Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Golreppen eit bygdesenter

Frå middelalderen av og fram mot vårt hundreårskifte var Golreppen midtpunkt i bygda. Her stod den gamle stavkyrkja som i 1882 vart avløyst av dagens kyrkje. Her møttes bøndene til haust- eller vårting i tingstova frå 1860.

Og her var det marknad

Då den nye kyrkja skulle byggjast, var det nokon som meinte at den burde liggje nede i dalbotnen, men slik vart det ikkje.
Få kunne vel tenkje seg at dei steinete moane mellom det som i dag er Gol stasjon og Hesla bru, skulle bli sentrum i kommunen. Hesla bru var ikkje berre eit geografisk midtpunkt i kommunen, men også eit viktig vegknutepunkt. Difor vart det frå 1907 arbeidd for å flytte tingstova hit. Det endte med at kommunen bygde ny tingstove i nærleiken av Hesla Bru i 1913-15. Få år seinare vart Gamleheimen reist litt lengre oppe i bygda. Sparebanken fekk sitt hus i 1929.

Det nye sentrum tek form. 

Les meir om tingstova her

Kyrkje- Tingstugu, før 1911.

Tingstugu (tingstova) vart  bygd i tida 1857-1860. 30. oktober 1860 vart det første kommunestyremøte halde i tingstova. Tingstova vart ståande i Golreppen i 50 år. Etter kvart kom det ynskje å halda kommunestyremøta i banklokalet i leigde rom ved Hesla Bru. Ei nemd arbeidde med tanken, og 1911 vart tingstova teken ned og flytt til "sparebanktomta" i Gol sentrum. Der skulle den fortsatt nyttast som tingstove, men også nyttast til banklokale for Sparebanken. Då råbygget var på plass vart tomta teken attende på odel og "bygningskrotten" overteken etter takst av eigaren Lagmannsgard. Kommunen måtte i staden byggje eit helt nytt tinghus på ei tomt under Hesla på nordsida av Heslabrua.

Det gamle tinghuset vart selt og flytt til Nordstrandshøgda i Oslo som privathus. Det høyrer med til historia at "bygningskrotten" kom attende til Gol 1994, og ligg lagra på Bergasida. Les om tingstovetomta her og striden om tingstaden og ideen om å byggje eit kombihus for skule og tinghus her

Tingstugu ved Heslabrua år 1914-1915. Den nye tingstugu fungerte som kommunehus fram til 1972-73 då ein flytta inn i Lysebo. Tingstova var ikkje lenger tidsmessig. 

Historie: Flyfoto over Gol sentrum som viser lampefabrikken Lysebo i framgrunnen. Ca 1968 (Foto: Digitalt Museum/Gol bygdearkiv)

I 1971 kjøpte kommunen  lampefabrikken  Lysebo og resten av bygningskomplekset. Etter ei renoveringsperiode vart det meste av bygningen brukt til kommunehus fram til mars 1989. Då var det nye kommunehuset klart for innflytting. Lysebu vart rive i 2016.

 

 

Det nye kommunehuset på Dalabakken stod ferdig for innflytting i mars 1989.  Foto: Gol Bygdearkiv

5. og 6.mai 2003 kunne legekontoret og Helsestasjonen flytte frå Gol Helsetun til nybygg knytt saman med Kommunehuset.

13.05.2015 Sett frå Lisbetnuten