Velkomen til Jørongo

Hurrongane               Frå Bondehaug               Linker             Facebook             Skjolden og utover             Molden og omegn

SENTRUMSVEGEN 65 OPNA I 199314/88 Sentrumsvegen 65 Torggården opna dørene 8. juli 1993. Gol TV -Elektro og Classic Man var på plass opningsdagen. Medan Gol Apotek flytta hit i september same år.

GOL SKYSSTASJON OPNA JUNI 1991Gol skysstasjon vart offisielt opna 18. juni 1991. Buskerud fylkeskommune teikna aksjar for 500 000 kr. I bygget er det sett av arial til venterom m offentleg toalett, kioskdrift og rom for utleige noko som skal gje inntekt til bygget. På tomta til skysstasjonen stod bl.a Faraasen Trevarefabrikk og bustadtomta Solvang. I 1984 vart desse eigene teke over av Gol kommune, som reiv bustadhuset og trevarefabrikken og tok tomta i bruk til busshaldeplass.

SVEIN NESS OPNA BUTIKK I  FURUVEGEN 14 I 198825/107 Furuvegen 14 vart bygd av Oddvar Gjestemoen 1978-79 men selde huset til Svein Ness i 1988. Ness starta opp som urmakar i Stakegården 1958 og held til her til han flytta til Furuvegen i april 1988. I 2003 markerte Ness at han hadde vore yrkesaktiv i 45 år

 FURUVEGEN 9 / SENTRUMSVEGEN 82 OPNA NYBYGG 198525/165 Furuvegen 9 / 25/59 Sentrumsvegen 82 vart opna i 1985

SENTRUMSVEGEN 77 VART OPNA 198114/420, Sentrumsvegen 77 har tilkomst frå Gymnasvegen og vart offisielt opna 3. juli 1981. Målet med bygget var å tilby fleire senger for utlån. Det var Pers Hotell og Thorstens Motell som stod for utbygginga. Pers Hotell vart eineeigar av bygget 1987. Sentrumsgården Gol AS kjøpte appartementshotellet i 2013 som er gjort om til leilighetsbygg med 42 seksjonar. Tomta er frådelt 14/109

LK-BYGGET VART TEKE I BRUK HAUSTEN 1981Det var Ole K. Karlsen som bygde 25/210 LK-senteret i Furuvegen 6. Aktuell flytta inn på gateplan i juli 1981 og Buskerud Husflidsskule i 2. etasje og hems til skulestart hausten 1981. Kommunen som mangla tilfluktsrom i midtre sentrum fekk til ein avtale med Karlsen. Tomta utgjer Zion og Venåstomta.

EIDSGAARD MATSENTER FLYTTA INN I NYBYGG 198018. juli 1880 var det opning av det nye forretningsbygget til E. B. Eidsgaard, Eidsgaard Matsenter. For å unngå å stoppa handelen vart varene ført over frå det gamle til det nye bygget før gamlebutikken vart riven.

BRANKASSEBYGGET OPNA MAI 19771. mai 1977 flytta dei første leigetakarane inn i Hallingdal Brannkasse sitt nybygg i Gol, men først 21. mai vart bygget offisielt innvigd  i samband med årsmøtet til selskspet. Snart flytta Arbeidstilsynet, eit revisorfirma og frisørar inn i bygget. Med åra har Gjensidige sjølv teke i bruk større del av golvplassen, men fortsatt er det fleire leigetakarar der.

GAMLEVEGEN 29-35 OPNA I 197629/55 Gamlevegen 29-35 vart opna i 1976. polet flytta inn i forretningsgården i 1985 vart bygget kallast Polgården. Bygget fekk ein ny etasje i 1987 og det vart  plass til både kontor og bustad.

Sentrumsvegen 59 flytta inn i nybygg i 1976

10/25 Sentrumsvegen 59 "Lybekktomta" opna i november 1976. Dei første som flytta inn var Hallingdal Brannkasse, Klesbua og Lekestua. Underholdning vart det og. Det er det ombygde Lybekkhuset som nå er teke i bruk. Bygget framom Lybekkhuset vart ferdig 1982. Her er Lybekkhuset integrert i bygningsmassen.

HALLINGSENTERET OPNA I DESEMBER 1976Nesbyen bygde det første kjøpesenteret i Hallingdal, men det var Hallingsenteret (Jamo på folkemunne, Jan Erik Mortensen) som kom med den første rulletrappa. Arbeidet med kjøpesenteret tok til i juli 1976, 90 dagar før opninga  Norske Stålbygg var hovudentreprinør. Senteret sitt varemerke var eit mangfald varer under same tak. Der var daglegvarer, gullsmed, møbeler Rodio/tv, kvitevarer, leikar, klær, sportsutstyr, postkontor og Kafe. Hyppig annonsering og spesielle tiltak skulle "freiste" kundar til Hallingsenteret. Torsdag 2. desember 1976 kom dei første handlande

"NOEN KOMMER OG NOEN GÅR"

Hallingsenteret var starten på ei utvikling innan daglegvarehandelen som ein kan like eller mislike.  På 1960-talet var det heile 20 daglegvareforretningar i Gol. MEN KVA SKJEDDE eigentleg? Kvifor vart etter kvart så nær som alle landhandlane og dei små kolonialforretningane lagde ned? Forklaringane er fleire. Ei forklaring er framveksten av kjøpesentera og kjedene som kom på 70-talet. Meir om dette her

Men korleis gjekk det med Hallingsenteret. Dei to første åra var relativt stabile. Etter kvart trekte nokre seg ut og nye kom inn. Men då  posten flytta til leigde lokaler på Glitre 2013 og Jysk flytta til eige nybygg på Glitre 2014 vart heile 2. etasjen i Hallingsenteret tom. Og då Europris fekk tomt  i sentrum og vart nabo med Lensmannsgarden 2017 kom konkursen. Men det ser noko betre ut i dag. Miføyka as kjøpte i oktober 2019 2. etasje for å starta opp treningssenter der. Og den 25. januar 2020 kunne dei ynskje kundane velkomne. Elles er det blitt noko aktivitet i 1. etasje 2020. Advikatfirma Elden og Hallingmegleren er blandt dei som har kontorlokaler der.

SENTRUMSVEGEN 68 VART OPNA I 197114/277 Sentrumsvegen 68 vart bygd av Odd Bottolfsletten 1971. Bygget var då i tre etasjar og hadde flatt tak. Bottolfsletten selde bygningen til Forretningsgården A.S i 1987. Hallingdal Gull og Solv A/S flytta då hit frå Hallingsenteret. Bygget vart påbygd i høgda 1991 og vart slik bilete viser. Hallingdal Brannkasse og Ål sparebank kjøpte forretningsgården i 1995.Magnus Narum AS overtok eigedomen i 2001.

SENTRUMSVEGEN 67 VART OPNA I 1964Fredag den 14. februar 1964 kunne Alfred Jordheim og Oddbjørn Viko ynskje kundane velkomne i nye lokale i Sentrumsvegen 67. Tomta ligg like ved sida av forretningsbygget dei flytta frå.

SENTRUMSVEGEN 71 VART  BYGD 196414/485 Sentrumsvegen 71, Thorstens Motell vart teke i bruk i april 1964 og bygd på 1976. Motellet ligg like bak Sentrumsvegen 69. Motellet vart 1987 kjøpt av Pers Hotell. Torbjørn Rustberggard seksjonerte bygget i 2019 til 11 einingar.

SENTRUMSVEGEN 69 VART BYGD I 1951Frå 1935 dreiv Eirik Hesla Gol Trevarefabrikk på denne tomta. Han hadde privathus ved sida av kafeen som i dag er eigd av Sentrumsgården Gol AS. Fabrikken vart råka av brann 25.05.1949. To år seinare, 1951 bygde Eirik opp dette forretningsbygget på tomta. Her dreiv kona Ingeborg Håvelmoen Hesla Central kafe og her starta Alfred Jordheim og Oddbjørn Viko opp si forretningsvirksomhet. Seinar har det vore både sportsbutikk bank osv. i dette bygget. Du kan sjå tomta i 1959 her Staden vart 1962 overdrege til dottera og versonen. Dei bygde til Torsteins Motell i 1964. Fokus Bank, no Sparebanken 1 kjøpte bygningen i 1972. I dag Velvet Eiendom AS.

Sist oppdatert 20.10.2020 kl. 21:17

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter


Joranger, Skriv ut siden
Websidene er laget i publiseringsverktøyet Mekke.no