KRAMBU - LANDHANDEL - MATVAREKJEDER 1859-2026
Ein landhandel eller ei krambu var ein butikk på landsbygda der ein i tillegg til å selje daglegvarer, òg selde anna det var etterspurnad etter, som koppar og kar, verktøy og reiskapar.
Fleire golingar dreiv krambuhandel i kortare periodar på 1800 talet. Nokon av dei som Hallvard Svello nemner i boka "100 år i strid og vokster" er det vanskeleg å finna identiteten til i bygdebøkene for Gol, skrevet av Terje Østro. Men eg har funne 7 krambuer/landhandleri som starta opp sist på 1800 talet. Det var krambu ved Rolvshus, Breidokk, Donkemoen, Golreppen, Stajonsbrua og Heslabrua. Eit alvorleg problem for alle som dreiv handel på denne tida, var at mange av kundane ikkje greidde å gjera opp for seg. Etter 1900(L) kom det 20 nye daglegvareforretningar. 4 nye i Donkemoen, 4 på Rotneim, 3 på Øygardane, 2 ved Robru 1 på Tuppeskogen, 1 ved jernbanestasjonen og 5 i området mellom Heslabrua og Stasjonsbrua. Jamo Daglegvare frå 1976 i Hallingsenteret var den siste etablerte matbutikken før daglegvarekjedene overtok marknaden. Skotten lågpris som kom i 1988 var de første og Rema 1000 frå 2008 den siste. Pr 1.jan 2026 er det 5 matvarekjeder i Gol kommune som konkurerer om kundane.
Tabell basert på utarbeida materiale om daglegvarehandelen i Gol. Tabellen er sortert kronologisk etter oppstart.
Daglegvarehandelen i Gol 1859–2026
| Butikk/Namn | Periode | Driftsår | Stad |
Merknad |
|---|---|---|---|---|
|
HHHHHH Rolvshus |
hhh 1859–1929 |
hhh 71 |
mmmm Gol nedre sentrum |
hhhhh (B). Det var ingen landhandel i Gol før 1859. To år etter lovendringa som opna for krambuhandel på bygdene starta Peder Bruun landhandel(B) (1810-1865) på Rolvshus. I 1880 kjøpte Hans E. Berg(B) forretinga(B) til Bruun og dreiv til 1912, då samvirkelaget overtok. I desse leigde lokala var samvirkelaget til nybygget stod ferdig i mars 1929. |
|
Håvelmoen |
1860–186? |
? |
Rotneim |
(B). Ola Olson Skuleslåtten, Torpo, 1821-1879 g 1847 m Birgit Halvorsdtr. Håvelmoen 1830-1909. Dei budde fyrst på Håvelmoen, «Ole og Birgit budde i søre stugu, Alle borna er dpt. Håvelmoen.. «Ola vart kalla Skuleguten. Han starta med krambu på Håvelmoen. Han hadde dei vanlege kjøpmannsvarene: kaffi og sukker, tobakk og matvarer, i tillegg til dei sakene som trengdest til hallingdraktene. Han hadde ordentleg disk i krambua si. Skuleguten var ein svært varsam mann. Ingen fekk kome inn i krambua hans, ikkje eingong kone og barn, når han ikkje var der sjølv. I boka "Bondeætt i Gol (Haavelmoen, Eikro)" av Halvor Haavelmoen (1886-1967), forkorta til Haavelmoboka. Her skriv han om livet til foreldra (Halvor 1850-1907 g 1879 m Ingebjørg Halvorsdtr. Eikro 1857-1933.) og besteforeldra Birgit og Ola. Forfattaren Østro viser til denne boka i fleire av bøkene han skreiv om Gol |
| Breidokkmoen | 1878–1893 | 15 | Gol sentrum |
(B) I 1878 løyste Kristoffer Halvorson Breidokk (1850-1925) handelsbrev og sette seg til med handel(B) på Breidokkmoen (9/32)(B). Han hadde fått god opplæring hjå madam Bruun. Kristoffer vart slege konkurs i 1893 og sette kroken på døra. Då kjøpte Ola Rust eigedomen og bygde bensinstasjon(B) på tomta. |
| Hallehuse | 1880–1924 | 44 | Herad | (B). Hallehuse (5/324) er nok den eldste krambua i Donkemoen. 1880 løyste Guttorm Syverson Glenna(B) (1856-1914) handelsbrev og tok til å handle i lag med Torstein Knutson Gautehaugen (Rotneim) (1857-1941). 1883 kom dei under tiltale for å ha skrive falskt. Sidan skilde dei lag og Guttorm dreiv vidare åleine i Hallehuse. Guttorm dreiv etter måten stort, men handelen bar seg ikkje. 1889 var det kroken på døra for Guttorm. Neste eigar var Guttorm Guttormson Hallen (1851-1924). Han handla ikkje sjølv, men leigde bort krambua. Det var fleire som leigde her, men rekkefylgja er noko usikker. Endre Nilsson Vilhelmsli (1866-1950) handla og her nokre år. Det same gjorde Ola Nilson Hoftun d.y. Nigarden (1871-1926). Erik Olson Brøto (1872-1959) handla også her eit år. Ola Olson Lagmannsdokk (1855-1940) og Steingrim Steigrimson Frøysok (Nilsegarden) (1889-1966) handla i lag nokre år etter1900. Men so kjøpte Steingrim krambua Brovoll og byrja der. Ola held fram nokre år åleine og var truleg den siste som dreiv handel i Hallehuse. Han flytta til Ål 1924. Neste eigar av Hallehuse var Ola Nilson Hoftun søre Sygarden (1889-1971) ug. Ola dreiv med sauer og pelsdyr. 1975 vart eigedomen overdrege til Marie Tofte(B). |
| Eidsgard | 1882–1889 | 7 | Golreppen |
(B) På tomta til snikkarstugu like nedafor det nye bustadhuset stod det før ein eldre to-etasjes timrabygning, og der var det Bjørn Vilhelmson Eidsgard (1842-1907) dreiv krambu. Kor lenge og kva år dette skjedde veit me lite om. Men om bygnaden veit me meir: Ivar Bjørnson (1878-1964) tok over denne bygningen og sette han opp att på Furuheim(B) (25/47) 1905. At det skulle bli so mykje strid om denne bygnaden er vanskeleg å forutsjå(B) |
| Lagmanndokken | 1885–1935 | 50 | Gol nedre sentrum | (B). Ola Olson frå nørdre Lagmanndokken (1855-1940) bygde opp søre Lagmanndokken (9/11). I 1880 åra byrja han med krambu her. Sonen Nils Olson Lagmanndokken(B) (1887-1963) ug. avvikla krambua omlag 1935. Det meste av bruket vart selt til Oslo Lysverker i 1956. Det som var att gjekk til veggrunn då riksvegen vart lagt ned mot Hallingdalselva og avlasta trafikken gjennom Gol sentrum i 1976. Då måtte krambua rivast.. |
| A. P. Halsteinsgård | 1891–1982 | 91 | Heslabrua |
(B) Hemsedalsvegen 2, (14/29) Bruslet, bygd i 1890. I 1891 starta Arne Pålson Halsteinsgård(L) frå Hol opp som kjøpmann på nordsida av Heslabrua. Dette var den første av dei nye landhandlarane i Gol(B). Etter Arne tok sønene Pål og Petter over drifta av krambua medan Aslak tok seg av garden(B). «Hjå'n Ådne neve brune», var lenge den største butikken i Gol. Bilde frå 1946(B) viser ei Shell bensinpumpe på vestsida av brua(B). Den tilhøyrde Arne P. Halsteinsgård. Den er frå 1935. Halsteinsgård hadde årlege annonsar i Hallingdølen frå 2. oktober 1936(B) til 24. april 1947. Sven Ivarson Halsteinsgård overtok Bruslet i 1971. Han var landhandlar til 1982(B). Sonen Stein Morten er i dag eigar av Hemsedalsvegen 2.(B). |
| E. B. Eidsgaard | 1892–1989 | 97 | Heslabrua |
(B) Utviklinga av Eidsgaard´s starta med Vilhelm Bjørnson Hersgard/Eidsgaard (1806-1871)(L) ved kjøp av møllebruk og vatnrettar i Heslafossen i 1852(L). I den gamle kvilestugu ved kverna byrja Engebret Bjørnson Eidsgaard (1872-1963) med krambuhandel i 1892(B). Bergland (34/13)(B). I området opp mot valdresvegen bygde Eidsgaard ein lagerbygning(B) i 1924. Nyebutikken kom i 1927(B), og fekk eit tilbygg mot elva 1939(B). Lagerbygningen vart rive 1948/49. Det har vore bensinutsal i ei eller anna form her frå ca.1918. (Frå 1922 MIL. I 1953 vart MIL til BP. Frå 1976 Norol). Eidsgaard bygde nytt forretningsbygg, Eidsgaard Matsenter, like ved gamlebutikken som opna den 18. juli 1980.Gamlebutikken vart riven fredag den 11. juli 1980(B). Norolstajonen(B) vart rive i 1988, men kom i ny utgåve lenger ned i Gol sentrum(B). Etter mange gode år vart Eidsgaard matsenter avvikla i 1989(B) og lokala har sidan vore bortleigde. Landhandelen m.m. vart i 1942 overdrege til Bjørn Engebretson Eidsgaard (1900 -1976). Deretter var det Engebret Bjørnson Eidsgaard f-1941 og kona Kari Marie Tokerud som utvikla eigedomen E.B.Eidsgaard. Dei har bygd og kjøpt både her og der, eigedomar som sønene Bjørn f-1969, Anders f-1971 og Wilhelm f-1980 i dag forvaltar.. |
| Slette | 1900–1910 | 10 | Herad |
(B). Ola Arneson Storebråten (1881-1915) opphaveleg frå Bergo, bygde opp Slette (5/64) (Donkemoen) og handla her ei kort tid. 1910 selde han eigedomen til Halvor Halvorson Brenno-Flagesletten (1856-1925). Halvor dreiv med lagging på sine eldre dagar. |
| Knut Sørbøl | 1901–1913 | 12 | Øygardane |
(B) Knut Knutson Sørbøl (1828-1933) starta krambu i nybygg 41/17 Gullhaug på Øygardane 1901 og dreiv til1913(B). Då leigde han krambua bort til A/S Ødegård handelslag. Eigedomen kom på sal i 1918 og handelslaget kjøpte Gullhaug av Sørbøl. |
| Skogstad/Bjerkelund | 1905–1935 | 30 | Øygardane |
(B) Endre Aslakson Jondalen(L) (1889-1945) kjøpte eit jordstykke av Sorteberg som han kalla Skogstad. Der starta han opp krambu som han dreiv nokre år. 1905 skøyte han Skogstad vidare til broren Halvor d.y. Halvor handla her visstnok til i 1909. Det året skøytte han Skogstad til Halvor Olsson Bleiktvedt (Bleikfet) (1880 -1964) Halvor handla frå 1909 til 1935. Då byrja sonen Ole Halvorson (1911-1960) landhandel ved Robru. 1970 vart bygnaden her skilt frå eigedomen Skogstad, og kalla Bjerkelund (47-64), som vart selt til: Kari Knutsdtr. Bråten og Ågot Knutsdtr. Bråten. Dei hadde før dei kjøpte, leigd hus her. I 1983 vart Bjerkelund slege saman att med Skogstad og vart då selt til Kari og Engebret Berget. |
| Torsten Rotneim | 1906–1954 | 48 | Rotneim |
(B). Torstein Knutson (Gautehaugen) (1857-1941) og frå Hansegarden 17/1(L). Som ungdom dreiv han både med skreddering, tømring og snekkering til han starta med krambu i Donkemoen saman med Guttorm Syverson Glenna(B). Torstein starta krambu i Gutigarden(B) i 1906. Etter 2 år flytta han attende til Hansegard med krambua. Han dreiv krambua i øvre enden av stugu. So leigde han krambua bort til Eilev Hanseplass m. fleire (aksjeselskap) eit samvirkelag. Etter ei tid byrja Torstein å handele i andre enden av stugu saman med sonen Johan og dottera Margit. 1921 flytta samvirkelaget frå Hansegard og inn i nybygde samhald(B). 1952 kjøpte Johan seg tomt til eit nytt forretningsbygg. Johan og Margit fortsatte i Hansegard til 1954 då dei flytta inn i nybygget over vegen som dei kalla Heimtun(B). |
| Eikle landhandel | 1910–1945 | 35 | Herad |
(B). Jacob Vilhelmson Eikle (1845-1925) var i sin ungdom kjend som ein fargerik person og ein liten eventyrer. På sine eldre dagar bygde han opp Østre Eikle(B) (5/74) og starta landhandel omtrentlig 1910. Då han døydde kjøpte Nils Anders Pytten (1905-1952)(L) eigedomen og dreiv landhandelen til 1945, då nyevegen kom. Då vart det 10 år utan butikk i Herad |
| Krambua Hjørnet | 1910–2001 | 91 | Gol nedre sentrum |
(B)(B). Hjørnet(B) vart truleg bygd 1910. Asle Hesla d.e. dreiv Hesla Hotell og krambua Hjørnet. Han tok til med krambu oppe i Hesla (Doktorgården) i 1907. Så flytta han ned til stasjonsbrua og bygde opp ei timrastugu og dreiv krambu her. Timrastugu vart etter kvart for lita og rive til fordel for eit forretningsbygg i to etasjer bygd før 1920(B). Bygget hadde då valmtak. Då sonen Asle Hesla d.y. tok over i 1939 starta han bokhandel i eine delen av huset og heldt fram med krambu/kolonialforetning i den andre. Seinare leigde han kolonialen bort til Asbjørn Rese(B) Asle selde Hjørnet til Asbjørn Rese og Per Rimeslåtten. Asbjørn overtok butikken i 1949 og dreiv den heilt fram til 2001. Då fylte han 80 år! |
| Krambua Brovold | 1913–1935 | 22 | Herad |
(B) Frå 1913 drei Ola Hoftun(B) handel i Brovold som ligg rett over vegen for Herad handel. Han dreiv her til han selde Brovold til Steingrim Frøysok, som handla her til 1935. Brovold vart seld på auksjon i 1938. |
| Ødegård handelslag | 1918–1989 | 71 | Øygardane |
(B)Ødegård handelslag, eit aksjeselskap, vart skipa i 1913 og dei løyste handelsbrev same året. Først leigde dei lokale i krambua Gullhaug 41/17 til Knut Knutson Sørbøl på Øygardane. Gullhaug kom på sal i 1918 og handelslaget kjøpte eigedomen av Sørbøl. Ei tid hadde handelslaget i tillegg til Gullhaug, filial på Robru i ei leigd stugu(B). Med åra vart Robru sentrum på Øygardane og det vart bestemt å byggje nytt forretningsbygg her. Det kom i 1935 og då vart Gullhaug filial. Frå no av var Robru samvirkelag (landhandleri) avdeling I og Øygardane avdeling II. Den første styraren var Ola Stensgård. Han og O Eidsgaard fem år kvar. So var I.A. Bratland her i 15 år. Olaf Jordheim (1922-2008) var den siste som handla her på Gullhaug. Han kom hit i 1947 og var her til juni 1989, då var det kroken på døra. Dei 20 siste åra har han hatt ansvaret for drifta sjølv, men leigde lokala. Du kan lesa om jordheim her(B). Laget hadde 25-års jubileum 1939(B) |
| Rotneim samvirkelag | 1921–1995 | 74 | Rotneim |
(B) I nybygget "Samhald" dreiv Eilev Hanseplass m. fleire (aksjeselskap) eit samvirkelag i 1921. Tomta hadde Eilev og kompisane kjøpt av enka til Knut Olson frå Øvre Rotneim. Dei byrja først å handle i leigde lokaler i Hansegard(B) før dei bygde Samhald. Men etter 2-3 år i nybygget slutta dei som kremarar, og leigde bort lokala. 1937 skøytte Eilev Samhald til Knut O. Strand(B). Strand handla her til han skøytte eigedomen til Ola V. Stake1952. Knut hadde tidlegare handla i Teigstad, Rotneimsvegen 499, i huset han og Ola S. Teigen bygde i 1933. Ola V. Stake dreiv landhandelen til hausten 1995(B), men fortsatte med sal av antik(B) |
| Bjørnebråten | 1924–1981 | 57 | Gol Sentrum |
(B). (B). Den første utbygginga kom i 1947(B). Byggmassen er pr. dato i grove trekk slik forretningsgarden "Bjørnebråten Matsenter" Olav Bjørnebråten bygde i 1970(B). Olav selde forretningsgarden 1981(B). Etter Gol Matsenter og andre drivarar flytta Skotten Lavpris hit i 1988 og dreiv til og med året 1991. Frå 1992 vart Skotten til Rimi(B). Men 1994 kunne ein lesa denne annonsa(B). Då vart Rimi til KIWI. |
| Bygdheim landhandel | 1925–1982 | 57 | Øygardane |
(B) Ola Bjørnson Eidsgaard(B)(L) (1894-1976)(B) dreiv landhendel samtidig som han dreiv Bygdheim pensjonat(B). Staden vart driven som kombinert butikk og pensjonat til 1962 seier Bjørn Eidsgaard i eit intervju med Hallingdølen 1977 og viser fram butikken etter utvidelsen samtidig som han formidlar korleis ein kan konkurere med dei store butikkane nede i Gol sentrum(B). Men i desember1982(B) var det kroken på døra. Søk i Hallingdølen viser at Bygdheim pensjonat var i drift til 1968. Det var både bryllup og minnesamvær. |
| Gol samvirkelag | 1929–1997 | 68 | Gol nedre sentrum |
(B). I Gol vart det stifta samvirkeforening i mars 1920. Samvirkelaget hadde sin første butikk i krambua(B) til H. Edv. Berg som hadde slutta med kremmarhandel omkring 1912. I desse leigde lokala var dei til nybygget stod ferdig i mars 1929. Under planlegginga av nybygg vart det strid om bygget skulle vera oppe ved Heslabrua eller her ved Stasjonsbrua. Foreningen kjøpte tomt(B) av Birgit Rust (Broheim) i 1927 ved Stasjonsbrua. Handelen gjekk godt og det kom ynskje om ein filial ved Heslabrua. 1962 starta dei opp i Olsgardhuset(B) og vart der i 10-12 år. Samvirkelaget held til ved stasjonsbrua fram til mars 1997. Då flytta dei inn i Kremmartunet(B). |
| Krambua Teigstad | 1933–1937 | 4 | Rotneim |
(B). Ola S. Teigen og Knut Strand (1881-1962) bygde dette huset i 1933(B). Strand(B) dreiv krambu her til han kjøpte Samhold og flytta dit med krambua si 1937(B). |
| Bleiktvedt landhandel | 1934–1961 | 27 | Robru |
(B) Ola H. Bleiktvedt(B) byrja kjøpmannsforretning i nybygg på Robru 1934. Han vart styrar for Robru brevhus i 1947, som vart Robru postopneri i 1960. Ola døydde i 1960. Kari Bleiktvedt hadde sin siste annonse i Hallingdølen 27.05.1961(B) Her kan du lesa minneorda etter han(B). |
| Robru landhandleri | 1935–2026 | 91 | Robru |
(B) Eigedomen Bruflat(B) 48/71 vart utskild 1934. Eit forretningsbygg reiste seg, og i 1935 kunne den første styraren Bratland ynskje velkomen til "ein god handel" Som åra gjekk kom nye styrarar. Årsmøtet av 1978 stilte spørsmål om det var tid for å leiga forretninga bort. Dagny og Gerd Møllerplass dreiv butikken under namnet Robru dagligvare A/S frå 30. mars 1981(B) til og med året 1988. Frå i. november 1988 vart det Robru Nærmat A/S(B) ved Gerd Moe og Toril Husevåg. I mars 1998 tok Tove Stavn over og butikken vart heitande Joker Robru(B). Mars 2000 slutta Tove StavnBensinstasjonen vart lagt ned ved hundreårsskiftet. Handelslaget bestemde seg no for å ta over styringa sjølve.(B)(B) Husevåg vart hyra inn. No Joker Robru. Gjekk over til døgnopen drift i 2025(B). Fortsatt i drift. |
| O. Venås | 1935–2005 | 70 | Gol sentrum |
(B) Sentrumsvegen 86,88 og 90. 25/61 Furuset. Spesialisert på kjøt. (70 års drift)(50 år som dagligvareforretning). Her har det vore hus frå før 1914. Historikk(L). Ola Venås overtok eigedomen i 1935. Han var slaktar og utvikla ei drivandes kjøt- og kolonialforretning som han kalla O.Venås(B). "Venås forretninga uendra sidan 1955"(B). |
| TH. Bergo | 1937–2007 | 70 | Gol nedre sentrum |
(B) Th. Bergo kom til Gol i 1936 som styrar av kjøtforretninga ved samvirkelaget. 1937 starta han eigen kolonial og manufakturforretning(B). I 1951 fekk forretninga eit tilbygg(B) for å betra plassbehovet for kolonialen. Vesla Golberg dreiv butikken frå 1976 til 2007. Etter 71 år kom Th. Bergo på nye hender i 2007. I november 2011 vart 9/50 selt. |
| Heimtun landhandel | 1954–1972 | 18 | Rotneim |
(B) 1952 kjøpte Johan Rotneim og søstera Margit seg tomt(B)(B) til eit forretningsbygg. Johan og Margit fortsatte i Hansegard til 1954 då dei flytta inn i nybygget over vegen som dei kalla Heimtun(B) Når butikken vart lagd ned finn eg ikkje bevis på, men den var i alle fall i drift november 1977. John døydde i 1992. |
| Herad Handel | 1956–1982 | 26 | Herad |
(B) Bernt og Ragnhild Narum(B). 11. juni 1956 kunne Bernt og Ragnhild Narum opne Herad handel(B) i nybygde lokaler. 1980 kunne ein lesa om nærbutikk- kampanjen der ein ber kundane vera tru mot nærbutikken mot framveksten av kjøpesentera og kjedene som kom på 70-talet. Men det hjalp lite og 1982 var det kroken på døra også for denne butikken. |
| Alfred Jordheim | 1964–1986 | 22 |
Gol sentrum |
(B). Fredag den 14. februar 1964 kunne Alfred Jordheim (1927-2000) og Oddbjørn Viko ynskje kundane velkomne i nye lokale i Sentrumsvegen 67(B). Tomta(B) ligg like ved sida av forretningsbygget dei flytta frå. Alfred dreiv kolonialforretning, Oddbjørn skobutikk. 2.oktober 1986 var siste annonsa Alfred Jordheim hadde i Hallingdølen(B).. . |
| Ragnar Haugstad | 1967–1985 | 18 | Tuppeskogen |
(B) Ragnar haugstad (1939-2019) starta med handel i eigedomen sin på Tuppeskogen i 1967(B). Han var beskjeden i einkelt annonsering, men inngjekk samarbed med andre butikkar i dalen(B). Den siste annonsa var i Hallingdølen 19. desember 1985. |
| Jamo Dagligvare | 1976–1993 | 17 |
Furuvegen, Gol sentrum |
(B) Første butikk med rulletrapp.(B) Jan Erik Mortensen frå Stovner stod bak Hallingsenteret(B) 1979 tok Jan Svello over Jamo Daglegvare. I august 1993 vart Jamo Daglegvare oppløyst(B) men Svello held fram i same lokala med kjeda Spar til juni 2001. Då flytta han over gata til LK-senteret, tok over lokala til AKA og fortsatte med kjeda Meny der. |
Matvarekjedene i Gol (Etableringsår i bygda)
1988: Skotten lavpris hjå Bjørnebråten aug.1988 - t.o.m.1991(B). Skotten erstatta Gol Matsenter. Frå jan.1992 vart Skotten Rimi(B)
1989: AKA hjå Eidsgaard aug.1998- nov.1994. Erstatta Eidsgaard Matsenter. AKA hjå LK-senteret tidsrommet nov. nov. 1994-juni 2001.
1992: Rimi Først hos Bjørnebråten 1992-1994, Rimi hos Eidsgaard, flytta inn i 1995. Rimi vart oppløyst i okt.2014.
1993: SPAR hjå Hallingsenteret til jun. 2001. Erstatta Jamo Dagligvare). Frå okt.2017 hjå LK-senteret(B), er fortsatt i drift.
1994: KIWI Hjå Sentrumsvegen 96,(B) (Bjørnebråtenbygget). Er fortsatt i drift.
1997: Coop Mega hjå Kremmartunet mars1997 - mars 2012. Frå mai 2017: Coop Extra (B) i ny butikk hjå Eidsgaard. Er fortsatt i drift.
1998: Joker Robru.(B) er fortsatt i drift
2001: MENY hjå LK-senteret okt.2001(B)-2017(B). Bbutikken fortsatte som SPAR butikk i same lokala.
2008: Rema 1000 Tok over Lidl-lokala i 2008(B), er fortsatt i drift.
Dette materialet viser tydeleg korleis handelen har sentralisert seg. Medan det i 1960 var 20 daglegvareforretningar spreidd rundt i grendene i Gol, sit vi i 2026 att med fem store kjeder i sentrum, og Joker Robru som den einaste overlevande nærbutikken i grendene.




