slite for å kunne nyte (07.12.2015)

Sist oppdatert 30.06.2020 kl. 11:34


Share on FacebookShare on Twitter