EIKJASTRONDI

Etter vedtak i Bjørgvin bispedømeråd dagsett 08.06.1999 vart ytre Eikjo, Vedvik, indre Eikjo og Notedal overførte frå Solvorn sokn, til det nyoppretta Fet og Joranger sokn. 

Her kan du sjå deg om på Ytre Eikjo   Og her

   

Eikum ytre gnr.178 er ein sjøgard og ligg lengst sør på Eikjastrondi. Bruket er mellom dei veglause gardane i tidlegare Hafslo prestegjel, men ligg lunt til i eit lende med gode klimatilhøve og er mellom dei beste fruktgarane i heile Hafslo. Dei to bruki på ytre Eikjo hadde telefonlinje med samband opp til Molland. Fram til andre verdenskrigen heldt dei skule annakvar veke i ytre Eikjo og indre Eikjo. Straumen kom til Laberg, og truleg til hovedbruket i 1951/53

Vedvik gnr.179 er den andre garden me kjem til etter Eikjastrondi frå sør. Garden var veglaus til 1962 då vegsambandet inn til Marifjøra stod ferig. Vedviki fekk straum i 1954 saman med bruki på indre Eikjo og Notedalen. 

Eikum indre gnr.180 er den største av gardane på Eikjastrondi. Grunnen har leirholdig jord, og kombinert med det gode klimaet etter fjorden gav det godt grunnlag for dyrking av frukt og tobakk som næring.

Notedal gnr.181 er den fjerde og inste av gardane på Eikjastrondi om me kjem frå sør. Bruket er mellom dei mindre i grendi. Næringmessig har frukt og bær vore viktig også på dette bruket.

Frå gamalt av var ytre Eikjo, Vedviki, indre Eikjo og Notedalen grend.

Gardane på Eikjastrondi låg til Urnes anneks fram til 1881. Då vart Urnessokni  overført til Solvorn sokn. I 1999 vart gardane på Eikjastrondi overførte frå Solvorn sokn til Fet og Joranger sokn.

Skuleruta byrja å køyra i 1952. Det var ungane frå Eikjastrondi som først fekk skulerute. Vegen var ikkje heilt ferdig heilt ut til Eikum, så dei vart køyrde frå Hunshamar til å byrja med. Ikkje var det heile året heller, berre nokre veker midt på vinteren. Litt seinare vart vegen ferdig til Øy, då vart dei køyrd derfrå. Ein periode hadde dei skulerute berre om morgonen, dei måtte gå heimatt.

1961/62 vart vegen ferdig heilt ut til Eikum. Det var først då at ungane frå Eikjastrondi fekk skulerute både morgon og kveld heile året.

Du kan lesa meir om skulen i jubileumsboka "Livdtun Skule 75 år1914 - 1989