AUGUNDGARDEN PÅ HØGI Bnr. 1
Augund Johannesson Høgi frå Høgistreet under Høgi (1784/1862) kom til bruket då han i 1816 gifte seg med Anna Olsdotter, enkja etter foregåande brukar. Men Anna levde ikkje so mange år og i 1821 gifte Augund seg att med Synneva Hansdotter (1787/1856) frå Øvrebø. Augund fekk hand om eigedomsgodset i garden ved skiftet etter første kona, og sidan vart Augund første sjølvstendige på bruket då han i 1932 fekk kongeskøyte på garden sin. Han og Synneva vart buande på bruket levetida ut. Augund fekk i alt seks born, eitt frå første ekteskapet og fem frå det andre.
a) Martha Augundsdotter Høgi (1918/1859), vart gift med husmann Anders Olson Jordanger (1807/1883) i Hagen .
b) Johannes Augundson Høgi (1822/1865) fekk ta over heimebruket på Høgi etter foreldri sine. Han gifta seg med Anna Johannesdotter Høgi (1829/1908) frå Høgi (bnr.4). Johannes og Anna fekk fem born i lag; dessutan hadde Anna ein son frå før. Dei vart buande på garden levetida ut. Nummer fire i syskinflokken: Synneva Johannesdotter Høgi (1856/1948) vart gift i 1893 med Peder Anderson Høgi (1871/1933), opphaveleg frå Urnane under Bringe i Luster. Peder fekk i 1894 skøyte på heimeplassen i Urnane, men flytta kring 1898 hit til Høgi og fekk skøyte på heimebruket til Synneva. Synneve og Peder fekk fem born i lag. Fire av dei ser du på bildet under frå 1960. Den eldste dottera Bertha Karoline er ikkje på bilde. Dama i midten heiter Thelma Twedt, bur i Amerika og slektar frå Augundgarden på Høgi (sjå under bilde) og er tremenning med dei andre. Thelma og mannen Knut vart pensjonistar i 1960 og tok turen til Norge for å treffa slekta her.
C) Hans Augundson Hogie (1824/1894), utvandra til Amerika i 1853. Han gifta seg i 1854 med Mattie Ludwig (1828/1914) som var født i Luster 1828 og reiste ut til Amerika med foreldri i 1852. Hans og Mattie slo seg ned som farmarar i Arendahl townskip, Fillmore Co.,Minnesota.
Hans og Mattie fekk sju born.
a) Augund Hansson Hogie (1854/1938), vart født i Dane Co., Wisconsin (Wis), men døde i Northwood, N.D. Augund gifta seg i 1889 med Synne (Susie) Syvertsdotter Nyhus (1869/1909) frå Skjåk, i Fillmore Co. Minn. Augund og Synne farma i Bryan townskip, Griggs Co., N. D. og fekk ni born. Thelma Twedt er dotter til Augund og Synne.
b) Kirsti Hansdotter Hogie (1856/1927) født i Fillmore Co., Minn. og døde i Lanesboro. Minn. Kjersti gifta seg i 1898 med Gulbrand Lasseson (kjent som Gilbert Lewis), (opphaveleg frå Ve i Årdal) i Fillmore Co., Minn. Gilbert hadde to ekteskap frå før. Gilbert farma med alle tre konene sine i Arendahl townskip, Fillmore Co. Minn. Gilbert hadde tre born frå første ekteskapet, to søner frå det andre og ein son med Kirsti.
c) Synneva (Susan) Hansdotter Hogie (1857/1911) født i Fillmore Co., Minn. og døde i Brookings S.D. Susan gifte seg i Brookings 1891 med Ole Hansson frå Vågå prestegard i Vågå, i Amerika kjend som Ole H. Steen. Ole og Susan farma i Sterling township, Brookings Co., Minn. og fekk to søner.
d) Mette (Mattie) Hansdotter Hogie (1859/1942) født i Fillmore Co., Minn. og døde i Fillmore Co., Minn. Mattie var hushaldar og budde på heimefarmen i lag med broren John. Ho var ugift, men fekk ein son.
e) Louise Hansdotter Hogie (1863/1908) født i Fillmore Co., Minn. og døde i Fillmore Co., Minn.
f) Ludvig Hansson Hogie (1869/1932) født i Fillmore Co., Minn. og døde i Griggs Co., N.D. Ludvig gifte seg i Preston, Minn. 1891 med Thea Thompson (1869/1955). Ludvig og Thea flytte i 1892 til ein farm i Tyrol township, Griggs Co,; N.D. der dei budde levetida ut. Dei fekk fem born.
g) Johannes kjend som John H. Hogie (1870/1950) født i Fillmore Co., Minn. og døydde i Lanesboro, Minn. John tok over heimefarmen etter foreldri sine i Arendahl townskip, Fillmore Co., Minn. John var ugift.
Nekrolog; Augund Hogie, 84 år, tidligere bosatt i Binford, døde fredag 11. februar 1938 på Old People's Home i Northwood, av alderdom. Han var syk i tre dager.Augund ble født i Wisconsin, og mens han fortsatt var spedbarn, flyttet foreldrene til Lanesboro, Minn., for å bygge seg hjem. i 1895 kom han til Griggs County og bodde seks mil sørvest for Binford hvor han fortsatte å drive jordbruk i flere år.
Han ble gift i 1889 med frøken Synne Nyhus. Synne døde 5. januar 1909, 29 år før sin mann. Den eldste sønnen, Hans (1890/1918) døde av sår mens han var i tjeneste under verdenskrigen, i Frankrike, og levningene hans ble senere flyttet til Binford. en datter, Agnes (1902/1933), fru Victor Nielson, døde i Westby, Mont., for omtrent fem år siden.
De gjenlevende barna er Syver (Sever) av Aneta; Mattie Solee (1896/1977), Binford; Marie Smaaland (1898/1988) Aneta; Henry (1900/1978), Everet, Wash.; Thelma Tweet (1904/1978), av McHenry; Elick (1905/1972) of Luck, Wis.; og Annie Schliep (1909/1995) fra Zumbrota, Minnesota.
Augund Hogie bodde i Northwood de siste seks årene. Det planlegges å holde begravelsesgudstjenestene i Binford på lørdag. Publisert i Griggs County Sentinel-Courier, Cooperstown, North Dakota, 17. februar 1938.
AMERIKABESØK PÅ BRUBAKKEN 1986.
Det er Adeline og Ansgar Hanson frå Aneta i Nord Dakota som er på norgesbesøk. Thelma Hogie Twedt og mor til Adeline, Marie Hogie Smaaland er søstre.
(Barn av Marie Smaaland; Selma (1916/2016), Alice (1918/2004), Adeline (1919/2007), Elvin (1922/1981), Leroy (1925/1999), Betty (1928/1999), og Maynard (1931/2002).
(Barn av Mattie Solee; Gordon (1925/1999), Ruben (B) (1926/2005), og Marvin (1934/1989).
Barn av Thelma Twedt; Arthur, (1929/2020), Malena Isabel (1931/2007), Gordon (1932/2021), Agnes (1935/2014), Markus (1939/levde i 2021). Arthur Twedt er gift med Velda (Vilhauer). Gordon Twedt er gift med Ardis Quanbeck, Malena Isabel Twedt er gift med Clifford Johnson og John Howard Nephew, og Agnes Twedt er gift med Chuck Howard.
Ingolf, Ingrid, Kathrine og Gunvor skal til Veroqua i Wisconsin der Sognefjordlaget i Amerika har stemne 2.3.4.og 5. juli 1987.
Men først skal oss til Aneta B for å treffe Adeline og andre etterkomerar etter amerikautvandrar Hans Hogie som er bror til Johannes, oldefaren min på Høgi.
Reisa starta B på Gol onsdag 24/6 1987 med buss til Gardemoen B. Me reiser med hallingane som skal til 80- års jubeleum i Hallinglaget i Grand Forks N.D. Flyet B mellomlander på Island B før det lander i Minneapolis B 17,50 amerikansk tid. Det er fortsatt onsdag fordi Norge ligg sju timar før Minnapolis. Etter overnatting B i Minneapolis busser me til Grand Forks B. B. På vegen et me lunch B i Avion B. Ankom Grand Forks klokka 16 der Adeline og Ansgar tek i mot oss B. Ser ut som at dei også kjenner Kåre Wenås frå Geilo. I innleigd van B køyrer me mot Aneta. Stikk innom ein kafe B på vegen for middagsmat. Adeline og Ansgar har flytta frå farmen B i Kloten B og bygd seg hus B i Aneta.
Aneta høyrer til Red River dalen B som har fem gonger så mykje produktiv jord som Norge. Me tykte nok at tida var skrudd 100 år B attende når me såg oss rundt i Aneta B.
Opphaldet i Aneta vart prega av å ta i mot B og reisa på besøk B. Av borna til Hans som utvandra frå Høgi var det etterkomerar etter Augund og Ludvig me trefte B. Marie B mor til Adeline er den eldste gjenlevande. Ho er på alder med mor mi og dei er tremenningar.
Kyrkja står sterkt i famelien. Ei av grunnane til dette er at det er dei sjølve som har det økonomiske ansvaret for bygningar og prest. Savior Lutheran Church B i Kloten er kyrkja som Adeline og Ansgar høyrer til, sjølv om dei har flytta til Aneta. I underetasjen er det lokale som dei kan leiga ut B.
Me fekk treffa famelien Noss i Kloten som har slekt i Ål B. I Grafton B trefte me Christ Feet B i Lutheran Snuset Home B. Kristian var ein svært morosam kar som gjerne snakka om tida han vaks opp på Indre Hafslo. Han emigrerte 17 år gamal. Eg trefte han hjå Thomas Fet eit par gonger. I Grafton besøkte me og ein stor "Store" B. 27/6 tek me turen til Gran Forks for å bli underholdt B. Der møter me Sognegruppa som er på rundtur før stemna i Vorqua. Me snakka med Solveig Norenberg B og Per og Astrid Øvrebø B som fekk treffa Adeline og Ansgar. Lina på prerien (Lina Olsen Svåi) B var der også.
Sterke følelser kom til syne hjå Adeline og Ansgar då me besøkte farmen B i Kloten. Huset B blir leigd ut til ein famelie medan jorda forpaktas av ein nabofarmar. I Aneta var det mange kyrkjer som Adeline ville visa oss, bl.a. ei katolsk kyrkje B.
30. juni seier me adjø til Betty B, me er på veg til Minnapolis. På vegen køyrer me innom Moorhead B i Fargo for å treffa dottera til Adeline, Donna Smaaladen og sonen Michael samt sambuaren B. Overnattar i Fergus Falls B hjå Gordon Solee og Eliane Trigg B. Her vart det grillfest og rusling i parken B. Inne på soverommet vart me var eit ungdomsbilde av mor til Gordon, Mattie Hogie. Ho var så lik Anna Høgi Øvrebø at eg trudde det var henne. Gordon og Eliane blir med til Minneapolis B. Køyrer oppom Alexandria for å sjå Runesteinmuseet B. B. B. B. B. I heimen til Ruben og Laverne Solee er det god stemning. Ruben er bror til Gordon og har som oppgåve å få oss på bussen til Veroqua i morgon 2. juli B.
Bli med til Veroqua
Bli med til Walker
Du kan treffa slekta i Viroqua her.
Og du kan treffa slekta i Walker her.