Det var ein gong ei hytte på Tørvi som skinte og kosa seg ved Tverrelvi som renn like ved. Stundom såg ho opp mot fossen der inntaket til Tørvi kraftverk er, og prøvde å tenkja seg kva nytte straumen vatnet herfrå skapar. Ja her er det koselegt å vera. Å sjå inn på den firehundre år gamle  Jøronga-kyrkja og Gaupne-og Lustrafjorden er umettande.

Åra gjekk og dei som bygde meg vart etter kvart skrantne og prøvde å finna nokon som kunne ta vare på meg. Det lukkast visst ikkje og etter nær hundre år ser eg nærast ut som eit spøkelse. Eg som trudde at inntektene frå vatnet i Tverrelvi ville redda meg, og her står eg hjelpelaus. 

Ser at  folk kvir seg for å gå opp trappa og forbi det bleika skiltet som heng på veggen. Dei har visst oppdaga løyndommar som dei  best let liggja. Det er ei uhyggeleg stillheit over heile eigedomen. Dei som tek steget inn  fortel om kviskring frå dei rotnande veggane og skuggar som rører seg, - særleg ved det mørke bilvraket som står gøymt under terrassen. Ingen som går inn der på nattetid, kjem ut att som den same. Etter kvart har eg vorte kjend som staden der tida står stille og mareritta vert verkelike.