Gol`s nedre / Herad´s øvre sentrum

Gol endrar seg over tid. Men det er så fort å gløyme når dei einskilde bygga vart til og korleis landskapet såg ut før endringa vart gjort.

NY STASJONSBRU OG NY RIKSVEG VART TEKE I BRUK I 1976 

Den nye stasjonsbrua opna 15. august 1976 og avløyste gamlebrua frå 1909. Arbeidet med brua starta opp i oktober 1975. For å få bygd ferdig den nye riksvegtraseen langsmed Hallingdalselva, måtte ein først fjerna den gamle stasjonsbrua. Slik såg det ut seinhasten 1976. Bygningsrådet har ordet

GOL SPAREBANK SIN FILIAL VED STASJONSBRUA VART OPNA I FEBRUAR 1968

9/121 Sentrumsvegen 12, er ei tomt som er skild frå 9/40 Samvirkelagstomta. Gol Sparebank kjøpte tomta for å bygge bankfilial der. Filialen vart offisielt opna 29. februar 1968. Banken flytta frå filialen på stasjonsida som vart oppretta i 1962 i leigde lokaler hjå Johan Gulliksen 5/169. 1978 vart lokala pussa opp og utvida med den delen som Skogselskapet før leigde. Og så vart det fleire minibankar i Gol i 1986. Filialen vart lagt ned i 1995 og seld i 1996 . Haugstad Holding AS er no eigar av bygget.

GOL BAKERI VART BYGD I 1968

9/39 Sentrumsvegen 11. Tomta er ombruk. 21. oktober 1968 opna Egil Gjengedal Gol Bakeri & Konditori. Han bygde om bustadhuset og suplerte med eit tilbygg på omlag 500m2. Her kan du sjå noko av bebyggelsen i Nedre Gol i 1973. Bedrifta gjekk godt og det vart fort trongt i lokala. 1982 starta planane for eit tilbygg i høgda. Onsdag den 21.11.1984 vart golingane yngst velkomne til peisvarme og dempa musikk. Gjengedal har i mange år hatt filial i øvre sentrum. Utsjånaden av bakeriet endra seg gradvid, i 1992  såg det slik ut. I 1987 fekk Gol Bakeri og Konditori as til ein avtale med Storla`s bakeri om ein overtagelse av hans eigedom og tilhøyrande bygningar. Produksjonen vart lagt ned og bygningane rivi i 1992 til fordel for parkeringsplassar. I 2002 kjøpte dei Eggum Bakeri i Fagernes og Gol Bakeri vart einerådande i kundedistriktet Hallingdal og Valdres av bakeri av ein viss storleik. frå 2006 starta dei Valdres Bakeri AS på Fagernes. Dette bakeriet vart drifta av Gol Bakeri AS frem til 2011 då produksjonen vart flytt til Gol. Då Egil Gjengedal døydde i 2001 var Ragnhild (kona) fortsatt aktiv i bedrifta. Etter kvart vart ho meir og meir Valdresing. 1 2015 vart bedrifta igjen utvida med ca 900 m2. Same året kjøpte Gol Bakeri naboeigedomen i aust, W. Eidsgaard og byningane vart rivi til fordel for fleire parkeringsplassar.

HERMUND RUST DREIV GOL ELEKTRISKE OG BYGDE NY FORRETNING I 1968

9/45 Sentrumsvegen 25. Rolfstad. Tomta er ombruk: H. Edv. Berg byrja omkring 1896 med telefonsentral i krambua si. Det var denne bua Gol Samvirkeforening leigde i 1920 for å starta opp i. Og dei vart her i 9 år. Arvingane etter Berg selde i 1930 Rolfstad til Tyrkje Bakken. Tykje bygde og budde i Rolfstun. I 1964 vart Rolfstad overdrege til systerson sin, Hermund Rust f 1918 frå Gampebakken. Hermund Rust overtok i 1951 Gol Elektriske  av svogeren Steingrim Berg som flytta til Gjøvik, og den dreiv han ved sida av stillinga si som bankkasserar i Gol Sparebank fram til 1968. Då utvida Hermund forretninga med 140 m2. Sidan dreiv han forretninga på fulltid fram til mai 1998 då det var opphevingsal. I 2004 flytta Odd Ivar Sjong inn i lokala til tidlegare Gol Elektridke med bilrekvisita.  9/45 vart seld i 2005. Hermund Rust døydde i 2010. Hermund Rust hadde mange tillitsverv opp gjennom åra. Han har vore formann i Gol IL, formann i Gol høgre, Varaordførar, styreformann mm.

KORNSILOEN TIL FELLESKJØPET KOM I DRIFT 1965 OG VART RIVE I 2012

Felleskjøpet henvendte seg til bondelaga i Hallingdal i 1963 med tilbod om å bygge ein kornsilo. Felleskjøpet sin kornsilo på Gol tok i mot det første kornet den 24. september 1965. Dei mange bekkekvernene og møllene i Hallingdal vart ikkje lenger liv laga. Åra går og det er mange gode, middels og vanskelege kornår. Samfunnet/vilkåra  endrar seg og det vart etter kvart færre kornbønder i Hallingdal. Eit tiår ut på 2000 talet gjekk tonnasjen jamt ned. Dei tre siste åra siloen var i drift var det raude tal i reknskapen. I 2012 var det berre att ein kornprodusent i Gol, åtte i Nes og ellve i Flå. Kornsiloen og resten av bygningskomplekset vart rive på ettersumaren 2012. Kornprodusentane måtte no levera kornet sitt i Modum eller i Drammen.

HESLA BOKHANDEL FLYTTA INN I NYBYGG I 1963

9/111 Sentrumsvegen 33 vart skild frå 9/5 i desember 1962 for å huse eit advokatkontor og Hesla Bokhandel. Hesla Bokhandel flytta frå gamlebutikken ved Stasjonsbrua og inn i dette nybygget i 1963. Her dreiv dei bokhandelen sjølve fram til 1966. Deretter leigde dei ut A. Hesla bok og papir til Ola Perstølen. Perstølen som brukte namnet A. Hesla Bokhandel vart i bygget fram til 1977. Då flytta han inn i nybygg som han bygde saman med Lie Sport i Sentrumsvegen 108. Sentrumsvegen 33 har heretter husa både hage og landbruksutstyr, frukt/grønsaker, strikkeklede o.a. og til sist Dessertland.

NØRSTAD (POSTHUSET) VART BYGD I 1962

5/170 Eiklesvegen 36 Nørstad, vart skild frå 5/66 i 1962 og selt til Olav Slaato. Olav vart no postopnar og posthuset vart flytt frå nabohuset Fagerlund og hit. Posthuset var her til det vart flytt til Jamobygget 9. januar 1977. Nørstad vart selt 1980 då Olav og Klara flytta til det nye bustadhuset i Rolvshus. OSLO LYSVERKER (E-CO) BYGGER HEMSIL II

Utanfor Hemsil 2 kraftverk ligg E-CO Energis administrasjonsbygg i Hallingdal. Her ligg også kraftsentralen som fjernstyrer alle E-COs anlegg. Også andre selskaps anlegg styres frå denne eine sentralen. Dei to aggregata i Hemsil 2 er utstyrt med Francis- turbiner. Aggregata vart oppgradert frå 41 til 49 MW i 2005/2006. Hemsil 2 utnyttar fallet i Hemsilas nedre del frå Eikrebekkdammen til Gol. Kraftverket ligg i fjellet i Gol sentrum. Hemsil 2 er det største av dei fire kraftverka som høyrer til Hemsilkraftverkene. Utbyggingen i Hemsedal var den andre av dei tre store kraftutbyggingane i Hallingdal. Hemsil 2 utbygginga starte opp i 1957, den første turbina kom i drift 1959 og den andre i 1960. Det meste av eigedomen til Nils Lagmanndokken ved Velta vart selt til Oslo Lysverker for å gje plass til administrasjonsbygget og leigebustadene ovafor Lagmanndokk tunet. Også Bergstad som Per Brøto eigde vart selt i 1957. Det første administrasjonsbygget vart oppført i 1961-62. Og slik såg det ut i 1966. Det 2. byggesteget av administrasjonsbygningen starta opp i 1985. (Då var den nye stasjonsbrua bygd (1976) og riksvegen var lagt ned mot Hallingdalselva og avlasta trafikken gjennom sentrum i Gol (1977)) Og slik ser det ut i dag

W. E. EIDSGAARD OPNAR BUTIKK I FJELLBERG I 1959

9/27 OG 9/37 Sentrumsvegen 9. Fjellberg. Tomta er ombruk. Eigarar er Wilhelm Engebretson Eidsgaard f 1917 g 1950 m Gudrun Torleivsdtr. Løstegård f 1923. Dei bygde nytt hus på tomta 1951. Det er sagt at det her for første gong i Gol var brukt maskinellt utstyr ved opparbeiding av tomta. 9. mars 1959 opna ekteparet forretning i sko, konfenksjon og manufaktur under namnet W. E. Eidsgaard. Her kan du sjå haustens mote i 1961. Dei utvida butikken i 1963. Du kan sjå bilde frå "strøket" i 1973. Dei feira 20- års jubileum i 1979, og la ned forretninga i 1987. Då var Wilhelm forlengst pensjonist. Hallingdal Lyssenter tok over lokala 14. september s.å. Dei kom frå utsalslokalet til Faråsen. I 1999 vart Hallingdal Lyssenter oppløyst. Forretningslokala i Fjellberg vart fylt på ny i år 2000. Skinnfellmaker´n flytta inn. 2011 selde Wilhelm Fjellberg. 2015 kjøpte Gjengedal eigedomen og bygningen vart rive til fordel for parkeringsplassar. Og no ser tomta slik ut.

HANDELSSTANDEN I NEDRE GOL PYNTA TIL JUL I 1958

Det er tydeleg at det var Nedre Gol som var handelssentrum i Gol på 50 talet. I 1960 vart nye opningstider kunngjorde i avisa Hallingdølen men ein ser at ikkje alle forretningane står på lista.

9/76 BJØRKELI VART BYGD I 1925 MEN TILBYGGET ER FRÅ I 1954

9/76 Sentrumsvegen 30 Bjørkeli. Tomta vart skild frå 9/3 Ola K Viko i 1925 og er delvis ombruk og gjenbruk. Gudrun Søndreli kjøpte Bjørkeli av Inga Haukedalen i 1946. Gudrun vart gift med Erling Bratland. Erling dreiv Manufakturforretning og Gudrun var Damefrisør. Dei bygde til eit bygg i 1954 som vart  Manufakturforretningen. Gudrun hadde frisørsalong i den eldre delen av bygningen. I 1977 har Gudrun fått hjelp i frisørsalongen. Hafslo Skinnproduksjon flytter inn i Erling sine lokaler i 1982 og Jorunn Slåtta er fortsatt frisør i Gudruns frisørsalong. I 1988 flyttar det inn ny brukar i Erlings lokaler. Erling døydde i 1993, og Gudrun i 2010

GOL MEIERI VART BYGD I 1954

10/53 Sentrumsvegen 39, Gol Meieri vart bygd i 1953/54, same året som Gol Sjukestugu vart reist. Tomta er skild frå 10/1. Men det har vore meieri i Gol tidlegare, for alt i 1937 var Gol gamle meieri i drift. Du kan lesa om meieriet her og her.  Frå starten av har meieridrifta vore turbulent A/L Gol smørmeieri vart  lagt ned i sept. 1993 og seld i 1974. Det er Alm Eiendom as Nesbyen som eig 10/53 i dag.GOL SAG OG HØVLERI A/L VART STIFTA 1950, KROKEN PÅ DØRA I 2003

9/96 (skild frå 9/1 Søre Nøreim) Eiklesvegen 86 Gol Sag og Høvel A/L. Nils Hoftun f 1893 d 1969 dreiv sagbruk på Svenkerud i mange år. Han hadde og sag på Spelemoen i fleire år saman med P.P. Hagen. Nils var med å stifta Gol Sag og Høvel A/L som han også var dagleg leiar for. Først frå 1950 til og med 1956 på Spelemoen og så året 1957 på Søre Nørheimsjordet, der det nye sagbruket vart bygd. Dei prøvde å få tomt på Velteplassen på Hagaskogen, men fekk avslag. 1952 var eit godt driftsår for saga på Spelemoen. Effektivitet fører gjerne med seg visse ulemper. Slik var det også her. Eit fortrinn ved å leggje sagbrket til Søre Nørheimsjordet var å få eige jernbanespor inn på tomta. Bedrifta prøvde seg som ferdighusprodusent i 1971. I 1975 vart det slutt med skurtømmer. Tømmeret frå Hallingdal vart i staden frakta til Soknabruket. Det kom planar om utbygging i 1976. Det vart nytt høvleri i 1978 og dei kjøpte nytt høvelutstyr i 1987.  NSB stengde jernbanesporet inn til tomta i 1989 og framtida til Gol Trelast vart vurdert i 1998.

Gol Sag og Høvel A/L kom tidleg i annan hender. I 1974 tok Norske Skog over bedrifta under namnet Norske Skog Gol Trelast. I 1999 fusjonerte Forestia (seld av Norske Skog) og  Moelven og namnet vart Moelven Gol. Moelven set kroken på døra i oktober 2003. Dei tilsatte seier nei til å overta. I 2004 kjøpte Magnus Narum attende den 40 dekar store tomta som tente industrien i rundt 50 år. Narum nyttar tomta til avfallsmotak.

9/68 SØRLI VART BYGD I 1946

9/68 Sentrumsvegen 26 Sørli. Tomta er skild frå 9/3 Ola K Viko i 1946. Same året kjøpte Arvid 9/52 Haukeli av Inga Haukedalen. Arvid bygde opp Sørli og dreiv kjøtforetning og kafeteria. Arvid hadde tidlegare leigd lokaler av 9/59 for å dreve kjøtforretning der. Attåt dette dreiv han med pelsdyr og travhestar. Arvid eigde også Sørbøl og Klanten. Bilde frå RV.7 her

ASLE HESLA FLYTTA INN I NYBYGG 1939, ASBJØRN RESET DREIV LANDHANDEL HER FRAM TIL 2001

5/145 Eiklesvegen 40 Hjørnet, var bygd ei tida før 1918. Asle Hesla d.e. dreiv Hesla Hotell og krambu i Hjørnet. Han tok til med krambu oppe i Hesla (Doktorgården) i 1907. Så flytta han ned til stasjonsbrua og bygde opp ei timrastugu på same tomta som dette bygget står i dag og dreiv krambu her. Timrastugu vart etter kvart for lita og rive til fordel for eit forretningsbygg i to etasjer før 1920. Bygget hadde då valmtak. Då sonen Asle Hesla d.y. tok over i 1939 starta han bokhandel i eine delen av huset og heldt fram med krambu/kolonialforetning i den andre. Seinare leigde han kolonialen bort til Asbjørn Rese, og i andre høgda leigde han bort lokale til Per Rimeslåtten som dreiv tannlegepraksis. Asle dreiv bokhandelen her fram til 1963 då han flytta inn i nybygg ved Rolvshus og selde Hjørnet til Asbjørn Rese og Per Rimeslåtten.

Marianne Rese Brenn: Asbjørn Rese begynte i butikken til Hesla i 1939 som diskenspringer (ref Asbjørn). Hesla dreiv då hotellet, bokhandel og kolonial. Asbjørn overtok butikken i 1949 og dreiv den heilt fram til 2001. Då fylte Asbjørn 80 år! Gudrun Rese jobba i butikken i 27 år. Tannlege Rimeslåtten hadde praksis i 2. etasje, men flytta ned i 1. etasje då bokhandelen flytta!

9/60 HOVDEHUSET VART BYGD I 1939

9/60 Sentrumsvegen 17. Aasheim. I 1938 vart tomta skild frå 9/42 søre Rolvshus og overdrege til Karsten Hovde som bygde huset og flytta inn i 1939. Første etasje vart leigd ut til televerket der dei hadde telefonsentralen, medan famelien Hovde budde i 2. høgda. Her vart telefonsentralen verande til dei flytta inn i nybygg på nabotomta i 1971. Televerket kjøpte Aasheim i 1953 og Hovdefamelien flytta til nytt hus på Dalabakken i 1954. Televerket sin nye eigedom i Sentrumsvegen 21 vart bygd for å kunne møta den nye tida innan telekommunikasjon, sentraliseringa. Alt på nyåret 1979 vart Gulsvik sentralisert. Same året vart dei andre sentalane i Hallingdal etter tur lagt ned. Dei fleste måtte slutte medan eit fåtal fekk jobb på rekningssentralen, reparasjonsaverkstaden m.m. på Gol.

9/59 BERGFLØTT VART BYGD 1937

9/59 Sentrumsvegen 19 Bergfløtt. Tomta vart skild frå 9/42 søre Rolvshus 1937 og bygd opp av Birgit Sletten. Ho leigde bort første etasje til til Arvid Søndreli som dreiv kjøtforetning her. I 1946 selde Birgit Bergfløtt til Th. Bergo som overdrog staden i 1952 til Bjarne Runderheim. Famelien Runderheim kom til Gol 1948 og starta fiskeforretning og fiskebilrute. Roald Juul begynte hjå Runderheim i 1955 for å køyra fiskebilen. I 1979 overtok Roald Juul fiskebilforretninga til Runderheim, og dreiv fiskeruta til september 2004. Ole Mosand overtok nå fikeruta. Bjarne Runderheim døydde i 1988. I 2020 er det Hermann Runderheim som eig og bur i Bergfløtt.

DET FØRSTE MEIERIET PÅ GOL VART BYGD PÅ DENNE TOMTA I 1936/1937

9/51 sentrumsvegen 22 skild frå 9/3. Tomta var ei gåve frå Ola K Viko til det nye meieriet i Gol i 1936. 4. mars stod meieriet klart til å ta i mot fløyte. Men meieriet vart fort for lite og den 15. november 1954 opna det nye meieriet dørane i Sentrumsvegen 39. 1956 kjøpte Felleskjøpet gamlemeieriet for å driva maskinavdelinga si der. Felleskjøpet sette opp eit nybygg like bak meieribygningen som vart offisielt opna i november 1962. Her heldt dei til fram til nybygget på Glitre stod ferdig i 1985.  Brukar av Sentrumsvegen 22 i dag er Blikkhuset Dei starta opp her i 1990, bygde ut og kjøpte 9/51 1 1992.

BAKER STORLA BYGDE FURULUND I 1937

9/53 og 54 Sentrumsvegen. I 1937 selde Ola K Viko Furulund til Sander Storla. Same året selde Endre Viko Furulund ll også til Sander Storla. Sander byrja som baker i Olsgardhuset ved Heslabrune i 1929. Han bygde bakeri og forretningslokale på tomta Furulund i 1937. I tillegg til utsal av bakervarer hadde han også kafeteria. Her dreiv han sjølv fram til 1958. Då leigde han bort bakeriet til Egil Gjengedal under namnet S. Storlas Eftf. E. Gjengedal. Egil dreiv her fram til oktober 1968 då han starta eige bakeri på naboeigedomen. Ola Juven og Konrad Fauske leigde nå bakeriet og dreiv der i mange år. Juven tok seg av bakeriet og Fauske stod for utkøyringa og butikken. Dei starta opp i eit modernisert bakeri. Annonser i Hallingdølen var fast på fars- og morsdager. I 1969 søkte dei kommunen om løyve til å opprette ei bakervarerute til Hemsedal. I 1977 er Per Terje Jakobsen baker hos Storla og kona får løyve til å drive kafeen. Per Terje melder bedrifta konkurs i desember 1982. Frå nå av er firmanamnet Hallingdal Bakeri. I 1990 kjøper Gol Bakeri & konditori Furulund. Og i 1992 vart byningane rivi. Mai 1989 døyr Sander Storla.

TH. BERGO STARTE EIGEN FORRETNING I 1937

9/50 Sentrumsvegen 24, Elvebakke. Thorleif Bergo kom til Gol i 1936 som styrar av kjøtforretninga ved samvirkelaget. 1937 starta han og kona Gunhild eigen kolonial og manufakturforretning. Gunhild som tidlegare hadde frisørsalong i Ål, tok imot kundar i forretninga på Gol. Ho var den første i dalen som hadde godkjend utdanning som frisør. Seinare vart det manufakturen ho konsentrerte seg mest om. Gunhild sydde gardiner fram til år 2001. 2008 feira Gunhild 100 år. Ho døydde 24. oktober 2011. I 1951 fekk forretninga eit tilbygg for å betra plassbehovet for kolonialen. I april 1973 tok Laila og Jan E. Mortensen over Th. Bergo Eftf. Dei vart ikkje så lenge, for i 1976 starta Jan Jamo. Då tok Vesla Golberg over og dreiv saman med foreldra. Firma feira 40 år som tippekommisjonær i 1989.  I 1990 døydde Torleif Bergo. I 2007, etter 71 år avvikla Th. Bergo. Vesla Golberg som dreiv butikken frå 1976 ville ikkje meir. Same året tok Randi-Helene Molnes over lokala med firma "Kreative Hjørne". I november 2011 vart 9/50 Elvebakke selt. Vesla Golberg døydde i 2019

9/44 VIKO AUTO VART BYGD I 1930

9/44 Sentrumsvegen 18 Viko Auto. Tomta er skild frå 9/3 Ola K Viko i 1930 og gjeven til broren Kolbjørn Viko f 1907. Kolbjørn bygde opp Viko Auto. Han dreiv bilverkstad og bensinutsal. Viko Auto vart i 1956 overdrege til Solveig. Ho overdrog verkstaden til sonen Hans Kåre Viko i 1956. Fjordgløtt 9/55 Sentrumsvegen 20 som er bustaden vart overdrege til Solveig i 1938. Det er Hans Erik Viko som eig Fjordgløtt i dag.

Flyfoto frå i 1936, sansynligvis i forbindelse med Hallingdal Varemesse.

stasjonssiden ser vi nederst huset til Jens Søndreli (1), Hesla hotell (2), butikken til Asbjørn Rese (3) og Gol poståpneri (4). På vegsida nederst til høyre Husene til Nils Lagmannsdokken (5), så huset til Einar Dokken (7), og mot avkjøringen til jernbanen husene til Kristian Dokken (8). På andre siden av vegen først huset som Frelsesarmeen holdt til (6). Videre oppover på samme side huset til Olaf Dokken (9) (Dokken 9/38: Per Olav Bergerud, Steinroa 9/208: Emil og Kari Bergerud), Navrud (10), og Fekene (13). På andre siden Rustegarden (11) 9/17 og 9/101: Erling Hoftun. I hallingstua (12) bodde Endre Eiklid med sin familie. Her vokste Olamann og Bjarne Eiklid opp før dei overtok Midtre Eikle . Videre på samme side Gol Samvirkelag (14), Gol hotell (15). På andre siden av veien huset til Thorleif Løstegård (16), Viko Auto (17), Endre Viko (18), Tykje Bakken (19) og huset som samvirkelaget og telefonsentralen var i (20). Opp til høyre, huset til vegoppsynsmann Corneliussen (22), videre Rolvshus (23) og gården til Per Breidokk (24). Øverst i bildet Kinneberg Breidokk (25). Øverst til venstre Viko gård (26), og ovenfor denne bygningene til Hallingdal Varemesse (27).

GOL SAMVIRKELAG FLYTTA INN I TIDSMESSIG FORRETNINGSGARD 1929

9/40 Sentrumsvegen 10, Alfheim. I Gol vart det stifta samvirkeforening i mars 1920. Under planlegginga av nybygg vart det strid om bygget skulle vera oppe ved Heslabrua eller her ved Stasjonsbrua. Samvirkelaget kjøpte tomt av Birgit Rust (Broheim) i 1927. I mars 1929 flytta laget inn i eit tidsmessig forretningsbygg ved Stasjonsbrua. Her heldt samvirkeleget til fram til mars 1997 då dei flytta inn i Kremmartunet. I mellomtida hadde laget vore tilknytt Hallingdal S-lag og frå januar i 1997 Ringerike S-lag. A O Haug var styrar første året. Deretter Svein Kittelsland, Trond Fekene, Sverre Hamborg, Erling Eknes, Ragnar Horge (1966-1995) og til sist Kitil Myrvollen. Kitil vart med på lasset til Kremmartunet. Han har 26 års fartstid som handelsbetjent og var styrar frå 1995-1997. Svein Kittilsland dreiv samvirkelaget sin bensinstasjon etter at han slutta på Samvirkelaget.

GOL HOTELL VART OPNA 1924

9/29 sentrumavegen 10, Rostad/ Gol Hotell. 1923 gav Kolbjørn Viko skøyte på Rostad til Tolleiv Ro f 1886 d 1948. Same året fekk han skøyte på ein parsell, austre Rostad av Birgit Rust (Broheim). 1923-24 bygde han opp Gol Hotell og dreiv både kafeen og hotellet sidan. Tolleiv bygde også uthus og hadde husdyr. Attåt hotellet dreiv Tollev SHELLstasjonen og han var kommisjonær for Norske Shell i Hallingdal as.  Hotellet fekk centralvarme og vatn på romma i 1938. Tolleiv overdrog verksemda til borna Trygve, Olav, Leiv og Ambjørg f 1921 d 1940 g m Guttorm Narum. Ambjørg dreiv hotellet og Guttorm og Trygve bensinstasjonen fram til 1969. I tillegg dreiv Guttorm Gol Rutebilselskap. Olav var eigar av ein staseleg hotellvarebil. Gol Hotell vart i 1969 selt saman med tomta til bensinstasjonen til Norske Shell AS. Same året vart Gol Hotell rive og bensinstasjonen utvida. Deler av eigedomen Rostad gjekk med til veggrunn då den nye stasjonsbrua vart bygd og opna i 1976.

FURULI, GOL VERKTØY OG SPORTSFORETNING VART BYGD 1922

9/31 Furuli, Sentrumsvegen 3. (Gol Verktøy og Sportsforretning). Omkr. 1922 selde Ola K Viko tomta Furuli til Olav L Sandåker og det vart sett opp ei stugu frå Storøyne her, som Olav visstnok gjorde ferdig. Olav gjorde kjellaren om til foretningslokale som han frå 1934 leigde bort til Engebret Syversbråten frå Nes. Han starta den første sportsforretningen i Gol. Han hadde også sykkelverkstad og frå 1938 hadde han eigen reperatør, Kristian Bergo.  Engebret lanserte sykkelen "Golingen" dei kjøpte deler frå Maskinhuset i Stavanger, og delene vart montert på Gol. 1942 overdrog Olav Sandåker Furuli til Engebret Syversbråten. Engebret selde Furuli til Trond Fekene og flytta sjølv til Hemsedal der han starta Hemsedal Sportsforretning. Trond Fekene hadde før vore styrar for Samvirkelaget på Gol. Trond selde stugu til Kristian Bergo og bygde nytt husvære over Sportsforretninga ca 1962. I 1974 overdrog han Furuli til sonen Nils Anders f 1948. Trond døydde 2. februar 1992. Nils Anders har mange som diggar seg

NAVRUD BYGDE ØSTLI I 1920

9/25 Sentrumavegen 1, Østli. Kolbjørn Olson Viko selde Østli til Georg Olson Navrud i 1920. Georg kom til Gol frå Reinli som skreddar og starta forretning i 1915. I 1920 bygde han Østli som gjekk under namnet "Navrud Manufaktur og Skreddarforretning" I 1956 overdrog Georg Østli til sonen Odd 1916-1991. Han var og skreddar og heldt fram med skreddarvirke og forretninga til 1986, då fylte han 70 år og vart pensjonist. Kona Åsta var oså å finne i forretninga fram til ho døydde i 1976. Kari Leikvold var skreddarlærling hjå Odd Navrud. Då kronprins Harald skulle få sydd seg bunad på Gol, fekk han beskjed om å stille seg i kø som alle andre. Navrud Maufaktur overtok "Tussi" i januar 1992. I juni 1992 var dei å finne i lokale vis  a vis Pers Hotell. "Nortun" flyttar i april 1994 inn i tidlegare Navrud Manufakturforretning. Skreddarverkstaden til Odd Navrud vart i 1996 gjenskapt på Hallingdal folkemuseum. 23.04.2001 vart 9/25 overført frå Nils Navrud til Alm Eiendom as. 20.07.2001 vart 9/25 seksjon 1(bolig) overført frå Alm Eiendom as til Gerd Marie Garnås. 26.07.2001 vart 9/25 seksjon 2 (næring) overført frå Alm Eiendom as til Hallingdal Trykk as. 28.03.2019 vart 9/25 seksjon 2 overført frå Hallingdal Trykk as til Hansen Holding As. I mars 2006 til febr. 2007 er Ullvira as og møbeltapetserer Yvonne Flage leigetakarar i 9/25. Bilde frå 1958 og 1967.

HESLA HOTELL VART BYGD 1910

5/63 Eiklesvegen 46 Elvely, er delt frå nørdre Nøreim i 1910. Her bygde Asle Hesla d.e. opp Hesla Hotell  Asle og kona dreiv hotellet og Hjørnet (krambua) I 1955 selde Asle d y  hotellet til Rolf Hansen frå Oslo. Han selde Elvely i 1963 til Borghild Persanbråten. Ho og Knut dreiv hotellet til 1983. Då selde dei hotellet til Storefjell Høyfjellshotell som bruker det til husvære for betjeningen.

GOL STASJON VART OFFISIELT OPNA I 1909

4000/3 Eiklesvegen 39 Gol Stasjon, vart offisielt opna i 1907 då Bergensbana vart teke i bruk på strekninga Bergen - Gulsvik. Då jernbanelina var bygd ferdig fram til Drammen vart  det offisiell opningen av Bergensbana den 27. november 1909. Fleire bilder her og her Bergensbana vart elektrisifisert i 1961

FAGERLUND VART BYGD I 1895

5/66 Eiklesvegen ? Fagerlund vart skild frå nørdre Nøreim og bygd i ca. 1895. Ola Narum frå Slaatto g. m. Guro Hoftun overtok som postopnar etter faren og held fram til han gjekk av ved aldersgrensa i 1948. Då han kring 1917 overtok Fagerlund vart posthuset (postopneriet) flytt frå Heslabrua og hit. Ca 1963 vart posthuset flytt til nabohuset Nørstad og held til der til det flytta til Jamobygget i januar 1977. Der heldt posten til fram til 2013 då det vart post i butikk. Meir om Fagerlund her

GOL FEKK SITT FØRSTE HOTELL 1856

I 1856 kjøpte landhandlar Peder Bruun eit jordstykke 9/5 (delt frå 9/4 Rolvshus) av Elling og Ola Rolvshus. Her bygde Peder Bruun både krambu og hotell. Madam Bruun stod for drifta til 1877. I 1880 kjøpte landhandler H. Edv. Berg hotellet og dreiv til 1913. Sidan vart Rolvshus drivi av famelien Hyggen til 1942. To år seinare kjøpte advokat Asle A. Hesla eigedomen, og Rolvshus var ikkje lenger i turismens tjeneste. På Rolvshus fekk dei ord på seg for å føre eit godt mathus. Du kan lesa om Peder og fru Bruun her

NØREIMSVELDET

Nøreimsveldet omfattar heile Nøreim med Viko og strekkjer seg frå Eikleseign og til det gamle dele mellom Herad og Gol (Mjelhøvd, Kvernhushaugen, Hahaug og Lisbetnøbbe). I 1634 var det strid om Viko høyrde til Nøreim eller Krona. (Krongods er en jordeiendom som tilhører kongemakten (kronen)) Det var Ole Knutson Garnås som møtte i retten for Mikkel Asak, Skedsmo, som var fullmektig over  kanikkgodset (canonigods) til Oslo Kapital. Meir om kanikk og kapitalgods her. Les om kyrkjegodset i Hallingdal her. Les om kongegodset i Hallingdal (gyrvoldgodset) her. Du kan lesa om det lokalkyrkjelege godset her.

9/1 Søre Nøreim ligg på vestsida av Hallingdalselva og grensar til Eikle i sør (øst) og Nørdre Nøreim ved Gol jernbanestasjon i nor (vest). I Vestlia eig bruket eit skogsområde opp til Nøreimstølen og vidare opp til grensa med Nesbyen kommune. På Søråsen er det fleire skogteigar. 9/22 Sørheim vart i 1918 seld til Jens Arneson Søndreli. 9/96 Tomta til Gol Sag og Høvel A/L vart utskild frå Søre Nøreim i 1957 men kjøpt attende i 2004. 9/24 Fredheim er eit lite bruk som er skild frå Søre Nøreim i 1919. 9/2 Endefjellstølen vart selt til Hagen i 1843. 

5/12 Nørdre Nøreim ligg i hellinga i Vestlii, like bak Gol Jernbanestasjon. Husa 2015, og 2020

Bustadtomter utskilt frå Nørdre Nøreim: 5/63 Hesla Hotell, 5/145 Hjørnet, 5/66 Fagerlund, 5/170 Nørstad, 5/169 Elvestad, 5/97 Rud og 5/79 Nordheim.

9/3 Viko ligg på austsida av Hallingdalselva, ovafor Nøreim og er opprudd i utmarka til Nøreim omkr. 1600. Du kan lesa om Viko her. Bustadtomter utskilt frå Viko i nedre Gol (øvre Herad): S. 801 - 823. 9/4 Rolvshus var bygselbruk til Nørheim/Viko omlag år 1700: s. 823. Bustadtomter utskilt frå Rolvshus: s. 827.  9/9 Petterbråten s. 660 var husm.pl. til Viko, og 9/20 Tronderud/Løvlia var bygselbruk (leigebruk) til Viko. I 1916 vart 9/20 Tronderud/Løvlia skyldelt frå Viko s. 667.