Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

UTVIKLINGA VED HESLABRUA  ÅR 1900 + -

Heslabrua er frå gammalt eit kjent namn, og vart etterkvart eit viktig vegkryss i dalen og sentrum i Gol. På biletet ser me korleis brua og husa omkring var i 1915-20 åra.

I eldre tid låg brua lenger ned og var ikkje til å lita på, t.d. i vårflaumen. Då kunne Hemsila fara hardt med henne, og det var eit spurlag oppover dalen om ho var farandes. Å koma over elva elles bar ikkje til. Frå 1826 og åra framover vart det bygt kjerreveg gjennom dalen, og  ein må rekna med at Heslabrua då vart sett i bra stand.

Den nye brua der ho no er med dei fine mura kjera vart  ombygt for statsmidlar i 1879. Brua vart då ei spennverksbru. Me les i Golboka om at den fyrste bilen som køyrde hallingdalsvegen var den 7. juli i 1909. I 1912 vart det gjeve løyve til ei bilrute frå Gol jernbanestasjon og over til Borlo i Lærdal. (Engebret Eidsgaard kjøpte i 1919 bil som skulle brukast til rutebil Gol- Lærdal). Under krigshandlingane i 1940 vart brua sprengt, og nytt dekke vart lagt ei tid etter. Du kan sjå brua frå 1943 her. I 1958 vart brua oppgradert til Kl.1. Kraftutbygginga i Hallingdal krevde betre bruer og kostnaden vart forskuttert av Oslo Lysverker inntil midlane vart løyvd via statsbudsjettet. Brua vart breiare og fekk to fortau. Den vart og senka noko for å unngå oppfylling av vegen forbi Eidsgaard sin eigedom. I 1987 vart det lagt nytt betongdekke på brua. Det måtte utførast ein flaumreparasjon ved brua i 1995. I 2008 vart det montert rekkverk mellom gangfelt og køyrebane for å skjerme dei gåande. Brua fekk ny asfalt i 2014 noko bygdefolket tykte var på tide. Bilde her viser at den nye brua er bygd på dei same brukara som brua frå 1879.

Riksvegen vart lagt ned mot Hallingdalselva og avlasta trafikken gjennom sentrum i Gol under den siste større vegombygginga i 1975, men framleis er Heslabrua viktig i trafikken.

.........."..........

BEKKEKVERNENE OG BEBYGGELSEN VED HESLABRUA

Matrikkelutkast frå 1723 (Matrikkel: påliteleg oppgåve over jordbrukstilhøvet i bygda) viser at det var 28 kverner i Gol.) Dei fleste var små bekkekverner, men det var og litt større kverner som også mol til andre. Kverna ved Heslabrune har opphavleg tilhøyrt søre Hesla. Det eldste kvednastøe var nok ovafor brune, truleg ein stad der kverna til Ola Brøto stod. Denne kverna er nemnd fyrste gong i 1673. Før 1814 vart nok denne kverna selt til Viko. 1824 selde Knut Olson Viko kvernbruket til Oleiv Mikkelson Golberg. Seinare vart kverna selt attende til Hesla. Kverna nedom Heslabrua vart bygd av Viko- mannen i 1800. Han selde møllebruket til Endre Hesla i 1830. I 1850- åra vart Wilhelm Eidsgaard eigar av dette møllebruket.

28 mai 1880 bygsla Ola Endreson Hesla bort «et Vandfall i Hemsil med ret at opføre en stue for 50 Aar» til Ola Embrikson Nørheim(seinare Brøto) f-1840 d-1919 g. m. Kari Knutsdtr. Stensrud f-1851 d-1924.  Det var ovafor Heslabrune, nok på det opphavlege kvednstøe, at Ola bygde opp kverna si. Han bygde og ei lita stugu like ved til å vera i for den som styrde kverna. I flaumen 1897 reiste kverne, men stugu greidde seg. Ola bygde opp ny kvern litt lenger ut i elva. Tolleiv Vestaforhaugen hadde vore mylnar for han ein del, men elles styrde han kverna sjølv. Det var tre par kvernsteinar her. 1899 fekk Brøto skøyte på Olsgardremmen. Han selde remmen til Anne Olsgard som frå før eigde Fossheim. (Olsgardhuset/Fabrikkutsalet) Det var far til Anne, Halvor Olson Olsgard som kjøpte Fossheim av kona til Ola, Kari Knutsdtr. Stensrud Brøto i 1923. Det fylgde då med rett til å bruke kverna. Kverna var i bruk i 1920- åra kunne Guro Hoftun fortelje. Halvor bygde opp Fossheim før 1925 og brukte 2. etaje til skomakerverkstad. I 1.etaje dreiv døtrene med manufakturforretning som seinare vart lagt ned. Desse eigene vart i 1958 og 1959 overdrege til Astrid Espedokken (Stensrud) som har leigd ut lokala. 1929-1936 dreiv Sander Storla bakeri her. Hallingdal hudflid nytta lokala i tida 1936-1960. Ein filial av Gol Samvirkelag etablerte seg her i 1962. Fabrikkutsalet leigde først lokale i forretningsgarden til Håvard Botten men flytta til Heslabrua i januar 1984. I 1994 søkte dei kommunen om å få flytta til Hagaskogen, men fekk avslag. I februar 1996 vart Fabrikkutsalget " Kid Interiør" Dei vart ved heslabrua til juli 1999. Frå då av vart det "Fruene ved broen"  som slutta i juni 2007. I desember 2007 opna Sybille Wedding og Reinhard Streipert veskebutikk i desse lokala. 1. Januar 2018 opna Vasil Tafa møbelforretning her. Gol bygg vart nok starta oppe i eit lite hus ved Heslabrue, (nær "Fabrikkutsalget") trur det var i 1946. Då sykla'n Peder ned på lageret sitt i låven (uthuset) til Stensgård, (som var/vart svigerfar til Peder) og opptatt med varer. I 1990 kom parkeringsplassen bak Olsgardhuset. Ett trinn inn forsøkte å etablera seg ved Heslabrua 1985

Mølla som stod like nedom Heslabrua vart bygd av Viko- mannen i 1800. Han selde møllebruket til Endre Olson Hesla i 1830. Då Endre selde Hesla i 1850 tok han unna m. a. gårdens møllebruk og vannretter og selde dette til Vilhelm Bjørnson Eidsgaard f-1806 d-1871. Under storflaumen i 1860 reiste både kverna og Heslabrune. Seinare vart kverna bygd opp att. I 1873 overdrog kona til Vilhelm (Margit Ivarsdtr. Haukstad) kverna til sonen Bjørn Vilhelmson. Eidsgaard f-1842 d-1907. Omkring 1871 vart det sett ned ein fast mylnar her. Per Gudbrandson Lundstad og kalla «KvernePer» f-1823 d-1911 og fam. m.7 born, budde i ei stugu like ved. 1879 var det ein ny flaum, då reiste både kverna og stugu og fam. KvernaPer mista alt. 1890 var det ein ny flaum, kverna for men stugu sto. Det vart den siste kverna her. Dette og meir kan du lesa om her.  Hallingdølen fortel om ein anna "KvednaPer" henta frå boka til Svello (100 år i strid og vokster). Son av Bjørn Vilhelmson Eidsgaard, Engebret Bjørnson f-1872 d-1963 fekk i 1905 skøyte på Berglund av Ola Embrikson Brøto. I 1919 fekk han skøyte på Berglund skog av Ragnhild Olsdtr. Haugstad. Engebret eigde frå før halvdelen av Heslafossen, og i den gamle kvilestugu ved kverna byrja han i 1892 med krambu. I 1898 bygde han Eidsgaard Hotell, og i 1924 landhandel. Han dreiv og i tida 1902-1913 skysstasjon. Engebret bygde i 1912 eit lite elektrisitetsverk der kverna hadde stått som var i bruk nokre år før det vart selt til Granheim, men huset stod til etter krigen. I 1919 selde Engebret og broren Vilhelm fossen (kvdnastøet) til Aker kommune. Engebret kjøpt også bil i 1919 som skulle brukast til rutebil Gol-Lærdal. Han hadde og bensinutsal. Han bygde og ei hallingstugu som står enno og eit uthus som er rive. 1936 skøytte Engebret Eidsgaard Hotel til Paul og Barbo Villand. Landhandelen m.m. vart i 1942 overdrege til sonen Bjørn Engebretson Eidsgaard f-1900 d-1976. Bjørn og kona Borghild Knutsdtr. Svartebråten f-1922 fekk sonen Engebret Bjørnson Eidsgaard f-1941 og dreiv landhandel og bensinutsal. Sonen Engebret og kona Kari Marie Tokerud har og vore forretningdrivande og bygd både her og der noko som sønene Bjørn f-1969, Anders f-1971og Vilhelm f-1980 i dag forvaltar.

  • Dette stemmer. Min tippoldefar var møller og bodde der. Han tok navn etter Heslafossen og skrev seg Peder Gulbrandsen Heslafoss. I dagligtale gikk han under navnet KvednaPer. Han døde ca.1910. Finner han i Terje Østro sin bok under Heslamoen.
    Takk Runar for viktig info og fra en svunnen tid i Gol! Ja, KvednaPer var nok en sentral og viktig person ved Heslabrua i den tiden. Som "småfant" kan jeg huske at de eldre, under samtaler, kunne prate om han KvednaPer

.........."..........

Bildet viser at bebyggelsen ved Heslabrua 1892 bestod av bekkekverner og stugu for mølleren eller møllerfamelien. Mølla på bilde reiste med flaumen 1890 og vart ikkje sett opp att. Men mølla ovafor brua var i drift fram til 1920. I den gamle kvilestugu ved kverna byrja Engebret Bjørnson Eidsgaard (f-1872) med krambu i 1892. I 1898 bygde han Eidsgaard Hotell, og i 1924 landhandel. Han dreiv og i tida 1902-1913 skysstasjon. Engebret bygde i 1912 eit lite elektrisitetsverk der kverna hadde stått som var i bruk nokre år, før det vart selt til Granheim, men huset stod til etter krigen. I 1919 selde Engebret og broren Vilhelm fossen (kvdnastøet) til Aker kommune

BUTIKKEN TIL EIDSGAARD OG HALSTEINSGAARD KOM I DRIFT I 1892 OG 1890

Hus nr.1 er butikken til Engebret B. Eidsgaard. Engebret eigde frå før halvdelen av Heslafossen, og i den gamle kvilestugu ved kverna byrja han i 1892 med krambu. (Ein ser av bildet ovafor at Engebret har snudd kvilestugu og bygd på eit eller to rom.) Året før, i 1891 hadde Arne Halsteinsgaard starta opp som kjøpmann på nordsida av Heslabrua (nr.5). Dette var dei første nye landhandleria i Gol.

Huset nr.4 er Bakarstugu som vart bygt i 1900 eller like etter av reisverk. Dei baka i underetasjen for der stod bakaromnen. Det var Ole Embrikson Brøto som selde Bergland (34/13) til Engebret Bjørnson Eidsgaard i 1905. I 1898 hadde han bygd Eidsgaard Hotell, (Det store huset nr.2). Dette var ei naturleg oppfølging av at Eidsgaard hadde overteke skyssstasjonen to år tidlegare. Engebret bygde i 1912 eit lite elektrisitetsverk der kverna hadde stått og som vart selt til Granheim, etter noke år i bruk. Men huset stod der til etter krigen. I 1919 kjøpte Engebret ein bil som skulle brukast til rutebil Gol-Lærdal. Han hadde og bensinutsal. Han bygde og ei hallingstugu som som no flytt til Narumtomta ved jernbanestasjonen og eit uthus som er rive. 1936 skøytte Engebret Eidsgaard Hotel til Paul og Barbo Villand. Landhandelen m.m. vart i 1942 overdrege til sonen Bjørn Engebretson Eidsgaard f-1900 d-1976. Bjørn og kona Borghild Knutsdtr. Svartebråten f-1922 dreiv landhandel og bensinutsal og dei fekk sonen Engebret Bjørnson Eidsgaard f-1941. Engebret og kona Kari Marie Tokerud har og vore forretningdrivande og bygd både her og der noko som sønene Bjørn f-1969, Anders f-1971og Wilhelm f-1980 i dag forvaltar.

I 1846 vart det postopneri i Gol. Les meir om dette her. I 1897 vart G.Tingvall det første landpostbodet i Gol, og same år vart det bygt eit lite posthus ved Heslabrua.(Bergland 32/24) Tingvall bar posten oppover til Ro-gardane fire gonger i veka. Då jernbana kom i 1909 vart det krav om at posthuset burde bli flytt ned til stasjonen ettersom posten no vart sendt med toget. Hesterutene gjennom dalen måtte dermed slutte. I 1913 bygde Narum hus ved stasjonen, dermed vart postkontoret lagt dit.

.........."..........

EMBRIK EIDSGAARD BYGGER KVERN OG KRAFTVERK VED HESLABRUA I 1905

Embrik Eidsgaard var ein drivandes kar. Like etter århundreskiftet bygde han eit lite elektrisitetsverk neda Heslabrua. Det må ha vore det første i dalen. Han hadde ei kvern der og i samdrift med denne bygde han verket. Det gav lys til husa hans. Folket elles i bygda måtte greie seg med parafinlampa endå mange år. Men i 1919 kom det ein storflaum og reiv med seg kvernhuset og dermed e.verket.

.........."..........

I 1913 VART "SLETTEMOLYSET" TENT

På den andre sida av Hemsil var det kome ein Holing, O. Slettemoen, også ein sers driftig og insiktsfull mann. Han fekk i 1912 med seg O. Narum, Knut Hesla og Per Kinneberg og dei bygde Myklefossen Kraftstasjon som kom i drift i 1913. Utgangspunktet var å forsyne mølla like nedanfor med kraft, men overskot i produksjonen gjorde at omlag 40 kringliggande husstandar fekk nyte godt av det revolusjonerande «Slettemolyset».

Fem år seinare vart kraftstasjonen seld til Aker kommune, saman med fallrettane i Hemsil. Seljarane fekk ein klausul i kontrakten som sa at dei kunne driva kraftverket fram til elva var ferdig regulert.
Myklefossen Kraftstasjon vart drive fram til 11. november 1959. Sidan den gong har kraftverket stått stille.

I 1996 var det fire karar ved Oslo Lysverker som gjekk i gang med å restaurera kraftstasjonen. Dei hadde som mål å bli ferdig til 40-årsdagen for "stillstand" men alt i 1998 kunne ein sjå det revolusjonerande «Slettemolyset». Anlegget er i dag eigd av Oslo Energi under namnet Myklefoss El Verk Org nr 970 540 652.

I mai vart Myklefossen Kraftstasjon utpeikt som Gol kommune sitt bidrag til Kulturminnestafetten 1997.
I desember same år vart Myklefossens Venner tildelt Gol kommune sin kulturpris for 1997. Dei fire karane fekk prisen for å ha gjort ein kultur- og dugnadsinnsats utanom det vanlege, med å byggja opp att eit unikt kulturminne.

I 1999 Sette Gol Bondelag opp ei kvern ovafor Heslabrua

Kommunen møtte seg sjølv i døra i 2000

.........."..........

GOL ELEKTRISKE MØLLE FRÅ 1913

Pål Breiehagen skriv den 2. november 1978 fylgjande: Det var tre som finansierte både Myklefossen kraftverk og mølla. Ola Slettemoen, Per Kinneberg og Knut Hesla. Det er klart at sjølv den tida skulle det mykje kapital til noko slikt. Korleis dette i detalj vart ordna veit me ikkje, men Per Kinneberg var ein stor gard- og skogeigar. Han selde Finnesgard for 100 000 kroner, og mykje av dette vart vel brukt i anlegget.

Mølla var, etter den tid, eit stort hus, oppført i kraftig reisverk, som står like bra etter 65 år. Ola Slettemoen var ein mann langt frammom si tid. Han gjekk på Voss folkehøgskule og fekk sterke impulsar der, og ideen til anlegget ved Heslabrua tok til å ta form. Han for rundt for å sjå på slike anlegg, og gjekk så i gang. Det som vart gjort den gongen står derfullt brukbart den dag i dag, bortsett ifrå at rampen har fare ille med kraftverket og også vore på ferde i Mølla. Men slikt let seg reparere om so var. Kraftverket var i bruk fram til 11. november 1959, medan Felleskjøpet sin kornsilo på Gol tok i mot det første kornet den 24. september 1965. Dei mange bekkekvernene og møllene i Hallingdal vart ikkje lenger liv laga.

I 1978 hadde kulturstyret von om å få verna Mølla: Pål Breiehagen har engasjert seg i saka. Mølla brann ned til grunne den 4. oktober 1993. I ettertid er det sådd ein del meiningar i media om Mølla, og kva verdiar som egentleg gjekk tapt i brannen. Eit av tetaka kulturstyret gjorde i 1978 var å kontakta Distriktenes Byggconsul ved arkitekt Odd Kr. Vik. Framlegget deira kan du sjå her. Arild ber golingene via lesarbrev i 2015 vurdere iden hans for å få til ein atraksjon ved Heslabrua.

.........."..........

GOL KORN OG FRØRENSERI VART BYGD I 1938

Gol Korn- og Frørenseri vart bygd i 1938. Eit tiltak som Gol landbrukslag har all ære av, skriv Hallingdølen den 13. mai 1938. "Det er lagets formann T. Bergheim som har arbeidet saken frem, så renseriet nu står ferdig til å tas i bruk. Det tar i mot til hamsing og finsortering av engfrø og korn for triørrensing og sortering i spesiell sorteringsmaskin, samt beising. Alt utføres i tidsmessige maskiner. Frørenseriet var i bruk til ut på 60- talet.  I seks år frå 1975 heldt Bytesentralen til i loftetasjen. Det var ei trebru frå Møllebakken og inn til lokala. Mandag den 30 august 1982 brann frørenseriet til grunne. Det var nokre gutar som var uvørne med eld.

.........."..........

1938 - 1940

1897 - 1904 - Møllerstova er frå før 1892. Bruslet er frå 1891 og Posthuset er frå 1997 og

1900 - 1910 - Arne Pålson Halsteinsgård fekk skøyte i 1890 på Bruslet 14/29 og starta landhandel her i 1991

1897 - 1910 - Posthuset, Bergland 32/24 (til venstre for Hotellet)vart bygd i 1897

E-verket vart bygd i 1912

Etter 1914 men før 1920 (Ser ikkje Solstad) Bruvolden (Slettemoen) vart skyldelt i 1906

1920 eller etter - men før 1925

1940

1928 - 1929

 Biletet i dagens Gam-le Hallingdal er frå området ved Hesla-brua og teke på 1920-talet (1928/29) I den grad ein kan snakke om eit sentrum i Gol for hundre år sidan, så låg det rundt Heslabrua. Her møttest tre vegar, frå Åsgar-dane/Valdres, frå Øygarda-ne/Hemsedal og frå Ål/Hol, her var det forretningar og i 1914 vart det bygt kommunehus straks oppi Hemsedalsvegen, der også sparebanken fekk kontorplass." Men med opninga av Bergensbanen i 1909 voks det fram eit nedre sentrum ved Gol stasjon, på andre sida av Hallingdalselva. Såleis fekk Gol eit delt bygdesentrum, og den dag i dag snakkar golingane om øvre og nedre Gol. Så over til biletet, der Halgrim Ulsaker har hjelpt oss med opplysningar. 1) Dette er eit varelager for Eidsgaardbutikken. Butikken, som sto på andre sida av vegen, vart bygd i 1924. Både lageret og den tids butikklokale er borte. 2) På andre sida av krysset ser me Olsgardhuset, eller i dagleg¬ tale «Ørskahuset». Halvor Olsgard bygde her først på tjuetalet og hadde skomakarverkstad i 2. høgda. To av døtrene hans dreiv garnforretning i første etasje. Huset står enno og er leigd bort til Fabrikkutsalget. 3) Her skimtar me i taket på eit uthus/lagerhus til Olsgardhuset. Dette står enno. 4) Me kryssar Heimsil over Hes-labrua og kjem til mølla. Ho vart bygd i 1913 og vart driven med kraft frå eit e-verk - no restaurert - lenger oppe i elva. Det var meininga å bevara mølla som museum, men dessverre gjekk ho tapt i ein brann i 1993. 5) Halstensgårdhuset, butikken hans Ådne, eller som dei sa lenger oppe i Gol, «hjå'n Ådne neve brune», er frå før forrige århundreskiftet. Det var Arne P. Halsteinsgard frå Ustedalen som bygde her og starta butikk i 1890. Dette var lenge den største butikken i Gol. Sønene Pål og Petter dreiv butikken til 1971, då systersonen Sven Halstensgård tok over. Sven var med i det friviljuge brannvernet, og under ei utrykking til ein bilbrann vart han påkøyrd av ein bil som brasa gjennom sperringane. Sven vart hardt kvesta og han måtte avvikle butikkdrifta. Men butikklokala står med det same gamle inventaret som før. Son til Sven, Stein Morten, har restaurert bygnaden. 6) 01a O. Slettemoen kom til Gol frå Hol og bygde hus litt oppi Hemsedalsvegen. Slettemoen sto i spissen for bygginga av e-verket ovanfor Heslabrua, han var med i mølla og han dreiv sagbruk der parken ved Gol ungdomsskule er no. Straumen frå verket i Heimsil vart i det daglege kalla «Slettemo-lyset». 7) Gol Tingstugu vart bygd i 1914. Den gamle tingstugu sto oppe ved kyrkja og var samstundes skulehus for Golreppen. Denne vart riven i 1911, og tanken var å setja ho oppatt nedanfor Heslabrua. Dette vart det ikkje noko av, og i 1913-14 vart ny tingstugu bygd. 8) Her ser me våningshuset på nordre Hesla, ein timrabygning i to høgder, bygd ca. 1915. Huset er med åra ein del ombygd. Husa i Hesla sto før ovanfor riksvegen til Hemsedal, rett opp for Heslasvingen. Der stod det lenge att ei gammal stugu som brann for nokre år sidan. 9) Me skimtar i taket på Vonheim ungdomshus. Det vart bygd og innvigd i 1912. Her sto det først eit hus som Gol ungdomslag hadde kjøpt, men som brann i 1910. 10) Gol sjukehus vart bygt ca. 1906. Det var kommunelegen i Gol den gongen, Halfdan Sundt, som gjekk opptakten til eit slikt bygg. Det var i bruk som sjukehus i nokre år, men då Bergensbanen kom i 1909, vart det meir vanleg å sende pasientane med tog til større sjukehus «nedafor». Jordmora budde nokre år i sjukehusbygget, inntil det vart selt til privatbustad. 11) Den gamle låven på søre Hesla vart erstatta med nye uthus sist på 50-talet. 12) høgre kant på biletet ser me husa på Golberg, eigar no Odd Golberg. 13) Farset på Farsetberget stammar ho ifrå den kjende korrupsjonsjegeren i Frankrike, Eva Joly. Ho har kome ut med bok i haust, der ho blant anna fortel om mange sommarbesøk på garden der far hennar var fødd og vaks opp. I dag er det Tor Bakken som eig Farset. 8. desember 2001  SIGBJØRN TORMODSGARD 

1937 - 1938

1940

1943. Du kan du sjå brua 2019 her

1958

1960

1962/63  Eit stykke opp i Møllebakken ser du Betel

2020

 

Gol sentrum får andlet. 12.12.1939

Den tida då det var ordskifte om anten strøket kringom Heslabrua eller Gol stasjon skuld reknast som Gol sentrum, må no seiast å vera forbi. Etter at det dei siste åra er bygt so mykje langs heile vegen millom desse to stadene, må det vel vera rettast å kalla heile strøket sentrum i Gol. Dei 2—3 siste åra er det kome opp mange fine hus i Gol sentrum. Nybygga vitnar om at golingane fylgjer godt med tida når det gjeld å byggja høveleg og fint, praktisk og solid. Millom dei som har bygt eller har hus under arbeid for tida, kan nemnast: sjåfførane O. Øynelien, K. G. Viko, K. Gulbrandsen og urmakar Juul Turhus. Dei to sistnemnde byggjer forretningshus.

Post festum. 75 år. F.h.v kjøpmann og hotelleier E. B. Eidsgaard, 11. desember 1947

Gol, fylte 75 år den 5. desember, og var i den anledning gjenstand for stor oppmerksomhet. — En mengde telegrammer og blomster strømmet ham i møte fra nær og fjern, og om kvelden hadde en stor skare av venner og naboer innfunnet seg på Eidsgaard hotell for å bringe den avholdte jubilanten og hedersmannen sin hyldest og takk. — Hr. Eidsgård har vært en usedvanlig dyktig, arbeidssom og initiativrik mann. For om lag 56 år siden startet han sin egen kjøpmannsforretning ved Hesla bru. Første året nådde han en omsetning på ca. 700 kr., og da han i 1938 overdrog forretningen til sin eldste sønn, var den øket til ca. % mill. kr. — Ved siden av forretningen drev han også sitt velrennomerte «Eidsgaards Hotell». Dette er så og si vokset opp av en steinur, forteller jubilanten, og det var mange som spådde meg ille da jeg tok til å tufte til hotellet.. Det var ikke så stort til å begynne med, men jeg har «bygd til» etterhvert. — Hotellet overdrog han for ca. 10 år siden til sin eldste datter, der er gift med hr. Pål P. Villand fra Hol. Også Kamben Hotell er til å begynne med bygd av hr. E. B. Eidsgaard, — et vel anseet og landskjendt sted, som f, t. eies av hf. Martin Brekke. Hr. Eidsgaard har vært meget benyttet i bygdens styr og stell gjennom årene. I en lang årrekke var han formann i Gol Sparebanks forstanderskap. Og helt til det siste har han vært formann i Hallingdal Brannkasse. — Han var også den første som bygde sitt eget elektrisitetsverk i Gol. Han er en nevenyttig mann, kan lage både sko, møbler og redskap. Han bor nå oppe i sin lune og koselige villa «Lauvlia», men tru ikke at han ligger på latsida. Nei, han driver fremdeles med å bygge og forbedre, og er nettopp ferdig med en stor vannledning. Hr. Eidsgaard har alltid vært den sindige, kloke og framsynte mann. En sønn som gamle mor Norge kan være stolt av. En høvding som alle ser opp til. — For 54 år siden var han med og stiftet «Hallingdals Landhandlerforening». Fra 1940 er han æresmedlem her. Ved sin hjelpsomhet og sitt vinnende vesen har hr. Eidsgaard vunnet seg mange venner, ja bare venner har han. — Vi håper at vi ennå i mange år må få se hans staute og ranke skikkelse blandt oss. Vi ønsker ham og fruen et langt og lykkelig otium.

Telefonstolpane blir borte. 16.07.1960

I Gol sentrum, frå Heslabrua til telefonsentralen, er telefonstolpane no blitt fjerna. Grunnen til dette er at det på denne strekningen er lagt kabel. Av same grunn vil og telefonstolpane på strekningen Gol—Valdresdelet bli borte. Her vil det bli turvande med nokre stolpar for å knyta abonnetane på lina. Det vil og med tida bli lagt kabel frå Gol og oppover dalen, opplyser telegraf styr ar Baad-strand.

Grøftearbeidet i Gol sentrum. 30.07.1960

Gol Vannverk er no kome vest for Heslabrua med grøftearbeidet. Arbeidet gjennom Gol sentrum har gått fint, men det har skapt ulemper for trafikken i sommar, då trafikken har lett for å korka seg i dei innsnevringane som naturleg vil oppstå. Asfalten er og mange stader ille faren, så ein må rekna med ein god mon reparasjonar av vegdekket.

Gol sentrum er eit viktig knutepunkt 02.10.1961

Gol er det geografiske sentrumet i Hallingdal. Bygda ligg midt i dalen og har gode sambandsliner. I tillegg til jernbanen og riksvegen mellom aust og vest, har Gol også riksvegsamband med både Sogn og Valdres. Den store bil- og busstrafikken ein sommardag i ferietida, syner at Gol sentrum er eit knutepunkt. Med den utviklinga som er, ser det ut til at 'Gol vil få det største sentrumet i dalen. Det har vore mykje bygging dei siste 10 —15 åra. Dei to sentruma, det eine ved jernbanebrua og det andre ved Heslabrua, held på å smelta saman til eitt. Dette kom tydeleg fram då striden stod om kor sentrumsskulen skulle plasserast. No er det prektige skulebygget kome opp på ein fin tomt i bakken opp for Heslabrua. Det andre store skulebygget er Hallingdal Folkehøgskule på Skaga, som vi ser på biletet. For nokre år sidan fekk Gol Buskerud Kvinnelege Husflidskole som ei førebels ordning. Å få eit landsgymnas for Hallingdal lagt til bygda, er det store ynske no for tida. Hallingdal Salgslag med slakteri og ullmottakarstasjon er iblant dei største verksemdene i kommunen, og nyleg vart det starta armaturfabrikk. Nytt meieri vart bygt for ein del år sidan, og det blir no drive som smørmeieri. Heimsilutbygginga førde til at ein av Oslo Lysverker sine kraftstasjonar vart liggjande i fjellet, ikkje langt unna sentrum. Turisttrafikken er også ei inntektskjelde. På det vakre Golsfjellet er det fleire hotell, og fleire har utvida i det siste, og somme held på med nye utvidingar. Hyttebygging er det også mykje av i desse traktene. Tanken om eit skitrekk frå bygda og opp på åsen, er vorten aktuell i dag.

Torsdag 8. februar 1979  Den gamle Hesla-brua i Gol

Biletet vårt i dag er frå den gamle Heslebrua i Gol og er tatt av fotograf" L. K. Ødegaard, Nesbyen, truleg i 1912-13. Denne brua vart sprengt under krigshandlingane i 1940 av dei norske styrkane, for å hindre tyskarane. Kjøpmann Wilhelm B. Eidsgaard i Gol, som har forretning like ved, fortel at han hugsar godt til dette. Dei som budde i nærleiken fekk beskjed om å koma seg vekk under sprenginga, og dei var komne til menighetshuset i Gol då det small. Når vart denne brua bygt? Det har ikkje lukkast å få sikker greie på dette. Me kan ikkje finne at det står noko årstal i boka om Gol. Men veganlegget Viko-Robru står omtala. Det var mykje draging om denne vegen. Det var spørsmål om kommunal deltaking, og ikkje berre frå Gol, men Hemsedal og Ål. Ålingane var noko påhaldne ved at dei hadde så mange vegar dei skulle byggja, dei med, og dessutan drog dei i tvil om kva nytte dei hadde av denne vegen. - Ikkje meir om sjølve vegen. Men brua står omtala i ein undersetning. Me har spurt Halvor J. Bakken kva han meiner om teorien om at gamlebrua vart bygt i samband med denne vegen, og han trur at det er naturleg at det vart gjort. Han hugsar elles, som fleire eldre i Gol, godt til brua som altså fekk gjera si teneste i om lag 70 år. Som ein ser av biletet var ho lagt på kjær mura av diger gråstein, og elles av tre. Elvesida nedover, på austsida, vart og oppmura den gongen, ser det ut til. Under midtspennet skimtar me eit par små hus, det er den gamle vasskverna som var i bruk til Ola Slettemoen bygde ny kvern i 1912. Etter den gamle kverna står det no att berre murane. Etter det me har fått høyre vart ga ml ek ver na riven omkring 1920. Nedanfor brua ser me eit lite, firkanta trehus, like utpå murkanten. Det er det vesle kraftverket som Engebreth Eidsgaard bygde. Det er eit bilete frå den tid dette vart bygt, og det er skrive bakpå: Anlagt i 1912. Det var ein ingeniør Løken frå Valdres som hadde teikna verket. Dette var eit lite verk, fortel Wilhelm Eiudsgaard, berre brukt til hotellet som var bygt der. Han fortel at far hans fortalde det kom folk til då utelampa vart sett på, og dei kasta ei nål ned på marka og fann ho att i det skarpe lyset. Ei stor oppleving. Men det var trevaleg nok å halde verket i gang om vinteren, og Engebreth måtte ofte opp midt på natta for å reinske grindane framma røyrinntaket for is. Dette verket var i bruk nokre år, men so vart maskinane selde til Ola Granheim, til skysstasjonen der. Der vart dei brukt i fleire år. Krigen kom og det vart dårleg med parafin, fortel Halvor J. Bakken, og han og tre til bygde og eit lite kraftverk i Heimsila, omlag rett ned for Robru Handelslag. Det var nærast i spøk dei kom på dette, men det vart alvor. Det hadde stade ei kverrn der, og det låg att to turbinar. Dei tok den eine av desse og sette i gang, faktisk på eiga hand. Men dei vågde ikkje starte opp åleine, men fekk Ola Slettemoen til å hjelpe seg. Og det vart lys til gardane omkring. Som me skreiv i Hallingdølen 2. november i fjor, bygde Ola Slettemoen sitt el. verk i 1912, oppi fossen, eit stykke ovanfor Heslabrua. Det høyrest litt rart ut at det vart bygt eit el. verk til, so nær og pålag same tid. Men ingen veit i dag noko sikkert om korleis dette eigentleg hadde seg. I alle høve: Golingane var tidleg ute med el.verk. Heilt til høgre ser me ei tømmerstugu. Det er huset som «Kvedna-Per» bygde. Han var møllar på fleire stader, men ogso i gamla-mølla ovanfor brua. Olav Slettemoen fortel og om då gamlebrua vart sprengd. Han og fleire stod bak huset til Olav Halstens-gård då det small. Tyskarane kom dagen etter omlag, men dei fekk snart opp att ei bru, nede på svaberga som me ser nedanfor. Dei kommanderte ut bygdafolk og tok materialar der det fanst og innan eit par dagar var brua klar til bruk. Tyskarane kom 28. april (?), og 1. mai var brua klar. Men då kom godveret og flaumen, so det var i siste liten. Tyskarane settesnarti gang bygging av ei betre bru på dei gamle kjæra. Dei kommanderte ut folk i bygda til å gjera dette. Østen Dahlen var slik ein flink brubyggjar, og måtte vera med. Og denne brua gjorde teneste til nyebrua kom i 1959, og som er i bruk no. I retteleg gamle dagar, før slike bruer vart bygde, var det å ta seg over elvane der det gjekk an når dei var små. Det vart og gjerne lagt lange tømmerstokkar over der det kunne vera eit juv eller elva var smal. På dette svaberget me ser nedanfor Heslabrua, veit me, frå bygdebøkene, at det vart lagt stokkar over der folk tok seg over. Desse stokkane vart oftast tekne i vårflaumane. Med denne stod på var samban-det her brote. Det er fleire dramatiske soger frå denne tida då dristige karar tok seg over sjølv om elva var stor. Men alt kverv bort i gløymsla, det kjem nye tider og nye byggverk. Det me ser på dette biletet er det ikkje mykje att av. Det er gråsteinkjæra og muren langs austsida av elva. Gamlebrua er det elles berre dei eldre som hugsar og den ganle mølla og den vesle kraftstasjonen er det ikkje mange heller som no har i minnet. Heller ikkje stugu hans «Kvedna-Per». Men slik såg det altso ut i 1912-13.

Hotellet og butikken ved Heslabrua  Torsdag 1. oktober 1981

Det eldste hotellet i Gol var på Rolvshus, bygt og drive av landhandler Bruun. Dette var i drift til i 1940, under fleire eigarskifte. Det fyrste av dei hotell som er i drift vart bygt av Engebreth Eidsgaard i 1904, som skysstasjon. Det var kona, Kristi, som dreiv denne og seinare hotellet. Det er dette hotellet me har bilete av i dag. Dottera deira, Barbro, vart gift med Pål Villand, som held fram med hotelldrifta. Dottera deira, Solveig, tok så over. Ho har utvida mykje og driv i dag under namnet Eidsgaard Turisthotel og Motel. Som me ser på biletet er inngangs- og altanparti-et bygt i sveitserstil, men alt no med det fyrste tilbygget, ved inngangen til høgre. Til høgre, bak hotellet, ser me i butikken til Eidsgaard. Alt i 1885 hadde Gol fleire landhandla-rar. Det gjekk ikkje like bra med alle, dei var for «snille» og let folk få «borge». Det var lett å få kjøpt, men verre å betala. Mange hadde ingenting å betale med i oppgjersio unda, og kjøpmannen makta ikkje dette og måtte gje opp. Men i 1890-åra kom det nye bytikkar. Dei bygde på røynslene til sine forgjengarar og greidde seg betre, 11891 tok Arne Halsteinsgard til på nordsida av Heslabrua. Denne butikken er i drift endå, i gamle lokal., Då Eidsgaard reiv gamlebutikken kom dei over ein protokoll der det gjekk fram at Engebreth Eidsgaard hadde tatt til med krambuhandel i 1892, i Kvednastugu dei kalla, som stod ved Heslabrune. Det er Wilhelm Eidsgaard som fortel dette. 11904 bygde Engebreth butikken som seinare vart utvi-da, og den var i drift til for eit par år sidan. Wilhelm hadde butikken ei tid, og dreiv han så ei tid saman med brorsonen Engebret B. Eidsgaard. Han tok over det heile og bygde ny forretningsgard, som me veit, og gamlebutikken vart riven. På biletet ser me elles litt av Heslabrune, som vart sprengt i 1940. Arne Halsteinsgaard, på nordsida av elva og Engebreth Eidsgaard, på hi sida, var begge to sers driftige karar. Arne bygde og mølla, som me ser bak Heslabrune. Lenger oppe i elva bygde han kraftstasjon. Foruten butikken og hotellet bygde Engebreth Eidsgaard også ein liten kraftstasjon. Dette kunne tyde på at desse to var konkurrentar. Men om sa var, var forholda i mellom dei to det aller beste, fortel Wilhelm. Om ein mangla noko ein gong, reiskap eller liknande var den andre alltid parat med ei hjelpande hand. Møllebygningen er ikkje lenger i bruk. Korleis det skal gå med denne er for tida til vurdering.

Historia om Golreppen skule 06.12.1984

starta i 1909. Da vart det bestemt at den gamle tings-tugu som sto ved kyrkja, skulle flyttast ned til He-slabrua. Skulen heldt til i tingstugu, og det vart difor aktuelt å finne ny plass også til den. Og sidan mange budde oppe i Golreppen, vart det delte meiningar om plasseringa av skulen. Det låg føre to alternativ: Å byg-ge skule på den gamle tings-tugutomta ved kyrkja, eller legge skulen på Sander-bord, midtvegs mellom kyr-kja og brua. Dette vart ein «kamp» som delte bygda i to, og det vart arrangert heile 3 kretsmøte der dei røysta over plasseringa. Eit tredje alternativ dukka opp, midt mellom Sanderborg og kyrkja. Imidlertid sigra Sander-borg-alternativet til slutt, og det vart vedtatt å bygge skulen der. Skulen vart teikna av arki-tekt O. Stein som teikna mange bygningar i Gol på denne tida. Det var ein stor skule etter forholda deh-gong, og prosjektet vart liv-leg debattert i heradssty-ret. Mange meinte skulen var for stor, og prisen var i same klasse: 4.000 kroner var uhøyrt mange pengar den gongen. Det halve måt-te vere nok. Korleis skulle det gå med Gol dersom dei skulle betale så mykje pen-ger for ein skule. Dette var for råflott, meinte mange. Eit anna moment vart og-så trekt inn: Snikkarane i Gol kunne umogeleg ar-beide etter teikningar. Det var dei ikkje vande til. Men all motstand vart overvunnen. Skulen vart vedtatt, og den vart bygd. Og det viste seg at snik-karane i Gol kunne arbeide etter teikningar likevel. Skulekjøkken Utvendig såg skulen ut som den gjer i dag. Det var 2 klasserom i første høgda, og lærarinnebustad i andre. Læraren hadde tradisjonell bustad i klokkargarden Li-sla, like fram til andre verd-skrigen. Og ei lærarinne meinte ein måtte klare seg med husværet i skulehuset. Skulen i Golreppen tente bygda i mange år. I 1948 vart det innført ob-ligatorisk framhaldsskule i Gol. Og her var det under-visning i skulekjøkken, først for jenter, seinare også for gutar. Denne undervisninga vart lagt til sløydsalen i Golreppen, som vart ominn-reidd til dette bruket. Sløy-dundervisninga vart så gitt i tingstugu, der framhaldss-kulen heldt til. Og i 1949 vart det bestemt skulekjøk-ken også for 7. klasse i fol-keskulen. Trong etter kvart Golreppen var hovudskulen i Gol like fram til 1960, då Gol skule stod ferdig nede ved Heslabrua. I mellomtida det berre gjort mindre endringar ved skulen. I 1951 vart det bygt nytt uthus med garasje, vedlager og tidsmessige utedoar, og alle klasserom vart panelte innvendig. I 1953 vart det gjort in-nreiingar i kjellaren. Dei siste åra fram mot 1960 var det trongt på Gol-reppen. Bametalet auka, det vart fleire elevar, og ein måtte ut på bygda for å låne rom til undervisninga i en-kelte fag, m.a. i Gol be-dehus. Då Gol skule sto ferdig i 1960, vart Golreppen ståan-de tom ei tid. Det vart om-innreidd i andre høgda, der heile etasjen no vart gjort om til bustad. Første etasje vart ståande med klasse-rom i reserve. Ein viss tanke for bruk dukka opp ved planlegginga av Hallingdal Dagheim. Skule for Herad Og i 1969 vart Hallingdal Dagheim eit faktum, og in-situasjonen fekk lokaler på Golreppen, etter at andre plasseringar var forkasta. Først brukte dagheimen 1. etasje, seinare også resten av huset. Dagheimen heldt til i Golreppen like til 1982, då den nye og moderne dag-heimen sto ferdig i Vester-huset. Og i 1982 var den ledige Golreppen god å ha. I feb-ruar brann Herad skule, og det var ikkje vanskeleg å skaffe Herad-elevane mid-lertidige skulerom. Ei veke etter brannen var undervis-ninga i gang i Golreppen. Transporten av borna frå Herad til Golreppen var ei enkel sak å løyse. Ikkje fullt så enkelt var forholda for vatn og kloakk, men også det gjekk bra. I haust sto så den nye Herad skule ferdig, og Gol-reppen skule vart ståande tom. Men ikkje lenge. I oktober kunne Glitrehaug skule ta enkelte av roma i bruk til verkstad for ar-beidstrening for elevane, som ei rein mellombels ord-ning etter at den opphavele-ge verkstaden — Faråsen Trevarefabrikk — viste seg å ikkje høve til formålet. Planar vidare Også i framtida vil det bli bruk for Golreppen skule. Skulesjef Edin Morken har mange idear for kva skulen skal brukast til, og om ikkje så lenge skal desse ideane opp til nærare drøft-ing. Og skulen kan nyttast til mangt.: Glitrehaug skule kan få fåst tilhald for arbeidstre-ning i deler av skulen. Også Hallingdal Dagheim kan ha behov for liknande arbeidstrening. Musikkskulen i Gol, som har over 100 elevar, kan få Golreppen som fast stad, i motsetning til i dag når undervisninga er spreidd j over mange stader. Det kan bli aktuelt å lage musikkbarnehage på Gol-reppen etter jul. Lærarbustad, eller anna : kommunal bustad, kan og- : så ha rom her. Vaksenopplæringa i Gol kan ha skulen som fast kursstad og verkstad, t.d. for husflid og handverks- ; kurs. a Det kan lagast til skule- ! museum. Men ingenting er bestemt enno, seier Edin Morken og presiserer at dette berre er idear. At Golreppen skule har . gjort nytte for seg gjennom 75 år, og vil gjere det også i framtida, er derimot eit ; faktum.

Fest- stund då lyset kunne tennast 08.06.1985

Gol komm. el.forsyning er 50 år. Dette er ein tidbolk med stor utvikling. Driftsassistent Olav Dokken har vore med i utviklinga. Han starta som læresvein i den nyskipa el.forsyninga i 1935. Då han no slutta, 69 år gammal, fekk han nyleg Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin, og heidersmerket til Norske Kommuners Sentralforbund for lang og tru teneste. Olav Dokken var tenestevilling som alltid, og gjekk straks med på ein laurdagsprat i Hallingdølen. For å skaffa oss litt historisk bakgrunn om el.forsyninga, titta journalisten litt i Boka om Gol. Der kunne han under avsnittet «Lys og kraft» lesa blant anna dette: Fleire småkraftverk Fleire gjekk i gang med småkraftverk, så dei kunne ha lys til eiga bruk. Embrik Eidsgard var den første som bygde eit lite verk. Han åtte fossen under Heslabrua og dreiv eit kvernbruk der. I samdrift med dette bygde han eit verk straks etter 1900. Det var ikkje meir enn at det gav lys til huset hans. Men oppe i Golreppen såg dei at det lyste i ei lampe av seg sjølv nede ved Heslabrua, og det tente til å nøre kravet om at det måtte bli elektrisk kraft i bygda. Litt seinare bygde Ola Granheim eit lite verk ved Klevafossen. 11918 gjekk oppsitjarane ved Robru saman om å byggja eit lysverk i eit gammalt kvernhus. Verket gav lys til heimer på både sider av elva ei stutt tid, til storflaumen i 1919 tok den vesle kraftstasjonen. 11919 bygde fire golingar eit noko større verk på 48 hestekrafter ved Myklefossen ovanfor Heslabrua. Det vart ferdig i 1913, og då fekk Golreppen og strøket ved Heslabrua, ca. 40 huslydar, elektris lys. Verket kunne produsere straum til noko over 200 lamper og drivkraft til møllebruket. — Olav Berget bygde eit verk ved Hemsil ved Kroken. Det var i drift i 25 år, og gav kraft til trevarefabrikken hans og lys til grenda nærast. Krav om kraft til heile bygda Desse småverka hjelpte til med å fremja kravet frå folk flest at heile bygda måtte få elektrisk kraft. Men det drog lenge ut for bygdestyringa ville gå inn for kraftutbygging. 11912 sende kommunestyret ein søknad til departementet for å få kyndig hjelp til gransking og utrekning av fossefalla i bygda, for komunestyret hadde så smått tenkt å ekspropriere fossekraft til eit elektrisitetsverk. 11923 hadde kommunestyra frå Gol, Nes og Flå eit sammøte på Nesbyen. Det vart semje om å senda ei oppmoding til fylket om å byggja ut Hallifossen nedafor Svenkerudbrua så fort som mogleg. Men det vart ikkje noko av at fylket kom til å byggja kraftverk i Hallingdal. Ei tid etter kjøpte likevel Gol og Nes fossen for 75.000 kroner. Kraft frå Al 11931 sette Gol kommunestyre ned ei nemnd til å ta seg av elektrisitetssaka. Ål kommune hadde eit kraftverk på 200 hestekrefter i 1914, som gjekk godt, og vart utvida til 600 HK i 1919.1 1930-åra måtte Ål Kraftverk stadig utvida, og i 1939 disponerte det 3.400 HK. Då var heile Ål forsynt, og kraftverket kunne også levere kraft nedetter Hallingdal. Olav begynte 1. april Olav Dokken begynte i Gol komm. elforsyning 1. april 1935. Han kunne då ta til med å pakke ut installasjonsmateriell. Dei dreiv på med å stikka stamlinja gjennom Hagaskogen. Stamlinja frå Ål, 20 kV, skulle gå til Lindelien i Flå. Hemsedal kom etter i 1937. Den første tida var det berre driftsstyrar Bjørn Lagmansdokken, Olav Dokken og ein linjemontør ved el.forsyninga. Først i 1950 vart det tilsett meir folk. 1 1954 måtte det kostast ny stamlinje, og spenninga vart auka til 60 kV. Det kom også sekundærstasjon i Gol, Nes og Flå. Berre fire sjefar Det har vore 4 styrarar ved Gol komm. elforsyning i desse 50 åra. Den første, Bjørn Lagmansdokken, var driftsstyrar i heile 25 år. Etter han følgde Kåre Aukrust og Arne Sperrud.No er Ottar Rogne elverksjef. Olav Dokken begynte som lærling ved el.forsyninga. Læretida var den gongen 5 år utan kontrakt. No er det fire år med kontrakt. 1 1947 vart Dokken autorisert installatør, etter han hadde gått teknisk skole i Oslo. Han fekk då tittelen driftsassistent/ installasjonssjef. — Den kommunale el.forsyninga har vore ein god arbeidsplass, seier han. Lenge hadde han hug til å begynne ved jernbanen, men då han til slutt kunne fått ein jobb, sa han nei takk. Han hadde ein god og triveleg arbeidsplass i kommunen. Skidommar i 25 år I hans yngre år var hobbyen skiidretten, både hopp og langrenn. Han var autorisert dommar i Hallingdal skikrets i 25 år, og formann i dommarlauget. Det vart ein god del reising, både i Hallingdal og Valdres, ja heilt til Vestlandet. Det var større interesse for hoppsporten den tida, men langrenn har tatt seg mykje opp. I dag har Hallingdal mange av dei fremste langrennsløyparane i landet. 125 år var han med i prøvenemnda for montørar. — Politikk? — Nei, eg har ikkje delteke i politikk eller hatt kommunale tillitsverv. Eg var altfor oppteken av arbeidet til det. Ikkje utsett for arbeidsuhell — Har du nokon gong vore utsett for uhell i dette yrket som ofte kan vera farleg? — Nei, eg har vore svineheldig, for å seia det slik. Ein gong sprang ein oljebrytar på Svenkerud, så eg fekk spruten i andletet. Men eg har greidd å avverga eit par alvorlege tilfelle. Ein mann heldt på å få 12.000 volt gjennom seg. Eg var på stasjonen og såg på måleinstrumenta at noko gale heldt på å skje. I siste liten fekk eg slått av straumbrytaren. Det gjeld å vera varsam når ein kliv i stolpar, og handterar høgspent. No har ein fine instrument til å kontrollere om straumen står på.Påkøyrd av tyskar Ein kveld under krigen, då eg sykla heim, vart eg påkøyrd av ein tyskar med bil. Dei hadde vore ute på razzia. Eg fekk skadd eine hofta, men greidde å koma heim att med eiga hjelp. Etterpå vart eg send til Drammen sjukehus, og har mein av skaden den dag i dag. Tyskarane var svært utolsame når det var noko gale med elektrisitetsforsyninga. Ein dag fall ei buske over kraftlina på Hagaskogen. Ein tyskar kom og skreik opp om sabotasje. Vermakta måtte ha att straumen straks .. . Frå 7 til 200 transformatorar 1 1935 vart det sett på 7 transformatorar, som kvar var på 100 kilolamper (kVA). No er det ca. 200 transformatorar, kvar på mellom 300 pg 500 kVA. På større stader er det sett to transformatorar ved sida av kvarandre. Då det vart sett straum på linja hausten 1935, hadde alle fått installert vipper, frå 75 watt til opptil 200 watt. Det vart det året berre sett opp ein målar, på Hesla Hotell. Eg reiste rundt på sykkel med ein heil haug pærer. Det var ein stor dag — reine lysfesten — då den første pæra var skruvd i. Tenk å få lys berre ved å slå på brytaren! Eg brukte ein dag på å installere straum i ei hallingstove. Mange hadde kjøpt eit strykejern som tok 75 watt. Den første tida «truga» nesten el.forsyninga til å spara på straumen. Dei kunne ikkje få så mykje dei ville ha. Men etter kvart auka straumforbruket. Blant folk vart det sagt: Den som har Dokken får billeg og god installasjon. Kollossal auke Då elektrisitetsforsyninga starta var forbruket berre nokre tusen kilowatt-timar. Siste året var forbruket kome opp i 7,5 millionar kilowatt-timar (GWh). Det går mykje kraft til bedrifter, hotell/pensjonat, oppvarming av privathus og til gatelys. Og dei fleste heimar er rikeleg utstyrt med elektriske artiklar. I alt er det ca. 2.400 abonnentar. Den komm. el.forsyninga har no flytt inn i moderne bygg. I dag er det 12 fast tilsette. Det har vore ein stabil arbeidsplass med liten gjennomtreikk. Elektrisitetsforsyninga skal saman med dei andre Hallingdalskommunane gå inn i Hallingdal Kraftlag, men administasjonen blir omtrent som før. Kongens sølv Olav Dokken vart mykje heidra då han slutta i Gol komm. elforsyning etter 50 år. Høgdepunktet var Kongens fortenestemedalje i sølv og Norske Kommuners Sentralforbunds heidersmerke med diplom for lang og tru teneste. Gol kommune og El.forsyninga gav eit stort sølvfat med inskripsjonen: Takk for trufast arbeid i 50 år. Frå arbeidskameratane fekk han to lysestaker med takk for godt samarbeid. Den siste tida har Dokken vore med ein ny kontrollør ute i bygda og merka av alle målarane. Han var godt kjend med installasjonane i alle heimar. — Du er reine oppslagsboka, leksikonet, sa sjefen hans. Og mange har drege nytte av det gode minnet hans. Verkstad i kjellaren Olav overtok våningshuset etter foreldra. To gonger har han utvida og kosta på huset. Det er ein fin heim som ligg mellom Navrud og Hemsil II. Det hende at 20 volt-linja fall ut av ein eller annan grunn, ofte på nattetider. Når straumen var borte kom dei å banka på glasruta med ein stav om natta, for han hadde ikkje telefon. Det fekk han først i 1940, etter at naboen hadde fått installert telefon, så han måtte springe bort til Olav alle kveldar for å gje beskjed. Det var til stor hjelp då kommunen la inn telefon. 11951 vart han gift med Randi Treverket frå Åsgardane. Dei fekk to barn. Sonen omkom ved ei tragisk trafikkulykke for fem år sidan, berre 18 år gammal. — Det var ei tung tid, men livet måtte gå vidare. Dottera er gift med Emil Bergerud frå Sarpsborg, som arbeider for Oslo Lysverker i kraftstasjonen Hemsil II. Dei har bygt eit fint hus på eigedommen til Dokken. No kan Olav Dokken nyte sitt otium saman med kona si etter ein lang arbeidsdag. I kjellaren har han ein liten verkstad og står gjerne til teneste når nokon treng reparering av elektriske saker.

Posten kjem 29.06.1985

På biletet ovanfor ser me Peter Sundre Holshagen i postkjerra si. Biletet er teke av fotograf E. T. Braaten, før århundreskiftet. Peter var frå Sundre. Då han fekk jobben med å hente posten i Gol kjøpte han Holshagen i Hol, då posten gjekk ut derifrå. Dessutan måtta han ha for til hesten. Han var fødd i 1841 og levde til 1936. Han køyrde posten i 25 år, til han slutta i 1903. Ruta Gol-Hol køyrde han i 10 år, fyrst to gonger i veka, seinare tre. Den tida han køyrde til Ål, var det tre gonger i veka heile tida. Slik det var den tida, måtte postmannen ordne mykje for folk, ta med varer frå butikken, o.s.v. Det vart hundretals ærend, som dei gjorde gratis. Då dr. Hans Bruun kom, sa han at det å ta med seg medisin hadde han ikke lov til. Til det svara Holshagen at «Slik gjorde Rømcke, Schnitler og Moen i si tid, og eg tok ikkje eit øyre for det: «Vil du melde meg so gjerne for meg!». Han sa ikkje meir Bruun heller då. I all den tid han køyrde posten gløymde han berre ein gong eit ærend: Det var å kjøpe ein tobakksrull til Eirik Venedokken. (Holsboka.) Han vart sett stor pris på, Peter Holshagen. Ein gong då hesten hans vart sjuk, lånte bøndene i Hol han hestane sine etter tur, gratis. Då han slutta fekk han ei stor pengegåve frå både Ål og Hol. Post ville i eldre tid seie brev o.l. mellom embets-menn, og aviser. I desse dagar blir opprettinga av landpostbod markert. Det er hundre år sidan dei tre fyrste rutene gjekk ut frå Oslo. Men ordning med post kom i gang lenge før den tid. Det var kong Christian den ijerde som fekk til ei ordning med postgang mellom København og Oslo i 1624. Det var private som fekk løyve til dette. I vårt land reknar ein at postordninga kom i gang i 1647. Det var ein Nederlender, Morian, som fekk dette privilegiet i 20 år. Seinere vart det U. Chr. Gyldenløve. Då han døydde i 1719 overtok den dansk-norske stabsadministrasjonen. Den innan-rikske leiinga låg under postmeisteren i Christiania. I den fyrste tida vart postomberinga gjort av postbønder. Gratis. Desse bøndene vart fritekne for utskriving til det militære, skyssplikt og innkvartering. Dei fyrste postrutene vart og sett i gang i 1647, mellom Oslo og Bergen og Oslo og Trondheim. I 1827 fekk ein det fyrste postdampskipet frå Oslo og oppetter kysten. Då jernbanen kom, vart desse nytta. Ei forordning frå 1743 om postomberinga i Hal-lingdal kom til å stå ved makt langt ut i 1800 talet. Den gjekk m.a. ut på at dei militære embetsmenn skulle velja ut soldatar som var busett i bygda til «brevdragere», også kalla «postkarle» eller «post-bærere». Ei fast ordning med posten oppover dalen kom i gang. 1 1830 åra vart det postombering i Flå av ein som hadde verneplikt. Frå 1839 er ei reknskapsbok som syner at Ole Gulsvik køyrde post sørover Ringne-såsen for 1 mark og 16 skilling, og til Gislerud for ein liknande sum. Flaa postaapneri var oppretta i 1853, med kyrkjesongar Haavelsen som fyrste postopnar. Gulsvik fekk sitt postopneri i 1892, og Stavn i 1903. Den fyrste landpostruta var Flå—Gislerud i 1894, to gonger i veka, til det vart postopneri i Stavn. I 1842 vart det postopneri i Deveggestugu i Nes, med Ole Tandberg som postopnar, i 1846 i Gol, hjå klokkar Sjugurd Haavelsen, i 1852 i Ål då kom-munen tilsette Andres Sundre. I 1870 fekk sokne-prest Holtermann til eit førebels posthus i Hol, fyrste tida styrd av han, seinare av Sten Stensen Myro. (Øvre), og i 1904 vart det eige posthus i Ustedalen hjå Ola T. Gjeilo. For å få posten ut frå postopneria, måtte folk enten sjølv hente, eller fleire bønder slo seg saman og betalte nokon for å ta ein tur i veka. Slik var det med Knut Kalvehaga i Hol, han var den fyrste postberaren i Hovet. Han fekk 50 øre av kvar bonde og 25 øre hjå lauskarane, så han hadde rundt 40 kroner i året (Ca. 1875). Han og tok med slikt folk ville ha frå butikken. Det heitest at han skulle ikkje ta med meir enn 1 kilo til kvar. Men det hende at det vart meir, og det vart ei bør på 8-9 bismarpund. Då var det berre så vidt han skarka og gjekk. «Men so traut det ikkje på mat kring i gørdo då», skal han ha sagt. (Holsboka) Men postmengda auka. I 1880 sette den politiske striden inn for alvor, og folk tok til å halde aviser. Krav om å få posten ut i bygdene kom. I Nes gjorde kommunestyret opptaket til slike postruter i 1892, og før hundreårsskiftet vart pos-ten køyrt ut to gonger i veka i ei rute Nesbyen-Garnås, Svenkerud, Kvarteig, og Nesbyen - Toen Lie, og ei rute til Tunhovd ei gong i veka. Ved at det vart gjeve løyve av kommunestyret, etter noko strid, og etter framlegget frå Drammens postkontor, vart posthuset i Gol flutt frå Golrep-pen til Heslabrua i 1894. På same tid vart det oppretta ei berar-rute derifrå, oppover til Golrep-pen og opp til Ro-gardane. Gustav Tingwall var den fyrste postberaren. Seinare kom det fleire ruter. Den gode lokalhistorikaren Hans Flaten fortel om posten i Hemsedal: «Det fyrste liknament til post her, som folk kan minnast, var ei lita skule-taske med lås for. Denne posten gjekk berre nord til Grøte. Ungguten tente seg fri «kongstenesta» med å bera posten. Men guten kunne ogso leige for seg- soleis bar ei kone, Birgit Bjørnsdotter Hallen ofte posten. Ho døydde i 1847. 1 1842 kom det fyrste gongen køyrandes post her — «uttatte». Nils Jodokk dreiv lauva sør for Markegard. Han glytta etter posten rett som det var, heile dagen i gjennom, men posten kom ikkje før i mørkninga. Det var ei jernslegen svær kjerre med to hestar føre.» Denne ruta gjekk til Bjøberg. Torpingane ville ha betre postordning. Av sok-nekassa hadde dei finansiert ei ordning. Ola Olsen Sirerudningen fekk i 1875 t.d. 4 spesidalar for «Torpo postutagelsested». Den fyrste lokale postruta i Ål var frå Sundre til Skarsgardshagen, som kom i gang omkring 1885. Det var Ivar Skarsgardshagen som gjekk denne lange vegen, ca. 5 mil, ei gong i veka. Men som andre ordna han med å ta heim saker og ting frå Sundre. Det kunne bli tunge bører. Om vinteren brukte han kjelke og drog. Ein kuriositet er det kanskje at postverket i desse dagar har ei prøveordning på gang ved at postbilen tek med varer til postkundane etter ruta. Ein kjem attende til det gamle ... Dette mønsteret går att stort sett over heile dalen. Etterkvart vart det ein brukbar postgang. Kjerra vart avløyst av sykkel og deretter bil. Frå 1909 vart all posten teken med jernbane til stasjonane, og posten fordelt og henta der. No kjem posten med eigen bil, opp gjennom dalen. Denne ordninga kom i gang frå 1. juni, 1969. Dermed vart også denne ringen slutta. Frå Peter Sundre Holshagen med kjerra si og postskreppa bak, til notidens bil med gjennomsnitleg 25 ku-bikkmeter, eller fem tonn last.

Ordføraren i Gol på stasjonsbrua 1914. 29.08.1987

På biletet ovanfor ser me ordføraren i Gol frå 1914 til 1928, Ole Nilsen Hoftun, på veg til jernbanestajsonen med stolkjerre og fin hest. O. N. Hoftun var ein «institusjon» i bygda. Han var bonde på Hoftun (der campingplassen er) og dreiv garden mønstergyldig. Han var ein drivande arbeidskar og rakk på utruleg mykje. Det fortelst at han gjerne køyrde ei timbrevende or skogen før han reiste ut, t.d. åt banken, der han ei tid var nesten dagleg. Det var så rimeleg at ein slik mann også vart nytta mykje i bygdens styr og stell. I Golsboka står det m.a. at han var med i kommunestyret i 30 år, derav 27 år i formannskapet, og ordførar i 15 år. Han var elles med i mange kommunale tillitsyrke. Han fekk skipa Gol Brannkasse og han var med i Gol Sparebank. Han var også med i fylket, i fylkesutvalet, fylkesskattestyret og medlem av fylkesskulestyret. Han starta og opp bureisingbruket Hovland. Stasjonsbrua i Gol vart, som dei andre slike bruer i Hallingdal, bygt i samband med bergensbaneanlegget, og gjorde si teneste til i 1976 då det var bygt ny bru over til jernbanestasjonen, eit stykke ovanfor. Dette var i samband med omlegginga og utvidinga av riksvegen gjennom Gol. Det var diskutert kva ein skulle gjera med «gamlebrun». Det enda med at Torleiv A. Breie i Ål fekk i oppdrag å få ho derifrå. Den eine halvdelen vart skoren ned på staden. Dette vart gjort om vinteren, på isen, og godset enda på spikerverket. Den andre halvparten hamna i Votndalen i Ål, som bru over Votna, hjå Ola Høgset Sandelien. Brua vart frakta heil, lagt på sida på ein lastebil, med ein shovel bak. Med politieskorte vart brua køyrt oppover dalen. Det gjekk smått, men det gjekk. Etter 7-8 timar var ho framme ved den nye brustaden. Seksjonen var omlagn 20 meter lang, 5 meter brei og 6 meter høg. Å få brua vekk var ikkje problemfritt. Torleiv A. Breie måtte ofre ein tommelfinger ein dag dei dreiv med å vinsje. Kjera til brua var mønstergyldig mura av gråstein, fint samenhogd. Midtkjeret står att. Det er semje om at det og skal få stå der. Det er faktisk eit stadmerke for Gol. Torleiv A. Breie fortel at han har skiltet som var på brua. Det burde få sin plass ved elvebarden, rett over for brukjeret. Brua var konstruert av vegvesnet og laga på Eik Ruuds mekansike verksted i Christiania i 1909. I enden av brua ser me nokre gamle hus. Nærast bruenden, til høgre skimtar me i eit hus med kledning, til Kristian Lagmanndokken. Litt lenger til høgre ser me ei hallingstugu. Der dreiv «Gamledøkkjin» butikk. Det står i Golsboka at Ola Lagmanndokken hadde landhandel i 1885. Det var mange som dreiv med dette på den tid, og ofte i dei gamle hallingstugo. Det fortelst at «Gamledøkkjin» var ein «klok mann». Han trekte også tenner hjå folk når det kneip. Tannlækjarar var noko ukjent for folk i dalbygdene til opp i vårt århundre. Då riksvegen vart lagt om i 1976 vart alle dei gamle husa, me ser, rivne. Då dette biletet vart teke var det ikkje mange hus å sjå i det som no er sentrum i Gol. Frå Heslabrua og nedover til Rolvshus var det berre eit par hus, står det i Golsboka. Men det var ikkje stort fleire lenger nedover heller.

Det første kraftanlegget i Gol. 18.11.1987

Gol var tidleg ute med kraftanlegg. Me kan i dag syne til eit anleggsbilete frå 1912, då Engebreth Eidsgaard bygde eige kraftverk. Slike bilete er sjeldne. Det er helst oppstilte grupper, av einskildpersonar, eller hus og gardar. Det er Bjørn O. Eidsgaard som har sendt oss dette biletet. Engebreth Eidsgaard hadde fallrett i fossen ved Heslabrua og han hadde eit kvernbruk der. Det spurdest at det bar til å få elektrisk lys. Hotellfolka på Geilo hadde alt i 1910 bygt eit lite kraftverk nede i Usteelva. Eidsgaard var ein framsynt og drivande mann. Å gå i gang med eit slikt anlegg var i forkant av all slik røynsle på den tid. På biletet ser med det er sprengt plass for turbinrøyret og turbin. Over vart bygt eit lite hus av tømmer. Det var bisn i Gol då lyset var sett på. Det var berre parafinlamper folk hadde då, som hovudlys. Endå vart brukt talglys som folk laga sjølve. Støyping av lys var ei «onn» som gjekk for seg før jul, ei tid etter slaktinga. Talg fekk dei av dyra som vart slakta. Litt seinare bygde Ola Granheim eit lite verk i Klevafossen, til seg sjølv og dei nærmaste husa. I 1915 gjekk nokon ved Robru saman og bygde eit lite kraftverk i det gamle kvernhuset, der malinga var nedlagt. I 1919 tok flaumen heile verket. I 1919 bygde O. Slettemoen, saman med O. Narum, Knut Hesla og Per Kinneberg ein kraftstasjon i Myklefossen, like ovanfor Heslabrua. Det var Slettemoen som var drivkrafta her, og styrde med det heile. Då vart det lys og kraft til omlag 40 huslydar i området ved Heslabrua. Like nedanfor vart det og bygt ei større mølle, som har fått stade til no, om det har vore noko ordskifte om kva dette huset kan brukast til. Ola Berget bygde eit verk ved Hemsil ved Kroken som ga kraft til trevarefabrikken hans. Men det gjekk lenge før heile bygda fekk elektrisk lys og kraft. Det vart fyrst då Ål kraftverk vart stort nok til «krafteksport» (bygt i 1914). Men det var fyrst i 1935 at heile Gol (og etter kvart resten av Hallingdal) fekk elektrisk kraft. Det er meir interessant på dette biletet. I eldre tid hadde folk slite med stein ved hjelp av staurstong og brot. Med bergensbaneanlegget kom steinbrytaren, den noko tunge med fire bein. Seinare kom den lette, trebeinte typen som me ser her på biletet. Det var meir høveleg rundt om på gardane til hjelp i steinbrotet. Her kan me altso få eit prov for at denne stenbrytartypen var i bruk i 1912. Folka på biletet kjenner med ikkje, men Engebreth Eidsgaard er sjølvsagt med. I bakgrunnen ser me Eidsgaard Hotel, det fyrste hotellet i Gol, utanom det mykje eldre som var på Rolfshus. Eidsgaard bygde i 1904, og dette vart grunnlaget for ei samanhengande hotelldrift med fleire utbyggingar til Eidsgaard Turisthotell i dag, med Solveig Villand Undheim som eigar. Hotellet var opphavleg i sveitserstil med altaner på begge sider.

Ved Heslabrua i Gol 16.12.1989

Heslabrua er i frå gammalt eit kjent namn, og vart etterkvart eit viktig vegkryss i da-len og sentrum i Gol. På biletet ser me korleis brua og husa omkring var i 1915-20 åra. I eldre tid låg brua lenger ned og var ikkje til å lite på, t.d. i vårflaumen. Då kunne Hemsila fara hardt med henne, og det var eit spurbg oppover dalen om ho var fö-randes. Å koma over elva elles bar ikkje til. Frå 1 826 og åra framover vart det bygt kjerreveg gjennom dalen, og Heslabrua må ein rekne med då vart sett i bra stand. Når den nye brua vart bygt, der ho no er med dei fine mura kjera, veit me ikkje. Ho var i allehøve komen då biltrafikken tok til. Me les i Golsboka om at den fyrste bilen som køyrde hallingdalsvegen var den 7. juli i 1909. 11912 vart det gjeve løyve til ei bilrute frå Gol jernbanestasjon og over til Borlo. Under krigshandlingane i 1940 vart brua sprengt, og nytt dekke vart lagt ei tid et-ter. Riksvegen vart lagt ned mot Hallingdalsel-va under den siste større vegomlegginga gjennom dalen, men framleis er Heslabrua viktig i trafikken. Huset på nedsida, i venstre enden av brua, er butikken som Engebret B. Eids-gaard bygde i 1 892. Året før hadde Arne Halstensgaard bygt ein på nordsida. Det-te var dei fyrste nye landhandleria i Gol. Før hadde det vorte handla i kråmbuer el-ler i stover på gardar, slik det var andre stader. På Rolvshus var det ein landhandel som Peder Brun gjekk i gang med alt i 1859. Det store huset litt lenger ned er Eidsgaard Hotel, som Engebret Eidsgaard bygde 1 904. Dette var ei naturleg oppfølging av at Eidsgaard hadde overteke skyss-sta-sjonen to år før. I 1897 vart G. Tingvall landpostbodet, den fyrste i Gol,, og det vart bygt eit lite posthus. Tingvall bar posten oppover til Rogardane fire gonger i veka. Då jernbanen kom i 1 909 vart det krav om at posthuset burde bli flutt ned til stasjo-nen, ettersom posten no vart sendt med toget, og hesterutene gjennom dalen der-med måtte slutte. Men heradstyret protes-terte. Heslakrysset var so sentralt! Postop-naren då, O. G. Narum, henta posten på jernbanestasjonen. Om vinteren drog han denne på ein kjelke og om sumaren brukte han ei dragkjerre. I 1913 bygde Narum hus ved stasjonen, og dermed vart post-kontoret lagt dit. Embrik Eidsgaard var ein drivandes kar. Like etter århundreskiftet bygde han eit lite elektrisitetsverk neda Heslabrua. Det må ha vore det fyrste i dalen. Han hadde ei kvern der og i samdrift med denne bygde han verket. Det gav lys til husa hans. Folket elles i bygda måtte greie seg med parafin-lampa endå i mange år. Men i 1919 kom det ein storflaum og reiv med seg kvern-huset og dermed e.verket. På den andre sida av Hemsil var det ko-men ein holing, O. Slettemoen, også ein sers driftig og insiktsfull mann. Han fekk i 1913 med seg O. Narum, Knut Hesla og Per Kinneberg og dei bygde eit verk på 48 HK, i Myklefossen ova Heslabrua. Omlag 40 huslydar i Golreppen og rundt Heslabrua fekk dermed elektrisk lys. Dette vart drive heilt fram til då også Gol fekk kraft frå Ål i 1 936. Me ser i taket på kraft-verket, heilt til høgre på biletet. Huset står der endå, men det meste av verket er øy-delagt. Det er synd, for dette hadde vore bevaringsverdig. Omlag på same tid bygde dei og ei mo-derne mølle. Me ser og gavlveggen til høgre på biletet. Huset står enno og det har vore ein del diskusjon om kva ein skal gjera med dette no.

Hallingdal akkupert Hovudbase på Gol 19.05.1090

På Gol, som er det trafikk-messige knutepunktet i Hal-lingdal, slo tyskarane seg til i store tal. Dei tok inn på Be-dehuset, på Vonheim og elles i alt som baud seg av lokale. Fleire tusen soldatar var til tider stasjonert her. Til Gol kom også ei avdeling over fjellet frå Valdres. Raskt kom arbeidet i gang med å bygge opp ein «administra-sjonsby» i Gol. Også i dei fleste andre bygdene vart det bygd brak-ker og lagerhus og stallar. Hallingane var svært impo-nerte over dei svære hestane som tyskarane brukte. Det vart etterspurnad etter ar-beidskraft og etter byggema-teriale.

Sentrums-planen i Gol ein smertefull prosess 26.07.1990

Det er ein smertefull prosess å vokse frå bygdesen-trum til ein tettstad med bymessig preg. «Smertene» oppstår når offentlege inngrep mot eigedomsretten blir nødvendige for å ivareta felleskapet sine interesser. Målet med sentrumsplanen i Gol er kort å heve omdømet til bygda med ei generell standardheving av sentrum, og å skape eit trygt miljø for mjuke trafik-kantar. Rådmann Lornts Letnes i Gol slår fast at det tek tid å rydde opp i Gol sentrum. Det er i desse dagar tre år sidan planen for sentrum vest vart godkjent som reguleringsplan. Seinare har kommunestyret vedtatt både reguleringsplanen for Nedre Gol og eit mindre om-råde bak Bruket som no skal brukast til bustader. Enno er det berre delen lengst vest i sentrum som er ferdig opparbeidd med parkering, fortau og gatelys. I tillegg er store delar av leidningsnettet i sentrum sanert. Dette uroar rådmannen. Han understre-kar at Gol for tida har eit stor handlesoverskot, men fryktar at dette kan svinne fort. Både Ål og Nes er iferd med å rydde opp. - Folk reiser dit det er triveleg. Gol vil fort merke dette der-som me kjem ytterlegare på etterskot med sentrumspla-nen. Dette vil i sin tur gå ut-over dei 330 arbeidsplassane innan handelsnæringa, seier Letnes. 10 millionar Totalt kjem gjennomføringa til å koste mellom åtte og ti millionar kroner. Til no er det brukt noko over tre millionar. Opparbeiding av nye parke-ringsplassar blir forsert. Målet i år er bygge parkeringsplassar til 120 bilar bak Bjørnebråten-bygget og Lie Sport & Fritid. Vidare er planen å få ferdig parkering bak Gol møbel, lage eit nytt samband mellom Gamlevegen og Sentrumsve-gen, og å legge om krysset ved Viko sag nederst i sentrum vest. Kommunen skal sjølv stå for opparbeidinga av dette krysset. Alle andre oppdrag skal ut på tilbod. Når krysset ved Viko sag er ferdig, blir det innført vanleg vikeplikt i Gol sentrum. Gamlevegen blir for-køyrsveg med 50 kilometers fartsgrense. Rundkøyringa i Jamo-krysset skal etter planen byggast neste år. 109 eigedommar Omreguleringa av Gol sen-trum frå kraftstasjonen Hem-sil II og opp til Heslabrua om-fattar til saman 109 eigedom-mar. Dei private områda skal i framtida vera offentlege ve-gar, fortaug, gangvegar, parke-ringsplassar og grøntområde. Der klart at enkelte inngrep blir store. Rådmann Lornts Letnes understrekar at det viktig med ei hurtig gjennom-føring av sentrumsplanen. Med ei skikkeleg avklaring av grunnforholda, hadde det vo-re lettare å få fart på arbeidet. Men rådmannen slår fast at denne delen av arbeidet dreg ut. - 40 prosent av eigarane vil kkje friviljug gi frå seg grun-nen. Desse eigedommane må orgeignast, og me kan ikkje gjera noko før me får rett av fylkesmannen til å ta i bruk eigedommane, seier Letnes. To grunnar Han gir to grunnar til at tida går utan at det skjer så alt for mykje. - For det første er mange mi-snøgde med sjølve planen. Hovudargumentet er at regu-leringstiltaka vil hindre fram-tidig næringsverksemd på dei-ra eigedommar. Fylkesman-nen avgjer om kommunen får rett til å ta grunnen i bruk før skjønnet er rettskraftig. Det vil truleg gå tre månader in-nen avgjerda er klar. Det ei-naste me kan gjera no, er å halde fram med sanering av ledningsnettet. Skjønn Det er enno uklart kva grunn-kjøpa vil koste kommunen. Kvadratmeterprisen skal av-gjerast ved skjønn i haust. Skjønnet omfattar både dei ei-gedommane som kommunen har avtale om å ta over, og den grunnen som må oreignast. Rådmann Letnes reknar med at skjønnet skal vera unna-gjort på ei veke. Han håpar at alle partar kan akseptere dei resultata skjønnet måtte koma fram til. - Kommunen dekkar utgiftene til to advokatar for eigarpar-ten. Dersom grunneigarane ynskjer fleire advokatar, må dei betale for nummer tre og utover sjølve. Resultatet av skjønnet kan påankast, men det kan gå år innan eit over-skjønn er ferdig med si be-handling. Resultatet blir at opparbeidinga av Gol sen-trum vil dra ytterlegare ut i tid. Gatebruksplan For å få fullgod utnytting av investeringane, er det nedsett ei breitt samansett gruppe som skal samarbeid om ein gatebruksplan i Gol sentrum. Denne planen foresler materi-albruken, til kantstein, plan-ter, dekke på fortau og liknan-de. Planen er avgjerande for korleis sentrum skal sjå ut framover. Firmaet Samfunns-teknikk har utarbeidd eit noko påkosta forslag for det nedre krysset ved Viko sag, med fi-nare materialbruk enn berre asfalt og betong. - I Øvre Gol er det brukt ei minimumsløysing. I Viko-krysset skal me bruke finare materialar som skiferheller. Håpet er at grunneigarane oppover sentrum fylgjer opp på same vis. Kommunen kos-tar det meste, men forretning-seigarane må betale mellom-legget. Dermed kan me få eit heilheitleg og ryddig gatebile-te, seier Letnes.

Gamlebanken har fått ny eigar 03.12.1991

Gol kommune har selt eigedommen Solberg, populært kalla «Gamlebanken», til selskapet E.B. Eidsgaard. Kjøpet omfattar også ein 350 kvadratmeter stor lagerbygning på same tomt. E.B. Eidsgaard har dei siste 100 åra vore eit omgrep i området kring Heslabrua. Frå ein sped start med landhandel i 1892, gjekk utviklinga raskt. Kolonialhandel, hotell og sprengstoff har vore tre grunnpelar for veksten. Alt i 1898 stod Eidsgaard hotell ferdig. Snaue 30 år seinare vart landhandelen skifta ut med ei stor forretning. Denne vart på ny skifta ut for 11 år sidan. I dag eig E.B. Eidsgaard berre i Gol tettstad AKA-bygget, Eidsgaard Hotell, Veslastogo, Polgår-den og delar av Skotten-bygget. - Med kjøpet av Gamlebanken kan me seie at me fysisk tek steget over på andre sida av vegen. NRK skal halde til i lokala, som før. I tillegg flyttar eit forsikringsselskap inn. Lagerbygninga skal nyttast til kontor og lager for selskapet E.B. Eidsgaard. Dessutan flytter me sprengstoffavdelinga over der, seier Engebret Eidsgaard. E.B Eidsgaard blir no eineleverandør for Dyno Industrier i Hallingdal og store delar av Numedal. Tanken er også å bygge seg opp med sikte på Vestlandet. - Eg reknar med at sprengstoffavdelinga om kort tid vil gi eit par nye arbeidsplassar, seier Engebret Eidsgaard.

Elva gav bygda namn og næring  09.11.1995

Gangbrua over fangdam-men ved Myklefossen blir bygd for å tole ei flaurnstor Hemsil. Men gängsystemet blir stengt når elva er for stor. Kvernhus, fossekraft, handel og turisme. Det er kjelda til ein meir enn 100 år gammal tradisjon som kjem fram i dagen når Heslafossområdet i Gol blir restaurert.

Myklefossen kraftverk var i drift fram til Hemsilvassdraget vart ferdig utbygd på slutten av 50-talet. No skal det laftast opp ny fangdam, og maskinen blir fullstendig restaurert. Samtlege skisser er henta frå styringsgruppa sin presentasjonsplan. (Teikningar: Rune Urne).

Røros og Kongsberg har sine gruver Gol har Hemsil og Heslafossen. Hemsil betyr stilleflytende vatn mellom to stryk. No ynskjer enkelte krefter å skape nytt liv i elva som har gitt Gol Kommunenamnet sitt. Utan å samanlikna er det fleire likheter mellom Heslafossområdet og sølvgruvene i Kongsberg og kopargruvene i Røros. Stikkordet er næringsverkomhet som vart utvikla på grunn av naturressursar. Stikkordet er samfunnsvekst kring eit vassdrag. Vatnet ? alt 25 meter gjennom plar? Hemsila gav fossekraft til kvernhus, seinare til eit elektrisitetsverk, og ei elektrisk mølle. Vegane møttest, og ga grunnlaget for handel og etterkvart optimisme. Bygdesamfunnet vart allsidigt og sjølvstendig. Kommunen tok form, mellom anna ved bygginga av tingstugu. Men det ?poeng ved Heslafossområdet ? gjer det meir dagsaktuelt ? dei nedlagde gruvene. For?gane som bygde seg opp kr?a i "Nedre juvo" har framleis ? fotfeste i bygda. Det aktuelle området ligg rundt Heslabrua ?er eit trafikkmessig knutepunkt ? Gol har i dag eit stort mod?raftverk som utnyttar fallet i Hemsila maksimalt. Bygda har blømande handel, og eit moderne reislivstilbod, og ein aktiv offentleg sektor. Den har til og med ei mølle som er i full drift. Linene frå gamledagar går med andre ord direkte inn i moderne tid - i motsetning til det som er skjedd med gruvebyane, eller andre samfunn som veks opp kring ei næring. 12 delprosjekt Alt dette blir det mogeleg å studere i praksis på nært hald den dagen styringsgruppa for Heslafossprosjektet er komen i mål med sine planar, I april 1990 la grendautvalet for Golreppen krins, som omfattar mesteparten av Gol sentrum, fram sin «Tiltaksplan for Golreppen» som mellom anna inneheldt idear kring området Heslafossen. Sist veke presenterte styringsgruppa sine spesielle planar for området. Planane bygger for ein stor del på den eksisterande kultu-ren i området. Den omfattar alt i alt 12 ulike delar. Det står att my-kje arbeid, men det er også mykje som er unnagjort. Mest imponerande er innsatsen til Myklefossens venner. Arbeidsgjengen med kjerne i Oslo Energi arbeider med å restaurere det gamle kraftverket som faktisk er i selskapet sitt eige. Arbeida er etter planen ferdige i 1998. Det vil då ha gått nesten 40 år sidan kraftverket var i drift. Halsteinsgård landhandel (1890) omfattar i tillegg til butikken ein låve, eit lite stabbur og ei lita hallingstugu. Her er det tanken å starte ny butikkdrift, basert på tradisjonskost, kunsthandverk og annan aktivitet som bygger på det opprinnelege. Totalt vil det koste 800.000 kroner å restaurere anlegget. Den private kostanden blir på 600.000. Resten tek Fylkeskonservatoren, fylke og stat. Parkering Vest for Heslabrua, rett ovanfor landhandelen skal det byggast 19 parkeringsplassar. Dette vil koste 200.000 kroner, delvis finansiert av stat og kommune. I tillegg må det opparbeidast ein park på den noverande parkeringsplassen med nedlagt kiosk på andre sida av vegen, pluss fotgjengarundergang under Heslabrua. Kostnaden på 250.000 kroner blir fordelt på kommune og vegvesen. Vidare skal parkeringsplassen på austsida utbetrast. Det vil koste 150.000 kroner. Kommunen og Statens vegvesen betalar. Gangvegar Prosjektet omfattar ein, eller rettare sagt to, gangvegar på kvar side av elva. Gangvegen på austsida går frå brua opp til Myklefossen, og kostar 75.00Ö kroner, fordelt på fylke, stat, kommune og dugnadsinnsats. Det skal byggast ein dam i tilknyting til Myklefossen kraftverk. Over dammen (av tømmer) kjem det ei gangbru som vil bli dimensjonert for å tole flaumvassføringa i Hemsila. Dammen blir ein del av Myklefossutbygginga. Brua vil koste 175.000 kroner fordelt på dugnadsinnsats og stat og fylke. Det vil koste meir å etablere gangvegen på austsida, totalt 375.000 med opprensk og sikring. Dugnadsinnsatsen utgjér her 150.000 kroner. Ny gangveg over Heslabrua skal også innehalde eit utkikkspunkt på nordsida. Det vil koste 25.000 kroner å opparbeide dette punktet. Kommunen betalar. Myklefossen Restaureringsarbeida med Myklefossen kraftverk er som nemnt i god gjenge. Nesten heile maski-nen blir plukka frå kvarandre, og bygd opp att. Anlegget vil syne korleis ein tidleg på 1900-talet lærte å utnytte naturkreftene med moderne metodar. Planen er at kraftverket skal kunne produsere straum til demonstrasjonsbruk innan 1998. Totalt er den budsjetterte kostnaden på litt over ein million kroner. Her blir det lagt ned ein imponerande dugnads-innsats som vil få ein verdi på godt 700.000 kroner. Kvednahuset Det har vore kvednahus på austsi-da av Heslafossen sidan tidleg på 1600-talet. Fundamenta står enno. Det er sprengt ut renner i fjellet for å leie vatnet fram mot kvern-husa som hadde ein tendens til å bli tekne av flaum år om anna. Kverna skal kunne brukast, og vil totalt koste 215.000 kroner, fordelt på offentlege tilskot og sponsing. Gamle Tingstugu Styringsgruppa for Heslafossprosjektet foreslår å bygge opp at Gol gamle tingstugu mellom Gol skule og Hemsila, som ein innfallsport til området. Gruppa meiner at bygningen vil høve naturleg inn i omgjevnadene, og vera eit slags infosenter for området og for Gol. Her kan det bli galleri, enkel ser-vering, skule- og kommunemu-seum, møtelokale. Tingstuguprosjektet utgjer det største løftet for Gol kommune, to-talt 1,5 millionar kroner. Ialt vil det koste nesten tre millionar å bygge opp Gol gamle tingstugu slik styringsgruppa kan tenke seg. Heilhjarta Men reknestykka som grovt er attgjevne i denne artikkelen, kan berre gå ihop dersom dei offentle-ge styresmaktene blir med. Nokre delprosjekt vil heilt sikkert bli gjennomført. Men det står att å sjå om heile prosjektframlegget blir realisert. Det vil krevja heilhjarta innsats frå alle hald.