Gamleheimen på Tuppeskogen
Omkring 1918 tok ein til å arbeide med å få reist ein gamleheim i Gol. Kommunen fekk hand om bruket Sletten på Tuppeskogen 1919 og byggjinga kom i gang. Heimen var eit storbygg i si tid og var eit stort løft for bygda.
Gamleheimen var ferdig i 1922, og vart innvigd i 1923"

Frå serien «Gamle Hallingdal» i Hallingdølen kan ein lesa dette:
Gol fekk gamleheim i 1922. Det var eit storbygg etter den tid og den største gamleheimen til då.
Hol var først ute med gamleheim. Gyrihaugen vart tatt i bruk i 1914. Så kom Nes som overtok det gamle meieriet på stasjonssida. Dette var i 1920. Ål fekk sin gamleheim på Leksvol i 1929.
Gol kommune kjøpte bruket Sletten på Tuppeskogen, og der vart det tomt for gamleheim. Bygget kosta 155.000 kroner fullt ferdig, eit kommunalt kjempeløft. I huset var det plass til 35 pensjonærar.
På biletet ser me dei gamle husa i Sletten og i tunet ein T-Ford. Truleg er dette bilen til distriktslege Andreas Bødalen, som var i Gol frå 1926 til 1937. Det var Ola Sletten som selde eigedomen til kommunen. Ola var ein mangehandug kar, han var murar, stikka vegar og dreiv med noko tå kort.
Engebret Eidsgård var formann i byggenemnda med E. Hanseplass og E.O. Slåtto som medlemmer. Bygget var teikna av arkitekt O. Stein. Han var frå Steinbråten i Gol og tok arkitektutdanning. Dei som tømra opp bygget var Ole og Ulrik Grønseth og Ole og Hans Hefte, fortel Knut Jegleim.
Vegen frå Heslasvingen forbi Sletten og vestover var bygd rundt 1905. Frå Rotneim kom vegen til sambinding i 1926.
Det var ein stor dag i Gol, då dette gilde bygget vart tatt i bruk. Første tida var det berre tre til å arbeide der. Styrarinne var Ingebjørg Stuvebakken som kokkelerte, heldt romma i stand og stelte dyra. Dei hadde både kyr og grisar. Men det var mange av pensjonærane som også hadde sine faste gjeremål.
I åra etter krigen vart kjellarhøgda modernisert, det kom tilbygg mot vest, det vart sett opp tenarbustad og det kom nye uthus.
Ingebjørg Stuvebakken styrde heimen frå opninga og til etter krigen. Då tok Gunhild Slåtto over og stod for styr og stell så lenge heimen var i bruk.
Etterkvart vart også dette bygget for lite og heldt heller ikkje mål med tidens krav. Gol helsetun vart bygd. Dei eldre fekk sin heim der og flytta dit i 1980.
H.d. 21. oktober 1982.
Les om Gamleheimen på Tuppeskogen her
Etter kvart vart Gamleheimen for liten og kommunen arbeidde ut ein plan om ny sjuke- og aldersheim i tilknytning til sjukestova på Breidok
Gol Helsetun