Gol sentrum år 2000 og åra etter.

Gol endrar seg over tid. Men det er så fort å gløyme når dei einskilde bygga vart til og korleis landskapet såg ut før endringa vart gjort.

PERSTØLEN LIBRIS OG LIE SPORT FLYTTER INN I NYBYGG 7. JULI ÅR 2000. 26/226 Sentrumsvegen 108 og 26/81 Sentrumsvegen 110. Fredag den 7. juli 2000 kunne Ivar Lie og Ola Perstølen invitere til nyopning i nytt moderne forretningsbygg reist på fire månader. Bygget frå 1977 brann ned til grunnen 22. februar 2000(B).

LENSMANNSKONTORET FLYTTE INN I LENSMANNSGARDEN  JANUAR 2001. Gol lensmannskontor flytta frå Gol kommunehus til 10/286 Sentrumsvegen 58, Lensmannsgarden den 19. januar 2001. Der har dei fått dei kriminaltekniske romma som var etterlengta. Dessutan har dei fått to arrestar, garasjeanlegg m.a. Bygget har også plass til andre leigetakarar. Tomteeigar er Stølen Eiendom AS. Tomta var ubebygd(B). Eigedomen fekk eit garasjetilbygg i 2022/23(B).

REMA 100 FLYTTA INN I DALABAKKEN AS I NOVEMBER 2001, ELKJØP FLYTTA INN I 2009. 14/96 Dalevegen 4 er eit forretningsbygg kombinert med husvære på toppen som vart bygd i 2001. Rema 100 flytta inn i 1. etasje og hadde opningsdag 8. november 2001. Rema 100 kjøpte Lidl sitt forretningsbygg 2008 og nyopna forretninga der 11. september 2008. Lokala Rema 100 hadde i Dalavegen 4 vart no leigd bort til Elkjøp som tidlegare hadde tilhald i Kremmartunet. Elkjøp hadde opningsdag 15. oktober 2009. Oktober 2020 flytta Elkjøp inn i nybygg på Storeøyna. Tomteeigar er Dalabakken AS. Tomta er ombruk(L)(B). Du kan sjå tomta til bygget her(B).

SPAREBANK 1 HALLINGDAL FLYTTA INN I NYBYGG i JUNI 2002. 25/185 Sentrumsvegen 79 Sparebank 1- bygget, vart offisielt opna 10. mai 2002. Tidlegare heldt banken til i forretningsbygget til Nisted lenger ned i sentrumsvegen og som Fokus Bank kjøpte i 1972. Tomta er ombruk(B). Sentrumskiosken sette opp nybygg her 1983. Tomta som vart kjøpt i 2013 sikra Sparebank 1 meir plass både ute og inne(B).

Desember 2023: Banken planlegg tilbygg på Gol med byggjestart hausten 2024. Det er til saman 212 tilsette i konsernet i dag, og 64 av dei jobbar i Gol. I dag sit dei tilsette på to ulike stader, men no ynsker dei å lokalisere dette til éin plass (B).

LIDL FLYTTER INN I NYBYGG 2005. 8. desember 2005 opna Lidl butikk i nye lokale i Sentrumsvegen 35. Lidl kjøpte tomta, eit ubebygd område ved meieriet(B). Men Lidl vart ikkje her så lenge. I juni 2007 avvikla dei drifta.

I 2008 tok Rema 1000 over butikklokala til Lidl.

EUROPRIS FLYTTER INN I NYBYGG 2014. Europris opna utsal i LK-senteret i oktober 1996. August 2002 flytta dei til Hallingsenteret og var der til dei flytta inn i eige nybygg.  4. september 2014 var den offisielle opninga. Tomta er ombruk. Du kan sjå tomta her(B).

GOL FEKK NY BARNE-OG UNGDOMSKULE TIL SKULESTART 2016. Gol skule, (nyeskulen) ligg på Hallingmo og starta opp august 2016. Det er ein kombinert barne- og ungdomskule. Born frå alle skulekrinsane i Gol går her.

Det var Veidekke som bygde Gol nye skole i tidsrommet septemver 2014 til juni 1916. Bilde frå oppføringa kan du sjå her(B). Fleire bilde av skulen kan du sjå her(B).

EXTRA FLYTTER INN I NYBYGG MAI 2017. Det vart reist eit nybygg på 22/193 Sentrumsvegen 128 i 2017. Det var offisiell opning den 4.mai av bygget til Coop Extra ved Eidsgaard Hotell. Tomta er ombruk(B). Hotellet bygde motell på denne tomta 1970 og det var i bruk til august 2016 då det vart rive. Det er Anders Eidsgaard som er tomteeigar. Du kan sjå tomta før og etter(B)(B).

GOL FEKK NY FLEIRBRUKSHALL TIL SKULESTART 2017. Grunnarbeidet starta i august 2016. Taket var tett til jul. 14 borehol på 300 meters skal gje energieffektiv varme til anlegget. Det er også lagt opp til kjøleanlegg, slik at hallen kan nyttast på varme sommardagar. Alt vart klart til skulestart 2017.

GOL FEKK 15 NYE SENTRUMSLEILIGHETER 2018. Torleif Kinneberg har bygd 15 leiligheter på Furuheimtomta under navnet Sentrumskvartalet Furuheim. Bebuarane frytta inn til jul 2018. Tomta er ombruk(B). Du kan sjå tomta her(B) 

Bilde: Mikkel V. Jørgenssen

1. august 2018 fekk Gol pumptrack

GOL FEKK PUMPETRACK 2018 OG SKATEPARK 2020. Hausten 2019 fekk Gol skatepark like ved Læringssenteret Hallingdal..

Tidlegare Gol Ungdomsskule har fått vaksne elevar. Meir om Hallingdal karrieresenter her(B). Meir om Opus Hallingdal her(B).

GOL GAMLE UNGDOMSKULE VART LÆRINGSSENTER 2020. Læringssenteret Hallingdal gir tilbod om kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal. Vi har også eksamensretta grunnskuleopplæring for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning. 

INTERSPORT FLYTTA INN I NYBYGG 2020. Intersport hadde nyopning søndag 14. juni 2020. Dei flytta frå Kremmartunet. Eigedomen  25/95 Sentrumsvegen 94 er eigd av Wilhelm Eidsgaard. Tomta er ombruk(B).

. Du kan sjå Torvstovetomta her

SENTRUMSKVARTALET TORVSTUA TILBYR 22 NYE SENTRUMSLEILIGHETER I 2021. Nybygget til venstre beslaglegg deler av Torvstove-tomta(B) og nybygget til høgre deler av Furuheimtomta. Du kan sjå korleis Sentrumskvartalet Torvstua vil bli sjåandes ut her(B).

Og slik vart det. Dei første starta innflyttinga 6. juni, men fekk ikkje overnatta før den 15.

SENTRUM PARK Gymnasvegen 14. bygger 20 selveierleiligheter fra 41-116 m², alle med balkong eller terrasse og gode solforhold på Haugum- tomta(B)Tomta er ombruk(B)(B). Du kan sjå korleis Sentrum Park vil blir sjåandes ut her(B).

Når ein skriv januar 2023 er Sentrmsvegen 71 og 75 rive og ein ser ei stor tomt under utgraving(B). 23. april ser det slik ut(B) Det er tomta til "Atrium 73", eit nytt leiligheitsbygg i Gol sentrum. Bustaden til venstre var privaten(B) til Engebret Håvelmoen og Anna Rustberggard, og bustaden til høgre var privaten(B) til Eirik Hesla og Ingeborg Håvelmoen. Dei bygde sentrumsvegen 69 i 1951(B).

Atrium 73 borettslag vil bli eit fem etasjers bygg med butikkar og kafé på gateplan og leiligheiter i dei øvrige etasjane. Til saman vil borettslaget ha 27 leiligheiter. Du kan velgja mellom 2-, 3- og 4-romsleiligheiter(B).

 Stenset, Sentrumsvegen 76 vart rive i 2010. Historikk(B). Eigedomen vart selt i 2010. I 2012 var det planar om å byggje eit nytt forretningsbygg på eigedome, men planana vart skrinlagde(B).

7. februar 2023 kan ein lesa i Hallingdølen at det no er utarbeidd nye planar for sentrumsvegen 76. Grunneigarar og eigedomsutviklarar i Gol har funne saman. Dei har store planar for kvartalet ovanfor Pers Hotell. På sikt kjem 70–80 leilegheiter og lokale til mindre nisjebutikkar.Gol Sentrumsutvikling AS satsar stort med utbygging av eit heilt kvartal i Sentrumsvegen og Furuvegen(B). I første byggetrinn vil dei reise 28 leilegheiter. Totalt sett er det snakk om mellom 70 og 80. I hallingdølen den 9. mai 2023 kan ein lesa at TK Holdig har kjøpt Gol Sentrumsutvikling A/S. Kva planar Torleif Kinneberg har for området veit ein ikkje. Vent og sjå, seier han.

Den nye Smedvegen i Gol sentrum skal stå klar i løpet av 2023. Anna Huseby skriv i Hallingdølen av 13.04.2023 at Smedvegen skal stå klar i løpet av 2023. Ho skriv at Smedvegen i Gol vil både avlaste trafikken på Sentrumsvegen, og opne eit nytt kvartal for utvikling i Gol sentrum. Traseen går parallelt med Sentrumsvegen frå baksida av Gol bakeri og Kiwi, og ned til Furuvegen ved Spar.

I tillegg blir det mogeleg å køyre inn på Smedvegen direkte frå Gamlevegen via Eidsvallvegen(B). Smedvegen skal også få fortau så ein trygt kan ferdast til fots. "Skomakergata(L)(B)". Frå Furuvegen(B) vil den nye vegen gå mellem Gol Vaskeri(L) og smeden Sørbel(L). Det fine med den nye planen er at ein kan koma seg inn i sentrum utan å bruke Sentrumsvegen eller Furuvegen, og at det "bortgøymde" området kan utviklast og bli meir synleg (B).

Sentrum før år 2000

Gol` nedre / Herad` øvre sentrum.

Utviklinga på Storøyne

Kva gamle bilder fortel om utviklinga.