Tur til halvøya Molden frå Krossen

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Her har du utsikt til fjorden i fleire retningar.

Du startar på Krossen, ved vegen til Mollandsmarki akkurat i det vegen flatar ut etter stigninga opp frå vegkrysset der ein forlet riksveg 55.        Du følgjer god sti, merka med raude punkt. Etter om lag ein kilometer inn på skogsveg og følgjer denne i om lag 600 meter. Her kan du gå ut på utsiktspunktet Skjødnaklanten. Herfrå ser du Indre hafslo. Vidare tek du stien. No går det raskt oppover, og etter ein liten kneik ser du stølen Vindsete og om ei stund når du Svarthiller med flott utsikt. Du ser Ornes på den andre sida av fjorden og Mollands- og Råumsgardar på Mollandskarki. Frå Svarthiller svingar stien 90 grader og går i slyng forbi bratte hamrar der du passerer hidleren som har gitt navn til stølen. Herfrå kan du sjå ned på Skåro som var fjellstøl til Eikum Ytre.  Deretter flatar terrenget ut og det er rimeleg lett fram til toppvarden på Molden, 1116 meter over havet. Herfrå ser du vestover mot Hafslo, Sogn skisenter og bruka og fjellområda tilhøyrande Fet og Joranger sokn. Du ser Gaupne, Engjadalen og fjella under Jostedalsbreen. Mot aust ser du Neshøgdi, yheimsvik og innover Lustrabøgdene med Skjolden lengst inne. På sørsida av fjorden skimtar ein Kjøtnes, Sørheim, Feigum og Stokkanes.  For å få med deg den mest eksklusive utsikta må du gå sørover mot sendaren til Radio Luster så langt du føler deg trygg. Der vil du sjå Ytre Eikjo rett under deg og Krokagardar og fjell på Sørsida av Lustrafjorden. Du bør og ta turen bort til sikringsbua som vart bygd i 2015. Frå Molden kan ein sjå sju kyrkjer: Urnes Stavkyrkje, Hafslokyrkja, Fetkyrkja, Jørongakyrkja, Gamlekyrkja og Nyekyrkja i Gaupne og Nes kyrkje.Krossen er startpunktet for turen. Informasjon her

Svarthiller var sommarstøl/fjellstøl for Baten store (Gnr.126/3). Stølen ligg i nærleiken av Strupen, og det vart nytta same buforvegen. Denne buforvegen blir i dag også nytta av dei fleste som tek den flotte turen opp på fjellet Molden. På denne turen er stølen Svarthiller ein vanleg kvileplass med fint utsyn for alle turgåarane.

Det er berre eitt sel og ein fjøs på denne stølen. Det er eit kombinert stølshus, der sel og fjøs var bygde i eitt bygg, men sette saman som ein vinkel i 90 grader. Meir om Svarthiller her

Her ved Svarthiller er det utsyn både til Ornes m. Urnes Stavkyrke og Mollandsmarki. Du ser fjorden inn til Solvorn mot høgre, og ut til ferjeleiet Fodnes.

Frå venstre: Solvornfjorden, Mollandsmarki, Hafslo m Hafslovatnet, Sogn Skisenter, Falkagjerdet og Uglo / Bruheimsgardar.

1116 m.o.h.

F.v: Jørongabøgi, Gaupnefjorden m Gaupne og øverst til venstre fjellformasjonen Hest. Over Gaupne t. h. skimtar ein Engjadalen.

Utsyn frå Sikringsbua mot aust

1100 m rett ned skimtar ein Vedvik. På sørsida ser du bl.a. Kroken og Krokadalen m. stølane Vassløysa og Sippelhaug.

Panoramabilde her                      Molden i 360 grader her