Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Skulehusa i Gol kommune

Omgangsskulen tok slutt i 1870 åra, og skulen vart fast i hus som berre var bygd til skulebruk. Ein var ved eit tidsskifte. I over 100 år hadde omgangsskulen fare frå grend til grend i bygda. Med fast skule kom nye og betre arbeids- og opplæringsmåtar.

Les kva Hallvard Svello skriv om skule- og opplæring i Gol i 1820 åra her

GOLREPPEN KRINSGolreppen 17. mai 1895

Golreppen fekk fast skule i tingstova frå 1860.Klokkar Syver Viljugrein med konfirmantar.

Lærar Berg dyrka opp ein skulehage ved Tingstova.

Tredelt undervisning frå 1886.

Frå 1890 vedteke at den eine småskuleklassa skulle ha undervisning i Hesla i leigd rom.

Nytt skulehus på Sanderborg 1911Nytt skulehus på Sanderborg 1911. På folkemunne kalla "Golreppen skule".  Bilde av skulen 1915 kan du sjå her. Skulen vart lagt ned 1960. Frå 1969 til 1989 brukte HVPU - Hallingdal dagheim bygningen. Bygget vart teke ned 1998 for å gje plass til vegutbygginga på staden. Her ser du "skalet" av bygningen, og det var usemje om etterbruken.

Gol skuleBygging av ny skule på Heslajordet byrja i 1959 og teken i bruk 1960/61. Etter kvart som grendaskulane vart lagt ned, fekk elevane skulegangen ved Gol skule. Glitrehaug skule var nokre år ei underavdeling av Gol skule. Elevane i 1. og 2. klasse gjekk der fram til og med 2015 då alle grunnskuleelevane i Gol kommune byrja på nyeskulen august 2016. SFO for Gol- og Herad skule på Glitrehaug, vart og med til nyeskulen.. 2020 vart skulen selt    Frå opninga av skulen her

Glitrehaug skoleDen gamle doktarbustaden vart Glitrehaug skole, ein barneskule for born med lærevanskar. Skulen starta opp 1964 og heitte då "Gol offentlig spesialskule" fram til 1976, då navnet vart endra til Glitrehaug skole. Skulen vart avvikla 1992.

Gol skule, (nyeskulen)Gol skule, (nyeskulen) ligg på Hallingmo og starta opp august 2016. Det er ein kombinert barne- og ungdomskule. Born frå alle skulekrinsane i Gol går her. Meir om skulen her

Gol ungdomsskuleGol ungdomsskule var ny i 1967. Etter at elevar og lærarar flytta til ny skule i 2016, stod skulen tom fram til 2019 då rehabiliteringa starta og Læringssenteret flytta inn.

Læringssenteret HallingdalTidlegare Gol Ungdomsskule vart pussa opp i 2019 og bytta namn til Læringssenteret Hallingdal.

HERAD KRINSDet første skulehuset i Herad vart teke i bruk 1877 og inkluderte elevane frå Liroten. Meir om skulen her. Du kan sjå Skulen etter ombygginga 1957 her. Ny Herad skule vart bygd 1983 og teken i bruk 1984. Elevane heldt til på Golreppen skule medan skulen vart bygd opp att etter brannen i januar 1983. Frå hausten 2019 vart Øygardane, Åsgardane og Rotneim barnehagar lagt ned og tilbodet flytta til Herad barnehage, tidlegare Herad skule.

ÅSGARDANE KRINS

Åsgardane (Åsgardo): skulehuset vart bygd i 1869. Lærer E. Bekkestad, Ål fortel i "Dølaminne" nr. 2 1925, om den tida han var lærer i Åsgardo. "Skulehuset stod den gongen på Haugen, og der budde han". Skulehuset vart flytt i 1882. 1925 fekk Gol kommune kjøpt tomt til Åsgardane skule for kr. 300 av Ola Berg. Det er den tomta skulen har i dag. Nytt skulehus vedteke bygd i 1937, men fekk det først i 1957. 

ØYGARDANE KRINS

Øygardane (Øydgardo): skulehuset bygd på Ro nær Pustekjelda i 1862.  Vedteke å flytte skulehuset til Roteigen i 1890. Nytt skulehus i 1932-1934, bygd om 1956.

ROTNEIM KRINSRotneim: skulehus vedteke bygd i 1862. I 1890 vedteke at skulehuset skulle flyttast til Vesle-Eikra. Nytt skulehus i 1924, og ombygd 1957. Skulen vart lagt ned i 1993

GRANLIA KRINS

Grønlio: skulehus vedteke bygd i 1885. Nytt skulehus 1954. Det gamle skulehuset vart flytta til bygdetunet på Skaga. Grønlio skule vart lagt ned 1963. Frå då av vart bygningen brukt som barnehage. Då barnehagen vart avvikla 1990 overtok grendelaget eigedommen.

ENGENE KRINS

Engjo: skulehus bygginga starta i 1863, det som står her i dag vart bygd 1937. Skulen vart lagt ned 1966.

GROV KRINSGrov: Stova er kjøpt frå Gol og flytt til Grov 1913. Skulen vart nedlagt 1951.

SØRBØL

Nokre år var det separat skule i Sørbøl fordi skulevegen til Grønlio var so lang.

ÅSE

Åse Krins (skulen borti "åse" Klanten, Brenn, Fanterud etc.) vart skipa i 1876, og det var omgangsskule i Brenn fram til 1879. Frå då av gjekk  borna gå på skulen i Åsgardane. Les meir om Åse krets her

 ______________________

Glitrehaug skole- og internatGlitrehaug skole for lærevanskar starta opp 1964 og heitte då "Gol offentlig spesialskule" fram til 1976 då navnet vart endra til Glitrehaug skole. Skulen vart avvikla 1992. Dette var ein barneskule for elevar med lærevanskar. Skulen hadde både internat og eksternat og var ein statleg skule. Statens spesialskoler hadde sin virksomhet frå 1825 til 1992.

HVPU - Hallingdal dagheim 1969 - 1986

Rystelia 1986 - 1990

Skuletilbod for åndsveike i Hallingdal kom i stand 1969 med tilhold i Golreppen skule. Der var dei fram til 1986. Då flytta elevane til nybygget Rystelia. HVPU reformen 1991 førte  til at Rystelia vart lagt ned 1990. Skulebyningen brukes i dag som dagsenter.

Gol arbeidssenter er eit kommunalt dagsenter for menneskjer med psykisk utviklingshemming.

________________________________

Andre utdanningsinstitusjonar

Buskerud Husflidsskule I 1954 sette eigarane av Gol Trevarefabrikk opp ein bygning attmed fabrikken som dei skulle leiga bort til Buskerud kvinnelege husflidsskule. Då såg bygningen slik ut. Husflidskulen hadde sitt første elevkull skuleåret 1956/57. Det var to klassar, ein i saum og ein i vev. Skuleåret 1962/63 fekk skulen tre klassar. Dette krevde meir plass og eigarane bygde på ei høgd. Huset stod klar til skulestart hausten 1962. Buskerud Husflidskule utvida klassetalet skuleåret 1977/78 med ein klasse. Denne gongen vart det ikkje utviding av eksisterande lokaler, men vevklassen flytta til eit leigd lokale i Samfunnshuset. Seinsommars 1980 flytta skulen frå Dalabakken til leigde lokaler i det nye LK-bygget. Frå nå av var Buskerud Husflidskule under same tak og det var rom for fleire klassar og skulen fekk tidsmessige romforhold for både elevar og personale.

Frå 1956 Buskerud kvinnelege husflidsskule, frå 1972 Buskerud husflidskule.

Husflidsskulen vart i 1994 offisielt slege saman med Gol vidaregåande skule, og skulen var igjen på flyttefot. Rombehovet vart dekka opp  ved å ta i bruk lokale i Samfunnshuset.

Hallingdal Folkehøgskule

Hallingdal folkehøgskule  (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.

Hallingdal Gymnas

Hallingdal gymnas, nå Gol vidaregåande skule (fylkeskommunal) ligg på Gol i same komplekset som Gol ungdomsskule og Gol samfunnshus. Skulen vart teken i bruk hausten 1965. Les om Hallingdal Gymnas her. Skulen har gjennomført to utvidingar. Den første i 1974/75 og den andre i 1998/99. 1975 utbygginga skuldast gymnasreforma som kravde meir romareal. 1999 utbygginga var eit resultat av at Nesbyen vidaregåande skule skulle leggjast ned og elevane måtte delast på Gol og Ål vidaregåande skular.

Hallingmoanlegget

Bildet må vera frå hausten 1993 eller våren 1994. Ein ser at det er planert og gjort klart for grunnmursarbeid på klubbhuset.

Hallingmoanlegget: Formanskapet godkjende planane i 1963. Hallingdal gymnaset starta opp i 1965. Gol ungdomskule starta opp i 1966. Biblioteket, Gol Folkeboksamling flytta frå kommunehuset (Tingstugu) til Hallingmo hausten 1966. Kari Schei var den første bibliotekaren i fellesbygget 1967. Men biblioteket vart fort for lite og alt i 1987 kunne ein ynskje golingane velkomne i nye lokale.  Hausten 1968 vart fellesbygget teke i bruk. Du kan lesa om opninga av Hallingmoanlegget 28.september 1968 her og her.

Lysløypa: Den offisielle opninga av lysløypa på Hallingmo var i februar 1970. Men alt i desember 1969 vart det første skirennet avvikla.

Skuleidrettsanlegget: Skuleidrettsanlegget som ligg aust for Samfunnshuset består av ei fotballbane og ei tennisbane. Framdrifte av utbygginga er avhengig av bevilgningar. Slik også her. Men hausten 1971 kunne  fotballbana takast i bruk. I skuletida er det skulane som har førsteretten til bana, medan idrettslaget nyttar anlegget ettermiddag og helg. Rett før snøen kom i 2018 var ein ferdig med å leggja kunstgras på fotballbana. Offisiell opning i 2019. Leverandøren har bilder

Sentralidrettsanlegget: Det har i mange år vorte lagt ned mykje arbeidt for å få til eit kommunalt sentralidrettsanlegg på Hallingmo nord for Samfunnshuset. I slutten av september i 1985 var arbeidet med kunstgras- og friidrettsbana på Hallingmo ferdig. Offisiell opning i september 1986. Anlegget har vore mykje brukt og i 2018 vart både kunstgrasbana og løpebanane rehabilitert.

Klubbhuset: Mykje av grunnarbeidet til klubbuset vart utført i 1993.  Så starta bygginga sumaren 1994. Så vart det klubbhus i 1985.  Levande dugnadsånd også i 1996.