Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Kva som har skjedd frå 1914 til 1925-26 Jfr. bilde over og i Golreppen(B). Kva er nytt i dette bilde frå 1925 i forhold til bilde frå 1914: Det ein først legg merke til er ljoslina frå Heslabrua og nedover forbi Rolvshus. Så ser ein Heimtun(B)(L), jordmorhuset med uthus (i høgre bildekant) bygd i 1914 eller +1914. Ved Tingstova(B) er det kome eit tilbygg. Stabburet(B) til Slettemoen er bygd etter 1914 men før 1920. Olsgardhuset(B)(L) vart bygd +1923. Sagasletten(B)(L), Klepphuset vart skild frå Eidsvall i 1916. Solstad Pensjonat(B)(L) bygd 1920/21 med tilbygg. Litt til høgre for Stensby ser ein Tingvold. Her er det kome eit tilbygg. Sagtomta(B)(L) Slettemoen sag og høvel (Golbergremmen) var virksom frå 1916. Så kjem ein til Skansen(L) som Ola T. Skansen, (seinare Bjørnebråten kjøtforretning) bygde i 1918. Neste bygning er Skogly(B)(B)(B)(L) som var bustaden til Syver Eidsgaard som rett over gata bygde Gol Automobilverkstad og dreiv det frå 1926. Mellom Automobilverkstaden og Furuheim ser ein Fredheim(B)(L), Gislerud (Golbergmo-rem). Smestad(B)(B)(B)(L), (Golbergmo-rem) i 1923 fekk Arne Nilson Rusten skøyte på Smestad. Dalhaugen(B)(L), Andersenhuset frå 1921. Heslabraaten(B)(L), Gol Trevarefabrikk/Thorstens vart etablert i 1921. Furumo(B)(L), tomt til Kid Interiør, fråskild Embrik Toreson Hesla i 1930. Dalheim(L) frå 1926, tomt til DBC . Strindberg(L) vart bygd i 1918 og vart tomt til Europris(B). Nordheim(B)(L), motorsenteret vart skild frå Nøreim i 1914. Mellom Norheim og Jernbanestasjonen ser ein den gamle Narumsbakken. Den nye kom i drift i 1946. Og lengst til høgre , litt opp frå jernbana i sudnlii skimtar ein Huseplassen(B)(L).

Kva som har skjedd frå 1925 til 1938/40 Jfr. bilde over. Nærast i bilde ser ein uthuset til Søre Hesla og ein transformator. Myklefossen Kraftstasjon(B) kom i drift i 1913. Fem år seinare vart kraftstasjonen saman med fallrettane i Hemsil seld til Aker kommune. Seljarane fekk ein klausul i kontrakten som sa at dei kunne driva kraftverket fram til elva var ferdig regulert. Myklefossen Kraftstasjon vart drive fram til 11. november 1959. I 1920 åra tok krava om elektrisk kraft i heile kommunen til å pressa på(L). I 1934 fekk Gol kommune (Gol Elektrisitetsforsyning) ei avtale med Ål kraftverk om levering av straum. Samtidig fekk kommunen avtale med Myklefoss om innløysing av ledningsnettet dei hadde bygd. I 1935 vart det bygd høgspentline m.transformatorer. Gol Korn- og Frørenseri(B) vart bygd i 1938. Eit tiltak som Gol landbrukslag har all ære av, skriv Hallingdølen den 13. mai 1938(B). Nyebutikken til Eidagaard vart bygd i 1927(B). Olsgardhuset har fått låve. Frå 1936 leigde Husfliden butikklokale hjå Olsgard(B). Mellom Olsgardhusen og butikken til Eidsgaard er det kome eit lagerbygning tilhøyrande Eidsgaardbutikken(B). Om Bergland, Gol opptikk frå 1939 er på plass ser me ikkje(B). Men Gamlebanken frå 1929 er på plass(B)(L). Solstad Pensjonat heiter frå 1936 Solstad Hotell(B). Bedehuset vart bygd i 1927. Ein ser bygningen rett bak Solstad(B). Bjørnstad, (Golbergremmen) Ragnhild Gulbrandsen flytta inn i nybygg i 1939(B)(L). Hallingsæt, (Golbergremmen) seinare Lie sport vart bygd i 1930(B)(L). Granmo, Klepphuset (Golbergremmen) som Arne Julson Turhus bygde i 1933(L). Bergtun, (Golbergremmen) fotograf Hjørdis Bråten/Botten flytta inn i nybygg i 1937(B)(L). Solvang, som Faraasen seinare kjøpte vart bygd av Ola Olson Klepp i 1929(L). Bjerkely, tomt til Dalabakken as frå 1933(B)(B)(L). Flatmo, tomt til Pers frå 1937(B)(B)(B)(L).

Flyfoto frå i 1936. Huset til Jens Søndreli(1). Hesla Hotell(2). Butikken til Asbjørn Rese(3). Gol poståpneri(4). Søre Lagmannsdokken(5). Huset til Einar Dokken(7). Nordre Lagmansdokken(8). Huset som Frelsesarmeen holdt til(6). Dokken(9) Navrud(10). Fekene(13)(B). Rustegarden(11).  Hallingstua(12). Gol Samvirkelag(14). Gol hotell(15). Huset til Thorleif Løstegård(16), Viko Auto(17). Endre Viko(18), Tykje Bakken(19). Krambua som samvirkelaget og telefonsentralen var i(20). Huset til vegoppsynsmann Corneliussen(22).  Rolvshus(23) Søre Breidokk(24). Kinneberg Breidokk(25). Viko gard(26). Bygningene til Hallingdal Varemesse(27).