Gol Sparebank

Det første forsøket på å skipe ein sparebank for Gol og Hemsedal herad vart gjort i 1860. Gol og Hemsedal var då ein kommune.

Nes Sparebank som var grunnlagt 1843, var godt innarbeidd og hadde kundar i heile dalen.

Her ser du Gol Sparebank sitt pengeskåp frå 1871 til 1876.

2. januar 1871 byrja Gol og Hemsedal Sparebank si verksemd i huset til kasserer Østen T. Roe på Roe. Banken vart ein fellesbank for Gol og Hemsedal frå 1871 til 1906. Hemsedal vart eigen kommune i 1897 og fekk sin eigen Sparebank i 1906.

1907 flytta Gol Sparebank til Heslabrua til leigde lokale hjå E. Eidsgard og vart der til den flytta inn i det nye kommunehuset 1915.

I 1929 flytta Gol Sparebank inn i bankbygning, den såkalla "Gamlebanken"

Meir om Gol Sparebanken her og her                   Les om saneringssvindel i 1947

"Gamlebanken" vart etter kvart for liten, og ny bygning vart reist 1960.

GOL SPAREBANK SIN FILIAL VED STASJONSBRUA VART OPNA I FEBRUAR 1968

Banken hadde frå før ein filial på stasjonsida som vart oppretta i 1962 i leigde lokaler. Tomta til 9/121 Sentrumsvegen 12, er skild frå 9/40 samvirkelagstomta. Filialen vart offisielt opna den 29. februar 1968.

I 1978 pussa banken opp bankfilialen og utvida den med den delen av bygget som før var bortleigd. Bankfilialen vart lagt ned i 1995 og seld i 1996 . Haugstad Holding AS er no eigar av eigedomen.

Dei siste 40 åra har det vore mange fusjonar og endringar i banken.

Den 1.mai 1972 vart Gol sparebank del av Drammen Sparebank, i 1978 Sparebanken Buskerud, i 1997 Sparebanken Nor og i 2012 DNB.

Banken fekk minibank i mars 1979, og vart digitalisert i 1998.  12. juni 2015 var det gravøl i Gol Sparebank. Alle dei tilsatte har fått valet om å halda fram i DNB eller ta imot sluttpakke. Bygningen vart delt inn i 5 seksjonar og selt, 3 til bustadformål og 2 til næing.

Skue Sparebank opna bank i lokala til DNB 1. september 2016.