Hus til sals på Indre Hafslo. 

Gnr. 98 bnr. 13, Tørvisvegen 70  6873 Marifjøra 4644 Luster kommune.

Vi, Ingrid og Ingolf Joranger, er komne i åttiåra og erfarer at hytta på Tørvi blir mindre brukt. Vi ønsker difor å selge Tørvisvegen 70. Tomten er på 1 mål og eigedommen har 147 bu og 22 sekundærareal. Den er fri for konsesjon og buplikt. Vegen forbi Brubakken er kommunal og er vinterbrøyta. Er dette noko for deg kan du ta kontakt via post@joranger.net eller telefon 99604578.

Vi har kalla huset for Brubakken fordi den ligg nær brua over Tverrelvi på Tørvi og det er ein liten bakke opp hit. Tørvisvegen 70 vart bygd i 1980/81 med standard som bustadhus, men dette har vore hytta vår i 40 år. Hovudetasjen har vindfang, gang, stove, kjøkken, bad og 2 soverom, til saman 72,2 m2., pluss stor overbygd veranda på 20,8 m2. Underetasjen har gang, stove med opplegg til kjøken, 2 soverom, bad, matbod og garasje, til saman 54 m2 buareal og 22 m2 sekundærareal. Det er dusj berre på badet i underetasjen. Alle romma oppe har trepanel i tak og vegger og grangolv. Nede er det panel på vegger i alle rom unntatt badet som har malte plater på vegger og himling. I soverom og stove er det malte plater i himling. Gang og trappeoppgang har også panel i himling. I stova oppe er det open himling og flat himling i dei andre romma. Panelen er ubehandla.

Frå Brubakken ser vi Joranger øvre og deler av Joranger nedre med Joranger kyrkje. Ein ser noko av Sviggaplassane og Lustrafjorden og ein kan sitja på den overbygde verandaen å føgje med på trafikken ved varden på Molden. På vegen innover til Joranger ser me og Feigefossen.