DVERGSDAL,"værrsdal´adn", Garden, gnr. 108

Tunet på garden ligg på ei flate opp frå Gaupnefjorden om lag 40 meter over havet. Garden var grend med heile Marifjøra, altså Marheim og dei underbruki som låg innafor Sviggaplassane, Marifjøra allmenning, Marifjøra sagvelte og Leirhola. Til grendi høyrde elles bruki på Hunshamar og dei bruki i Dvergsdalane som opphavleg høyrde under gardar i Gaupne og Nes i Luster. Til grendi høyrde likeins bruk som var gifteskyld.

Frå Garden er avstanden inn til Marifjøra to kilometer, og avstanden etter kyrkjevegen i Labakkane til soknekyrkja på Jørongo er på vel fire kilometer.

Kamp om kyrkjefolket: I gamle dagar betalte folk tiende (ei årleg avgift bøndene betalte til presten) til den kyrkja som dei høyrde til. Difor låg prestane i Hafslo og Luster på 1700- talet støtt i strid om kva kyrkje folk på garden Dvergsdalen skulle høyre til. I 1755 truga presten i Luster med å jage både bønder og husmenn frå gard og grunn dersom dei ikkje søkte kyrkja i Gaupne. Folket i Dvergsdalen bøygde seg for trugsmålet, og betalte både tiende og offer til Luster- presten. Men då vart Hafslo- presten arg og gjekk til sak  og den vann han. Sidan har Dvergsdalen sokna til kyrkja i Joranger!

   

   

Ein har funne ut at Prestegård, Sandvik og Flattun i Gaupne tok til å rydda seg husmannsplassar og teigar ute i Dvergsdalane i andre helfti av 1600- talet. Garden Nes i Nessokni i Luster gjorde det same. Såleis kom hovudbruket til å liggja i Luster medan dei nye heimane geografisk kom til å liggja på "hafslosida".  

SVÅI, har i gamal tid tilhøyrt bruket Nes gard gnr.72,  TEIGEN, Sandvik gnr.76 og  DALEN, Prestegård gnr.79.  To teigar like nord for Dalen er utskild frå Flattun gnr.81.  

Dei gamle husmannsplassane STØLEN og Øy vart utskilde frå Marheim gnr.102, i henholdsvis 1888 og 1893.