Slik har Gol sentrum utvikla seg frå Heslabrua og nedover Sentrumsgata....HEMSEDALSVEGEN 2, 14/29 BRUSLET vart bygd i 1890. I 1890 starta Arne Pålson Halsteinsgård frå Hol opp som kjøpmann på nordsida av Heslabrua. Dette var den første av dei nye landhandlarane i Gol. Etter Arne tok sønene Pål og Petter over drifta av krambua til Sven Ivarson Halsteinsgård i 1971 overtik Bruslet. Han var landhandlar til 1982. Sonen Stein Morten er i dag  eigar av Hemsedalsvegen 2.

HESLABRUA 2019.  Historie

VALDRESVEGEN 2, 34/8 OLSGARDHUSET vart bygd i 1923. Historie

EIDSGAARD MATSENTER FLYTTA INN I NYBYGG 1980. 18. juli 1880 var det opning av det nye forretningsbygget til E. B. Eidsgaard, Eidsgaard Matsenter. For å unngå å stoppa handelen vart varene ført over frå det gamle til det nye bygget før gamlebutikken vart riven.

SENTRUMSVEGEN 113, 22/24 BERGLAND, GOL OPTIKK vart bygd i 1939

SENTRUMVEGEN 130, EIDSGAARD HOTELL opna etter ansiktsløftet i 1984. Eidsgaard hotell har ei lang historie. Hotellet vart bygd i 1898 og er det nest eldste hotellet i Gol etter Madam Bruun på Rolvshus, som kom i drift i 1856. I 1936 var det eigeskifte. Hotellet har hatt mange andlet opp gjennom åra. Hotellet bygde motell i 1970. I 1988 vart hotellet selt, og vart etter kvart Eidsgaard- Tunet. Motellet vart rive i 2016 for å gje plass til Coop Extra.

EXTRA FLYTTER INN I NYBYGG MAI 2017. Det vart reist eit nybygg på 22/193 Sentrumsvegen 128 i 2017. Det var offisiell opning den 4.mai av bygget til Coop Extra ved Eidsgaard Hotell. Tomta er ombruk. Hotellet bygde motell på denne tomta 1970 og det var i bruk til august 2016 då det vart rive. Det er Anders Eidsgaard som er tomteeigar. Du kan sjå tomta før og etter

SENTRUMSVEGEN 109, 29/18 GAMLEBANKEN vart bygd i 1929. Bankhistorie

GAMLEVEGEN 29-35 OPNA I 1976. 29/55 Gamlevegen 29-35 vart opna i 1976.polet flytta inn i forretningsgården i 1985 vart bygget kallast Polgården. Bygget fekk ein ny etasje i 1987 og det vart  plass til både kontor og bustad.

SENTRUMSVEGEN 126, 29/23 GOL SPAREBANK vart bygd i 1960. Bankhistorie

SENTRUMSVEGEN 107, SOLSTAD HOTELL OPNA etter ombygginga i 1999. I 1920 vart Tomta kjøpt og eigedomen bygd som pensjonat for ca. 20 senger. Frå 1936 namneendring til Solstad Hotell.  I 1961 stod neste generasjon ved roret. Dei starta kafedrifta i 1965. Solstad auka overnattingskapasiteten 1976 med 20 senger ved bygging av motell, og namnet vart no Solstad Hotell og Motell. Eit påbygg i 1981 av motellet på 9 dobbeltrom auka kapasiteten ytterligare.  I 1984 var gang- og sykkelveg forbi Solstad eit aktuelt tema. Det enda med at hekken måtte rivast. Den tredje generasjon eigarar overtok i 1989. Solstad har gjennom åra gjennomgått ei rekke utbyggingar og ombyggingar. I 1994 vart det nye motellet bygd. Det store ansiktsløftet av hotellet kom ved ombygginga i 1999. Då vart utsjåanden slik du ser den i dag. Dei 15 gjesteromma i andre etasje vart no slegne saman til ein triveleg festsal med tilhøyrande kjøken og sanitæranlegg. I 2018 fekk Solstad Hotell Gol kommune sin kulturpris for den velsmakande og tradisjonsrike maten. Erik og Ingeborg driv fortsatt hotellet og motellet. Men kafeen har dei sidan 2019 leigd ut.

SENTRUMSVEGEN 105 10/21 GOL BEDEHUD vart bygd i 1927. Gol Bedehus er eigd av Gol Indremisjon. Forutan det bedehus vanligvis brukes til har bedehuset også vore nytta som skulehus. Bedehuset var gjennom ei større renovering i 1962, mykje fordi huset var for kaldt å vera i. Pipene måtte reparerast, tak og vegger isolerast, kjøkenet renoverast og husværet i 2. etasje moderniserast. I mai s.å. kunne ein ynskje velkomen til opningsfest. I 1966 vart det siste byggjesteget fullført. Det omfatta nybygg til garderobar, sanitæranlegg og opprusting av utearealet. I november s.å. vart bedehuset gjeninnvigd. I 2003 var bedehuset måla utvendig. I 2005 vart bedehuset pussa opp både ute og inne, og særlig storsalen. 3. desember s.å. var det omvisning og fest. (L).

SENTRUMSVEGEN 124, 29/62 STENSBY Sentrumsvegen 124 har vore i gatebilde sidan ca 1910.

SENTRUMSVEGEN 122, STENSGÅRD opna nybygget 17. august 1979.  Nybygget har teke plassen til låven som vart rive. Stensby (Sentrumsvegen 124) har vore i gatebilde sidan 1910 åra.  Huset står her endå men har endra noko på utsjånaden opp gjennom åra. Bilde frå mai 1959 syner framhus og låve mellom Sparebankbygget og Husfliden som er under bygging. Frå starten av har det vore både bueining og forretning i desse husa.

Sentrumsvegen 103, 26/102 Trekanten.

Sentrumsvegen 101, 26/103 Frydenlund

SENTRUMSVEGEN 120, HALLINGDAL HUSFLIDSSENTRAL VART OPNA I 1960. I november 1934 vedtok styret i fylkeslaget å starta ein husflidssentral i Hallingdal lokalisert til Gol, og at det skulle tilsetjast ein fast styrar. Frå 1936 leigde Husfliden butikklokale hjå Olsgard ved Hesla bru, samstundes som laget hadde ein salskiosk ved jernbanestasjonen i turisttida. Husflidsutsalet drei og kafedrift. I Olsgardhuset held held Husfliden til fram til seinhaustes 1960 då nybygget sto ferdig. Tomta vart kjøpt alt i 1938. Etter kvart fekk Husliden plassproblem og det vart bygd på eit vinkelbygg i 1969.

SENTRUMSVEGEN 116 OG 118 OPNA NYBYGG I MARS 1997. 20/49 Sentrumsvegen 116 og 118 opna etter ombygginga 12 mars 1997. 1  2  3  4  Kremmartunet fekk byggeskikkprisen i 1998. (H) Tomta er ombruk. Union Eiendoms-kapital AS kjøper Kremmartunet i desember 2006. (H)

SENTRUMSVEGEN 114, 26/90 BJØRNSTAD, Ragnhild Gulbrandsen flytta inn i nybygg i 1939. Ragnhild Gulbrandsen var dotter til Birgit Stensrud som dreiv manufakturforretning i Stensby  i Sentrumsvegen 124. Etter Birgit heldt Ragnhild fram med forretninga til ho byrja for seg sjølv. I 1938 leigde ho i eit års tid rom hjå Hjørdis Bråten/Botten i Sentrumsvegen 106. I 1939 flytta ho inn i eiga forretning, 26/90 Bjørnstad Sentrumsvegen 114. Bjørnstad er med åra ombygd og utvida. I 1966 vart det sett opp eit tilbygg på 280 m2. mellom Bjørnstad og Gol Bygg. Frå 1978 overtok dottera butikken og dreiv vidare i 10 år. Deretter vart butikken leigd ut til Madame, Classic Man, Det Lille Motehuset og no Ringo. Gol bakeri har vore i huset sidan 1984. Bilde frå 1959 og 1969

PERSTØLEN LIBRIS OG LIE SPORT FLYTTER INN I NYBYGG 7. JULI ÅR 2000. 26/226 Sentrumsvegen 108 og 26/81 Sentrumsvegen 110. Fredag den 7. juli 2000 kunne Ivar Lie og Ola Perstølen invitere til nyopning i nytt moderne forretningsbygg reist på fire månader. Bygget frå 1977 brann ned til grunnen 22. februar 2000.

Med "det nye Gol" i 1993 fekk sentrum ei ansiktsløft, bl.a vart det bygd eit parkområde ved sida av Skysstasjonen

SENTRUMSVEGEN 106, 25/104 BERGTUN, Hjørdis Bråten/Botten flytta inn i nybygg i 1937. Hjørdis Bråten/Botten var fotograf og flytta inn i nybygget 25/104 Bergtun i 1937, same året som ho gifta seg. Du kan lesa om den uvanlege fotograf- famelien Hjørdis kom frå her. Dottera Liv tok over Bergtun i 1979 og har mange bilde av seg som lita. Gol Bygdearkiv tek godt vare på samlinga. Ragnhild Stensgård (Gulbrandsen) var den første som leigde lokaler hjå Bråten/Botten. Då hjørdis slutta som fotograf i 1956 tok Olav Skredegård over Gol foto og rammeforretning, og var der til han opna forretning i eigne lokaler i 1962. Fabrikkutsalet leigde lokale her frå april 1965 til november 1983. I des 2008, 2009 og okt. 2010 er Vitabella leigetakar. I 2018 er Turistkontoret her.

SENTRUMSVEGEN 104, 25/146 BØYUM vart bygd i 1963. Olav Skredegård kom til Gol i 1956 og byrja som fotograf. I 1960 kjøpte han tomt og bygde si eiga forretning i 1962. De første som leigde lokaler hjå Skredegård var Li og Vult Simon i 1963. Bottolfsletten leigde der ei tid før han flytta inn i nybygg i 1971.

SENTRUMSVEGEN 93, GOL SKYSSTASJON OPNA I JUNI 1991. Gol skysstasjon vart offisielt opna 18. juni 1991. Buskerud fylkeskommune teikna aksjar for 500 000 kr. I bygget er det sett av arial til venterom m offentleg toalett, kioskdrift og rom for utleige noko som skal gje inntekt til bygget. På tomta til skysstasjonen stod bl.a Faraasen Trevarefabrikk og bustadtomta Solvang. I 1984 vart desse eigene teke over av Gol kommune, som reiv bustadhuset og trevarefabrikken og tok tomta i bruk til busshaldeplass.

SENTRUMSVEGEN 96 Skansen 25/69. Historikk

INTERSPORT FLYTTA INN I NYBYGG 2020. Intersport hadde nyopning søndag 14. juni 2020. Dei flytta frå Kremmartunet. Tomteigar av 25/95 Sentrumsvegen 94 er Wilhelm Eidsgaard. Tomta er ombruk. Du kan sjå tomta her.  Sentrumsvegen 94 var tidlegare privatbustaden til Kjell Eidsgård. Han dreiv Gol Automobilverkstad som låg rett over gata.

SENTRUMSVEGEN 91 OPNER NYBYGG 1988. 25/96 Sentrumsvegen 91 opna etter ombygginga hausten 1988. I 2003 vart  Sentrumsvegen 91 seld. Det er Bjørn E. Eidsgaard som i dag er eineeigar av eigedomen som er ombruk. Ved ombygginga 1988 vart bygget nærast vegen rive til fordel for pumpeplass. Verkstadhallen som under krigen var kinosal for tyskerane vart då ombygd til butikk og servicehall. Namnet på stasjonen har skifta fleire gonger. Norsk Brændselolje valgte namnet MIL i 20-åra. Den britiske medeigaren BP overtok seinare profileringa. I 1976 kjøpte Statoil kjeda, innlemma Hydro- og OK-stasjonane og tok namnet Norol. Først i 1991 vart Statoil-namnet teke i bruk i Norge. Frå 1. mars 2017  Circle-K

SENTRUMSVEGEN 92 Vangenstein 25/114. Historikk

SENTRUMSVEGEN 88, 25/61 FURUSETH. Historikk.   Nektar å gje seg. "Venås uendra sidan 1955" 

SENTRUMSKVARTALET TORVSTUA. Historikk

TREKANTEN I FURUVEGEN 14 VART BYGD I 1978/79. Bustaden 25/107 Furuvegen 14 vart bygd av Oddvar Gjestemoen 1978-79 men selde huset til Svein Ness i 1988. Ness starta opp som urmakar i Stakegården 1958 og held til her til han flytta til Furuvegen i april 1988. I 2003 markerte Ness at han hadde vore yrkesaktiv i 45 år

SPAREBANK 1 HALLINGDAL FLYTTA INN I NYBYGG i JUNI 2002. 25/185 Sentrumsvegen 79 Sparebank 1- bygget, vart offisielt opna 10. mai 2002. Tidlegare heldt banken til i forretningsbygget til Nisted lenger ned i sentrumsvegen og som Fokus Bank kjøpte i 1972. Tomta er ombruk. Sentrumskiosken sette opp nybygg her 1983. Tomta som vart kjøpt i 2013 sikra Sparebank 1 meir plass både ute og inne.

FURUVEGEN 9 / SENTRUMSVEGEN 82 OPNA NYBYGG 1985. 25/165 Furuvegen 9 / 25/59 Sentrumsvegen 82 vart opna i 1985 

SENTRUMSVEGEN 71 VART  BYGD 1964. 14/485 Sentrumsvegen 71, Thorstens Motell vart teke i bruk i april 1964 og bygd på 1976. Motellet ligg like bak Sentrumsvegen 69. Motellet vart 1987 kjøpt av Pers Hotell. Torbjørn Rustberggard seksjonerte bygget i 2019 til 11 einingar.

SENTRUMSVEGEN 69 VART BYGD I 1951. 14/291 Sentrumsvegen 69. Frå 1935 dreiv Eirik Hesla Gol Trevarefabrikk på denne tomta. Han hadde privathus ved sida av kafeen som i dag er eigd av Sentrumsgården Gol AS. Fabrikken vart råka av brann 25.05.1949. To år seinare, 1951 bygde Eirik opp dette forretningsbygget på tomta. Her dreiv kona Ingeborg Håvelmoen Hesla Central kafe og her starta Alfred Jordheim og Oddbjørn Viko opp si forretningsvirksomhet. Seinar har det vore både sportsbutikk bank osv. i dette bygget. Du kan sjå tomta i 1959 her Staden vart 1962 overdrege til dottera og versonen. Dei bygde til Torsteins Motell i 1964. Fokus Bank, no Sparebanken 1 kjøpte bygningen i 1972. I dag Velvet Eiendom AS.

Bak Torsteins ligg SENTRUMSVEGEN 77 SOM VART OPNA 1981. 14/420, Sentrumsvegen 77 har tilkomst frå Gymnasvegen og vart offisielt opna 3. juli 1981. Målet med bygget var å tilby fleire senger for utlån. Det var Pers Hotell og Thorstens Motell som stod for utbygginga. Pers Hotell vart eineeigar av bygget 1987. Sentrumsgården Gol AS kjøpte appartementshotellet i 2013 som er gjort om til leilighetsbygg med 42 seksjonar. Tomta er frådelt 14/109

SENTRUMSVEGEN 72 KOM I DRIFT I 1964. Sentrumsvegen 72, Pers Hotell vart innvia onsdag 9. juli 1964. Tomta er ombruk. Per Herbrand Rustberggaard bygde først opp skifabrikk her, som han dreiv til omkr. 1950. Då vart fabrikken bygd om til ungdomsherberge. I privatbbustaden frå 1946, vart det heimebakeri og kafé. Pers Hotell vart bygd i 1963/64. Særmerkt og vellykka arkitektur skreiv Hallingdølen. Seinare er Pers Hotell utvida fleire gonger. Meir  I 2019 såg det slik ut: 1,2,3. Les om Turistferdsla her

SENTRUMSVEGEN 67 VART OPNA I 1964. Fredag den 14. februar 1964 kunne Alfred Jordheim og Oddbjørn Viko ynskje kundane velkomne i nye lokale i Sentrumsvegen 67. Tomta ligg like ved sida av forretningsbygget dei flytta frå.

SENTRUMSVEGEN 65 OPNA I 1993. 14/88 Sentrumsvegen 65 Torggården opna dørene 8. juli 1993. Gol TV -Elektro og Classic Man var på plass opningsdagen. Medan Gol Apotek flytta hit i september same år.

SENTRUMSVEGEN 68 VART OPNA I 1971. 14/277 Sentrumsvegen 68 vart bygd av Odd Bottolfsletten 1971. Bygget var då i tre etasjar og hadde flatt tak. Bottolfsletten selde bygningen til Forretningsgården A.S i 1987. Hallingdal Gull og Solv A/S flytta då hit frå Hallingsenteret. Bygget vart påbygd i høgda 1991 og vart slik bilete viser. Hallingdal Brannkasse og Ål sparebank kjøpte forretningsgården i 1995. Magnus Narum AS overtok eigedomen i 2001.

EUROPRIS FLYTTER INN I NYBYGG 2014. Europris opna utsal i LK-senteret i oktober 1996. August 2002 flytta dei til Hallingsenteret og var der til dei flytta inn i eige nybygg.  4. september 2014 var den offisielle opninga. Tomta er ombruk. Du kan sjå tomta her

SENTRUMSVEGEN 63 VART BYGD 1947. 1946 fekk Svein Treverket delt frå tomta 10/42, Sentrumsvegen 63 (Hamre). Svein var salmakar og starta Gol Møbel i desember 1960 og leia forretninga til 1974 då sonen Owe tok over. Han dreiv verksemda til 1988 då han selde bygget til Stølen Eiendom. Då Svein kjøpte 10/42 stod det ei tyskerbrakke på tomta som han tok i bruk og vidareutvikla. 1972 vart butikklokala fornya og i 1981 vart butikkarealet utvida med eit større tilbygg.

SENTRUMSVEGEN 61 VART BYGD 1947. Ivar Olaussen fekk delt frå 10/40 Sentrumsvegen 61 (Skogmo) 1946. Han var gift med Jenny Ødegaard og begge dreiv frisørsalong i bygget fram til 1983. Dei hadde husvære i 2. etasje.Hårek ved Norhaug og Midtskog overtok frisørsalongane i 1983. Ivar døydde i juni 1984 og Jenny juni 1999. Leif og Maiken kjøpte huset av arvingane i oktober 1999. Ivar Olaussen starta frisørsalong i Botten/Bråten gården (Gol foto) 1940. Ivar støtta trutt opp om Gol IL. Huset er teikna av arkitekten Eindride Slaatto.

BRANNKASSEBYGGET OPNA MAI 1977. 1. mai 1977 flytta dei første leigetakarane inn i Hallingdal Brannkasse sitt nybygg i Gol, men først 21. mai vart bygget offisielt innvigd  i samband med årsmøtet til selskspet. Snart flytta Arbeidstilsynet, eit revisorfirma og frisørar inn i bygget. Med åra har Gjensidige sjølv teke i bruk større del av golvplassen, men fortsatt er det fleire leigetakarar der.

Sentrumsvegen 59 flytta inn i nybygg i 1976. 10/25 Sentrumsvegen 59 "Lybekktomta" opna i november 1976. Dei første som flytta inn var Hallingdal Brannkasse, Klesbua og Lekestua. Underholdning vart det og. Det er det ombygde Lybekkhuset som nå er teke i bruk. Bygget framom Lybekkhuset vart ferdig 1982. Her er Lybekkhuset integrert i bygningsmassen.

Rundkjøringen vart offisielt opna den 03.11.2017.

SENTRUMSVEGEN 57, DOKTORKONTOR/BUSTAD fråskild Nordre Breidokk 12.11.1953

SENTRUMSVEGEN 56, BREIDOKKMOEN 9/32. Historie

Vi køyrer gjennom rundkøyringa og inn på Gamlevegen

LENSMANNSKONTORET FLYTTE INN I LENSMANNSGARDEN  JANUAR 2001. Gol lensmannskontor flytta frå Gol kommunehus til 10/286 Sentrumsvegen 58, Lensmannsgarden den 19. januar 2001. Der har dei fått dei kriminaltekniske romma som var etterlengta. Dessutan har dei fått to arrestar, garasjeanlegg m.a. Bygget har også plass til andre leigetakarar. Tomteeigar er Stølen Eiendom AS. Tomta var ubebygd.

INNFLYTTING I NYTT KOMMUNEHUS I MARS 1989. 14/502 Gamlevegen 4 Gol Kommunehus var innflyttingsklar i mars 1989. Ein flytta frå nabobygningen Lysebo

REMA 100 FLYTTA INN I DALABAKKEN AS I NOVEMBER 2001, ELKJØP FLYTTA INN I 2009. 14/96 Dalevegen 4 er eit forretningsbyggkombinert med husvære på toppen som vart bygd i 2001. Rema 100 flytta inn i 1. etasje og hadde opningsdag 8. november 2001. Rema 100 kjøpte Lidl sitt forretningsbygg 2008 og nyopna forretninga der 11. september 2008. Lokala Rema 100 hadde i Dalavegen 4 vart no leigd bort til Elkjøpsom tidlegare hadde tilhald i Kremmartunet. Elkjøp hadde opningsdag 15. oktober 2009. Oktober 2020 flytta Elkjøp inn i nybygg på Storeøyna. Tomteeigar er Dalabakken AS. Tomta er ombruk. Du kan sjå tomta til bygget her

DBC FLYTTA INN I NYBYGG I JANUAR 1977. Gamlevegen 6A og 6B Dalheimsgården A/S (DBC) vart offisielt opna i januar 1977. Tomta er ombruk.

PERS HYTTEPARK TRINN 1 FERDIG TIL SESONGSTART 1969. 14/18 Pershyttene / Pers hyttepark. 10 hytter a 4 senger + sanitæranlegg sto ferdig til sesongstart (juli) 1969. Hytteparken vart ferdig utbygd 1975

OPNA BRU OVER EIGEDOMEN JUPEDALEN I 1987. I 1987 vart det bygd bruovergang over eigedomen Jupedalen. Tanken var å flytta gjennomgangstrafikken frå Sentrumsvegen til Gamlevegen. Motsatt retning her Du kan sjå korleis det såg ut først i 60 åra

Køyrer vi vidare på Gamlevegen kjem ein til Gol slakteri (Gilde) men vi svingar inn Furevegen

LK-BYGGET VART TEKE I BRUK HAUSTEN 1981. Det var Ole K. Karlsen som bygde 25/210 LK-senteret i Furuvegen 6. Aktuell flytta inn på gateplan i juli 1980 og Buskerud Husflidsskule i 2. etasje og hems til skulestart hausten 1980. Kommunen som mangla tilfluktsrom i midtre sentrum fekk til ein avtale med Karlsen. Tomta utgjer Zion og Venåstomta.

HALLINGSENTERET OPNA I DESEMBER 1976. Nesbyen bygde det første kjøpesenteret i Hallingdal, men det var Hallingsenteret (Jamo på folkemunne, Jan Erik Mortensen) som kom med den første rulletrappa. Arbeidet med kjøpesenteret tok til i juli 1976, 90 dagar før opninga  Norske Stålbygg var hovudentreprinør. Senteret sitt varemerke var eit mangfald varer under same tak. Der var daglegvarer, gullsmed, møbeler Rodio/tv, kvitevarer, leikar, klær, sportsutstyr, postkontor og Kafe. Hyppig annonsering og spesielle tiltak skulle "freiste" kundar til Hallingsenteret. Torsdag 2. desember 1976 kom dei første handlande

"NOEN KOMMER OG NOEN GÅR"

Hallingsenteret var starten på ei utvikling innan daglegvarehandelen som ein kan like eller mislike.  På 1960-talet var det heile 20 daglegvareforretningar i Gol. MEN KVA SKJEDDE eigentleg? Kvifor vart etter kvart så nær som alle landhandlane og dei små kolonialforretningane lagde ned? Forklaringane er fleire. Ei forklaring er framveksten av kjøpesentera og kjedene som kom på 70-talet. Meir om dette her

Men korleis gjekk det med Hallingsenteret. Dei to første åra var relativt stabile. Etter kvart trekte nokre seg ut og nye kom inn. Men då  posten flytta til leigde lokaler på Glitre 2013 og Jysk flytta til eige nybygg på Glitre 2014 vart heile 2. etasjen i Hallingsenteret tom. Og då Europris fekk tomt  i sentrum og vart nabo med Lensmannsgarden 2017 kom konkursen. Men det ser noko betre ut i dag. Miføyka as kjøpte i oktober 2019 2. etasje for å starta opp treningssenter der. Og den 25. januar 2020 kunne dei ynskje kundane velkomne. Elles er det blitt noko aktivitet i 1. etasje 2020. Advikatfirma Elden og Hallingmegleren er blandt dei som har kontorlokaler der.